Gå til innhold
  • Bli medlem

belebotn

Aktiv medlem
  • Innlegg

    27
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av belebotn

  1. Ull og vind/vanntett, utval mat på hyttene heilt ok hvis ein ikkje er "godt-eten". Variert terreng og ei flott rute. Dagsetappane blir ikkje lange over så lang tid. Eit lite tips kan vere å låne nokre bøker om Vidda, utbyttet er mykje større då. God tur!
  2. Har sjølv opplevd det samme. Eg tok bindingane med til butikken og la fram problemet. Blei ikkje trudd til å begynne med, men fekk betjeninga til å sette nye sko oppi, pluss at me prøvde fleire bindingar. Det tok ikkje lang tid før dei såg at noko var gale med mine bindingar. Åpningen i "kjeften" var større enn normalt. Antakeligvis fabrikasjonsfeil, Rottefella vart kontakta og eg gjekk ut med nye bindingar. Etter byttet vart det plutseleg moro å gå på skia igjen. Ta utstyret med til forretningen og prøv det same som eg gjorde. Lukke til!
  3. Hei. Har sjølv opplevd det samme. Eg tok bindingane med til butikken og la fram problemet. Blei ikkje trudd til å begynne med, men fekk betjeninga til å sette nye sko oppi, pluss at me prøvde fleire bindingar. Det tok ikkje lang tid før dei såg at noko var gale med mine bindingar. Åpningen i "kjeften" var større enn normalt. Antakeligvis fabrikasjonsfeil, Rottefella vart kontakta og eg gjekk ut med nye bindingar. Etter byttet vart det plutseleg moro å gå på skia igjen. Ta utstyret med til forretningen og prøv det same som eg gjorde. Lukke til!
  4. Heisann og til lukke med ny gps. Det beste er å finne ut korleis den virkar med tanke på kva den eigentleg skal brukast til. Sjølv tar eg ut koordinatane i MGRS (Militært Grad System ??). Då får du færre tal å holde styr på. Dette er nemlig viktig å kunne den dagen du ryk ut for lite sikt t.d. og treng å vite kor du er. Med koordinatane ser du med ein gong din lokasjon på papirkartet, gps-skjermen er i minste laget med tanke på oversikt og planlegging. Ein annan viktig ting å kunne er Backtracking, vil du attende er det enkelt å fylgje sporet. Dei forskjellige karta har detaljar og funksjonar som største forskjell, t.d. treng ein 3D visning og andre sekundære ting??? Eg personleg meiner at slikt er "kjekt å ha", då kan ein vurdere ut frå det om det er naudsynt å betala ekstra for slikt. Alt dette andre dei har lagt inn kjem i andre rekke (og snaut nok det...). Gps er eit hjelpemiddel, kunnskapen om korleis den fungerer må komme i fyrste rekke. Dette er mine tankar om gps, andre kan nok supplera med deira råd og erfaringar.
  5. Vanleg helsetrøye innerst mot kroppen, så tynn ulltrøye utenpå: både luft og varme... Har kjøpt Brynje Arctic trøye m/glidelås i halsen på Wenaas i Haugesund, betalte ca 400,- Så vidt eg forsto var dette ikkje nedsett pris. Billegaste eg fant på nett var tett oppunder 800,-
  6. Husk å destruer brusflaskene etter slik bruk, ikkje særlig moro å få dei inn i næringsmiddelindustrien igjen. Plast tar til seg og lagrar drivstoffet, desse må då sjølvsagt ikkje drikkast av igjen!
  7. Trur det kan vere greit å sette seg litt inn i kva Nyhetsspeilet eigentlig er før ein ukritisk godtar allslags merkelige utsagn frå den kanten. Eg har kikka igjennom noko av det som står på sidene deira, og det fyrste som slo meg var at desse folka har ein humor som ligg litt på sida av det vanlege. Etter særs kort tid gjekk det opp for meg at det nok ikkje var så enkelt. Dei trur faktisk på dette meiningslause vaset! (Anten det eller så vart eg eg lurt...) Eg synes litt synd i dei som bit på for full musikk og nektar å la kritiske tankar ta plass i hovudet. Bøker av alle slag har eg lese opp gjennom åra, men eg vil aldri la ferdigpakka tankegods ta kontroll. Om ein blir oppslukt av religion eller konspirasjonsteoriar vågar eg påstå at ein har mista kontakten med seg sjølve. Det vert sagt "kvar mann si tru", men alt med måte! Eg skulle ikkje leite lenge før eg fann betre turlektyre enn dette, klarar ikkje å sjå samanhengen mellom slike bøker og friluftsglede... Det siste ein treng på tur er vel bli forbanna på historiske skikkelsar, nåtidas politikarar og samfunnet generelt, samstundes som ein trur ein har sett lyset Ha ei god påske og tøm gjerne hovudet for ting ein ikkje treng drasse på! Med helsing Opplyst, men ikkje teken te fange
  8. Vil berre sei at camelbak'en kan skjules under ytterkleda og slangen legges over skuldra. Den er då godt isolert og når munnstykket ligg mot bryst/mage frys heller ikkje det. Har sjølv brukt denne metoden ned mot 30 kalde utan problem. Ved fylling har eg varmt vatn (ikkje kokande...) og eg har ved slike høve aldri vore plaga med klaka vatn. Er dessutan lite lurt å drikka kaldt når det isar rundt deg... Dette gjeld vel og merke modell Thermobak. Varm drikk vinter, kald drikk sommar!
  9. Du kan sjekke canis.no sin hundevelgar. Mange gode tips der.
  10. Takkar for mange gode svar! Det ser ut som det kan vere ein ide å senke ambisjonsnivået noko her, ja. Som eg har før har vore inne på, så er det ikkje snobbefaktoren eg har lagt te grunn for kameraforslag. Meir det at eg har lite lyst å bomme på valget. Kompaktkameraet får nok lov å bli med på tur, men enkelte gonger har eg sakna kvaliteten eit betre apparat er istand te å frambringe. Kanskje løysinga ligg ein plass i midten av det eg har og det eg hadde tenkt å kjøpe. Får ta ein nærmare kikk på Akam sine sider, dei var ikkje fullt så teknologisk avskremmande som eg trudde.
  11. Det er mulig å få kjøpt laus skitupp, når det gjeld stav kan du ta med deg ein teleskopstav. Den tar ikkje stor plass. Eg brukar å ha med Duct-tape eller hockeytape og gjerne noko til å spjelke med. Hvis du har kvalitetsski og stavar er sjansen for at noko går i stykker mykje mindre. Eg har gått i lag med folk som har hatt stavbrudd men då kun grunna dårlig kvalitet. Kanskje greit å poengtere at kvaliteten på turkameratane har vore jamnt bra, dei har berre ikkje vore heilt oppdaterte på viktigheten av bra utstyr...
  12. Ein mulighet kan vere å legge opp te kortare tur. Hardangervidda er Hardangervidda om du velger å krysse eller gå ein litt enklare rundtur fyrste gongen. Eg veit ikkje kvar du har mulighet for å starte men det er fleire stader ein kan få seg ein flott tur. Kryssinga av vidda kan du sjå på som trinn to og dermed ha eit betre grunnlag, tippar dine foreldre lettare godtar ei slik løysing. På slike turar du ser føre deg vil der dukke opp ein del utfordringar som kan vere greit å ha eit grunnlag for å mestre. Det er ikkje mykje moro hvis ein har teke seg vatten over hovudet, turen vert endå finare når ein er godt førebudd. Tross alt er det ein del kunnskap som må på plass, hvis ikkje er sjansen større for at me får lesa om eksperimentet ditt i avisa. Eg kunne aldri tenkt meg å havna i media grunna manglande evner og urealistiske oppfatningar. Heller då for å ha gjennomført noko gjennomtenkt og som ikkje inkluderar redningsmannskap og redde foreldre. Eg har ingen problem med å forstå at tanken på denne turen har festa seg godt, men trur ikkje det skadar å halda litt igjen. Som dei fleste veit så tar ikkje vergudane meir omsyn te deg om du er røynd eller ikkje. Ta alt trinn for trinn, då er ditt eige utbytte mykje større. Med helsing Alt te si tid
  13. Eg har og brei fot og gjekk opp ein storleik i forhold te vanlege sko då eg kjøpte Varg Morgedal. Desse passar meg godt. Har snakka med dei på Vertikal som seier det at lesten er lik på Varg støvlane. På Varg Polar er sjølve støvelen litt større enn det som står på av den grunn at det er innerstøvelens nummer ein skal forholde seg te. Når det gjeld bredda veit eg ikkje meir enn at dei på Vertikal sa dei fleste som kjøpte Polar-støvlane klaga på at dei var tronge. Dette ville gå seg te når ein fekk brukt dei nokre korte turar. Ein burde ikkje legga ut på langtur med ein gong var rådet eg fekk. Du får prøve å sette dei inn med fett og sjå om det ikkje hjelper, kan hende forrige eigar var smalfoting eller endå verre; har lete støvlane tørke hardt. Dei vert ikkje akkurat romsligare av det. Lurar sjølv på å kjøpe slike støvlar, du kan jo dela dine erfaringar med oss seinare. Med helsing Brei fot stødig står.
  14. Treng eg eit så avansert og dyrt kamera? Nei, eg gjer kanskje ikkje det. Då eg fekk interessa for friluftsliv gjorde eg ein del innkjøp av utstyr så som støvlar, sekk, klede og telt. Mine tankar var som så at eg hadde ikkje behov for det dyraste på marknaden. Dei fyrste fjellstøvlane (full pris 1200,- fekk dei for 900,-) klarte 3 dagar over vidda, rettare sagt dei klara nok meir men ikkje eg. I kjellaren har dei funne sin siste kvileplass, står der for å minne meg på: Ikkje ein gong te. Den rimelige ryggsekken held støvlane med selskap, det same gjer Sparkjøp sine rimelige ytterklede. At desse kleda er testa og funne eigna av erfarne fjellfolk kan vel kallast å tala vel romslig. Dette er nokre få eksempler på at eg lærer litt seint, alle dei andre "rimelige men gode" kjøpa let eg forbigå i stilla. Hovudpoenget mitt er at eg er dritlei av å bli lurt av meg sjøl. Nå brukar eg litt meir tid på å finne ut kva som trengs. Eg har ingen trong for å kjøpa det nyaste heile tida, men eg har stor tru på å få tak i ting som eg kan lite på. Av og te kan nok utstyret liggje i overkant av evnene, betre den vegen enn omvendt så kan eg heller strekkja meg mot det. Når det gjeld merke på kamera så er eg ikkje låst. Eg har kikka på Olympus E3 og fått det svaret at dette er eit svært robust apparat. Så er det at alt etter kven ein spør får ein ulike svar; dei som lever og åndar for foto og dei som har eit litt meir avslappa forhold te akkurat det. Den lyse ideen eg fekk om å lufta kameraspørsmålet mitt på dette forumet viste seg å halda stikk, takkar for gode svar. Hadde eg spurd på eit fotoforum vil eg tru hovudverken hadde plaga meg no, brukar få det hvis det blir for mykje informasjon på ein gong. Eg trur eg held fast på det å kjøpe meg eit skikkelig kamera, om så det ligg over det eg får ut av det (enno)... Med helsing Framleis på leit.
  15. Ser at du nevner L-objektiv. Fekk tilbud på et 15-85mm men har ikkje nokon formeining om kva L-objektiv står for. Som den observante lesar nett no fekk demonstrert, så ligg den tekniske kunnskapen eit lite stykke unna teknikken. Helsing lettare teknologisk utviklingshemma.
  16. Lurer på å kjøpe skikkelig speilrefleks (har kompaktkamera utenom) og har kikka på Canon EOS7D. Dette verkar som eit robust apparat med tanke på vær. Eg er ikkje interessert i husmorelektronikk og ser for meg at dette vil koste meg dyrt. Mitt spørsmål er då; for dei pengane dette kameraet kostar, er der andre merker som kan gje meg like mykje igjen med tanke på levetid, optikk, kvalitet generelt og sjølsagt at det er brukarvennlig. På godt norsk, gjer eg noko dumt om eg kjøper akkurat dette kameraet??? Med helsing fotograf in spe...
  17. Telt må du ha med. Vidda er ikkje akkurat barnevennlig når det blåser opp. Kart og kompass er påkrevd, GPS vil eg sei er eit veldig greit hjelpemiddel når du har lite sikt. Er det skikkelig føyke har du få eller ingen referansepunkter, det er då GPS viser styrkje. Når det gjeld ved: Gløym det. Mulig du finn noko å fyre med om sommaren, men lite lurt å basera seg på om vinteren. Ein skal legge inn marginar når ein utfordrar høgfjellet, naturkreftene viser ingen nåde. Føret kan vere både fokksnø, laussnø og skare på same turen. Du får sjå vermeldingar og snørapport på senorge.no. I stadenfor Finse - Haukeli kan Garen - Røldal, evt Garen - Haukeli vere eit alternativ. Går du frå Garen har du Veigdalen å fylgje heilt te Litlos, frå Litlos te Røldal har du og ei grei rute å halde seg te. Ikkje meininga og verke negativ, men av eigen erfaring har eg lært å ikkje ta for store steg om gongen. Bratt læringskurve er oppskrytt. Te slutt vil eg ynskje deg ein god og lærerik tur, uansett kva andre seier så er eigne erfaringar betre enn ingen erfaringar! Helsing ein som helst går når lite folk er...
  18. Ortlieb-mappa gjer jobben, den. Har sjøl brukt den i 30 kalde over fleire dagar uten problemer. Skal også seiast at eg ikkje har prøvd andre nyare mapper, hadde noko gammalt ræl før Ortlieben kom i hus.
  19. Enig med Fisketryne. Det meste av utstyrserfaringar går jo på navngjevne produsentar eller butikkar, og eg synes det er artig å oppdaga nye produkter og nettstader. Eg har vore på jakt etter ein 3-foting ei stund, men for oss i overkant vaksne (då reknar me kilo...) er ikkje utvalget stort. Vil nok prøve ut ein slik stol så får ettertida vise om stolane er så solide som dei seier.
  20. Eg tilhøyrer dei som vil ha reine lærstøvlar utan goretex/andre membranar. (Greit å få det ut med ein gong). Fordeler og ulemper kan ein diskutera, men plaststøvlar kjenner eg ingen vante folk som ville brukt i fjellet. Når det gjeld ski så er 109 rekna meir som topptur/kjøreski enn for eksempel 99, litt mjukare spenn blant anna. 99 er meir fjellski ifølge dei som seier dei kan dette, passar også betre i spor dersom ein forvillar seg blant andre folk . Har sjølv 109 med 75mm binding no, men vil nok kjøpe 99 med 75mm vidjebinding neste gong. 75mm er ein del stødigare enn BC/NNN bindingane, merkast godt ved svinging. I tillegg ville eg kjøpt 10mm oppbygningsplate og hælløftar. Oppbygning for å gå meir klar skaren ved svinging, hælløftar for å spara akillesen i bratte motbakkar. Kombinert med feller er dette makalaust å klyve med. Dette ekstrautstyret kostar heller ikkje skjorta. Helsing ein som har mest tru på naturens eigne materialar når det gjeld sko og klede.
  21. Kunne vært greit med eit litt meir utfyllande svar enn det "jo" kommer med her. Eg tenkte f.eks på kvar skal ein forhøyra seg, har "jo" kunnskap han vil dela med oss uvitande forståsegpåarar, eller kanskje han ikkje har noko matnyttig å bidra med? Det var iallefall ikkje relevant innspel når ein tenker på at dei fleste som er her på forumet er amatørar (svært få profesjonelle friluftsfolk her i Norge) og svarar dermed etter beste evne. Heile poenget er at både dei drevne og dei mindre drevne får komme med sine tankar/påstandar, og så får me sortera ut det som me syns høyrest mest fornuftig ut. Så vidt eg veit (ikkje alltid så vidt, men eg gjer mitt beste) finnes der ikkje ein fasit som dekkjer alt ein kan komme ut for innan dette vidtfamnande begrepet "friluftsliv". Heldigvis, vil eg sei... Eg setter sjøl pris på å lesa dei innlegga som er skrivne av folk som er interessert i å dela av sine erfaringar, og ein ser fort kven som har mest å fara med. Det betyr ikkje at me andre skal la vere å delta. Eg har truffe mange gamle og erfarne fjellfolk gjennom åra, trur faktisk ingen av dei var utlærde enda... Med helsing Friluftsmann, amatør og høgttenkar.
  22. Hvis ein skal gå fra Sørfjorden opp på vidda så kommer ein ikkje utenom at det er bratt... Fra fjorden og opp er det jo som kjent ein del høgdemeter og tettheten på kotane seier sitt. Kinsarvik og så opp Husedalen er eit alternativ, Hjølmo og Veigdalen eit anna. Kan ikkje sei eg heilt ser fordelen med så tøff start når ein kan begynne turen høgare oppe, alternativet kan jo være å gå motsatt vei. Husedalen og fjorden er meir storslått då. Hvis planen er å starte fra fjorden ville eg vel kanskje kjørt te Tyssedal/Ringedalsvatnet, gått opp Mågeli og så vidare mot Tyssevassbu-Litlos osv. Her kan ein også svinge innom Hårteigen som ein annan nevnte. Fordelen med denne ruta er at ein gjer seg ferdig med det tyngste først, for så å få finare terreng etterkvart.
  23. Både Bergans og Norrøna har vindbukser i bomull. Eg bruker sjøl Norrøna Arktis Amundsen bukse og Bergans Finse jakke. Begge deler fungerer godt i temperaturar under -30. To tynne stillongsar under buksa og du er godt kledd. Kan anbefale desse plagga på det varmaste.
  24. Hei. Etter å ha sett bildene dine må eg sei at lysta på ein tur ut ikkje har minka. At dei tydeligvis ikkje har den kunstneriske/tekniske kvaliteten enkelte meiner dei har krav på klarer iallefall ikkje eg å oppdage. Har bare kompaktkamera sjøl, dei bildene som blir tatt med det får folk like eller ikkje like. Det er eg som har tatt dei, og eg vil sjøl avgjere om dei er dårlige eller ikkje. Er ungane mine sure ein dag, så får dei ta seg ein tur på rommet sitt til dei har blitt blide igjen. Det brukar ikkje ta meir enn 10-15 minuttar. Dette til ettertanke for dei som får lyst til å skriva av seg surskapen på dette forum. Makan til lite konstruktiv kritikk er det heldigvis ikkje ofte ein ser. Lite moro å legge ut noko når så skjer. Fortsett du bare, legg ut bilder og turrapporter fleire gonger! Med helsing fjellfant, skigåar og hobbyfotograf.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.