Gå til innhold
  • Bli medlem

psivert

Passivt medlem
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. psivert

    El Chorro

    Heisann. God tur til Chorro. Har sjølv vert der mange gangar, og begynner å bli lysten på en ny tur snart. Litt tips: Overnatting: Campingen nede i svingen er fin, og dessuten billig. Dersom du absolutt ikkje vil betale, sjølv om det er hyggelig å støtte det lokale næringslivet, samt at det er digg med en dusj iblant, og tilgang til strøm, kan du følge veien langs dammen heilt bort til "hippiesvingen", der det står haugevis med meir eller mindre permanent parkerte bubilar, telt og anna rask. Ver imidlertid forberedt på høg rastafaktor, liberal livsholdning og mange lausbikkjer. Men du kan bu her, hvis du finn plass. Vatn finn du forøvrig i fontena ved sportsbutikken, og du kan jo berre fylle opp kanner og bære dei dit du skal. Du kan campe inne i gorgen: enten i telt (har sett det gjort, men folk kamuflerer eller pakker ned teltet sitt på dagtid); eventuelt oppe under Makinodromo, evt i det forlatte huset der du forlater jernbanen og tar stien opp til Makinodromo. Du kan også sove i telt på Fincaen, et herberge som tilbyr teltplass, bunkbeds og kjøkken. Refugioen er mulig, men det er ordentlig sjaske. Sjølv har eg berre sove ei natt der. Ta med øyrepluggar og positiv innstilling. Og det er ikkje sikkert du får sove der. Du bur gjerne på åttemannsrom, og folk søv når det passar dei. Det vil sei at nattero ikkje er gitt. Og frokokst trur eg du kan sjå langt etter. Det er også mulig å sove på stasjonen, dei leiger ut rom, men dette har eg ikkje prøvd, og veit derfor ikkje noko om. Det fins også leiligheter både i og like utanfor chorro. Kan evt gi tips, dersom aktuelt. Ang. transport går det som nevnt fleire tog til Alora om dagen, og berre eit som stoppar i chorro. Mange klatrarar som har leigd bil reiser fra chorro til Alora for å handle (supermercadoen der er veldig bra...), og iblant kan du få haik til chorro. Det er omlag ti-femten minutt med bil fra Alora til chorro, så du kan gå, men det tar nok nokre timar. Taxi burde ikkje vere så dyrt, dog, og med mindre du generelt er fette blakk, er det greit å legge igjen litt pengar når du er der nede. Samme som med campingen. Turisme, særlig fra klatrarar, utgjer en ikkje ubetydelig del av inntekten til delar av næringslivet i området. Det lettaste er imidlertid å leige bil i Malaga og køyre opp. Ikkje minst fordi Andalucia har så evig mykje bra klatring utanfor Chorro, en time eller to i bilen. Og på dagar der det regnar (sist vi var der regna det over halvparten av dagane i tre og ei halv veke, men vi klatra jamnt likevel) og absolutt heile dalen er samla oppe i Poema roca-hula, er det fint å kunne reise en time eller to avgårde til et fullstendig regntett og folketomt crag. Om det er første gangen du drar til chorro, og du er heldig med veret, treng du strengt tatt ikkje bil. Bortsett fra at mykje av den finaste klatring ligg på Desplomilandia, ti minutt unna. Håpar dette var til noko hjelp.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.