Gå til innhold
  • Bli medlem

marihøna

Aktiv medlem
  • Innlegg

    102
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

73 Good

Om marihøna

Profile Information

  • Gender
    Not Telling
  • Sted
    Trondheim

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Kva med tarptent scarp1? Lett, men på same tid ikkje så klaustrofobisk som mange 1-mannstelt. https://www.tarptent.com/product/scarp-1/
  2. Har kjøpt ein brukt barnepulk frå fjellpulken. Lite brukt, ca. 1995-årgang, og i prinsippet lik som dagens modell (trur eg?). Einaste negative eg ser er feste av ungen i pulken. I denne pulken er det berre eit belte til å stroppe rundt både unge og evt. pose/underlag, noko som resulterer i at ho sklir ned og vert sittande med armane veldig høgt etterkvart. Er dette endra i dei nye pulkane, eller det framleis same opplegg med berre eit belte. Er det nokon som har fiksa til ei betre ordning, med ei sele av noko slag i staden for dette beltet? Kjøpte pulken billig, så får lett solgt den utan å tape på det, men ser ingen poeng i å kjøpe ny pulk dersom dette er like dårleg i dei nye pulkane...
  3. Vegen innover mot Snøheim er ikkje open for biltrafikk, kun skyttelbuss. https://snoheim.dnt.no/snoheimvegen/ Det er vel relativt stor sjanse for å sjå moskus ved å gå frå Kongsvoll og stien innover mot Reinheim, du kan jo evt. høyre på Kongsvoll på førehand om dei veit sånn ca. kva område moskusen vart sett i sist?
  4. Det kan vel vere dette som er eksempelet i startinnlegget? https://www.nrk.no/sognogfjordane/turistane-trassar-campingreglane-_-overnattar-likevel-ulovleg-1.14626186
  5. Her er bilete av justeringa på sekken min, Deva 85. Etter eit lite arkeologisk dykk i mailboksen ser eg at den er frå 2012.
  6. Meiner å hugse at det sat i overgangen mellom rygg og hoftebelte, og var litt knotete å kome til. Eg er på jobb no, men kan prøve å ta bilete når eg kjem heim.
  7. Eg har ein Gregory Deva, og sleit med vondt i korsryggen/hoftene heilt til eg fann ut at det er ulike hakk for å justere vinkelen på hoftebeltet. Min modell er rett nok nokon år gamal, veit ikkje om det er mogleg å justere dette på dei nye modellane?
  8. På www.fuglelyder.net finn du masse lyder på nett. Kan det vere enkeltbekkasin ("mekregauk"), og lyden den lager med vingane? https://www.fuglelyder.net/enkeltbekkasin/
  9. Har du sjekka modellane til Stellar? Enkelte av havkajakkane deira er vel med utgangspunkt i surfski-modellane deira? Ein i kajakklubben padlar Noreg på langs for tida (http://www.trerustnemenn.com), og han endte opp i ein Stellar S18.
  10. Då har eg sendt mail til Tine òg. Om mange nok melder interesse kanskje dei faktisk tek det til seg og gjer noko med det?
  11. Eg har Panasonic Lumix FT5 som padlekamera. Godt nøgd med det til denne bruken. Dette kameraet har heller ikkje noko beskyttelse foran linsa når det ikkje er i bruk, så eg var litt skeptisk til riper og slikt - men det har gått bra så langt.
  12. Eg har Venus II Extreme, og er svært nøgd med det. Sittehøgde i innerteltet dersom eg ikkje bruker "tørkeloftet. OK plass for 2 stk, men heller ikkje meir. Vi bruker downmat på tur, 1 standardbreidde og 1 brei, det hadde kanskje akkurat gått med 2 breie men eg er litt usikker... Veldig greitt med to fortelt, så kan vi rote på kvar vår side 😃 Den største skilnaden, konstruksjonsmessig, mellom Orion og Venus er vel at tverrstanga går heilt ned på Orion medan på Venus går den berre over taket. Dette gjer at Orion er heilt sjølvståande og litt høgare, men pga. stanga som går heilt ned er det berre "halve" forteltet som er dør. På Venus kan du brette til side båe sider av teltduken i forteltet, og få panoramautsikt. Om det eine er betre enn det andre vert vel ein smakssak 😃
  13. Mange fine turar i området. Det enklaste er kanskje å få skyss innpå fjellet, og så gå seg ned til sivilisasjonen att. Nokre forslag vi ofte tek i påska: 1) utgangspunkt Fokstua: gå opp mot Fokstuguhø, renn ned mot Breidjordet (på baksida av Haustgravhøin) og framover mot Dombås. Her kan du anten køyre ned mot skitrekket, eller halde på høgda og gå/renne nordover og kome ned mot Fokstua for å hente bilen. Om du vil ha ein kortare tur er det jo berre å renne ned til bilen frå Fokstuguhø, istaden for å ta turen rundt =) 2) utgangspunkt Nysætra: gå opp mot Grisungvatna, og følg Grøndalen framover. Hald deg på austsida av dalen, og gå opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås. 3) utgangspunkt Turrhaug: gå opp Grønsætra, og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi. Gå innover Grøndalen, og kryss over til Strålsjøen. Tilbake meir eller mindre same veg. 4) utgangspunkt Myrin (på veg innover Dalsidevegen på Lesja): gå opp til Reindølsætrin, mot Strålsjøen, kryss Grøndalen og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås. 5) utgangspunkt Bøsætra (på veg opp Slådalsvegen på Lesja): gå opp langs Hattremsådalen, og opp mot Veslskjervedalen og innover mot Skjervekroken, over Kjølen og ned til bilen. Eller ta turen rett opp på Kjølen og renn ned =)
  14. Kva type turar tenkjer du på? Bortover i løype, bortover utanfor løype eller hovudsakeleg opp-og-ned?
  15. Har sakna kortfell på dei lette fjellskia mine, så då vart dei gamle fischer e99 bytt ut med åsnes' cecilie skog =)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.