Eg er sikkert ikkje åleine om å sakne verda sin beste turstøvel til lette topptur/telemarkski, nemleg legendariske Asolo extreme.... den med lav skjæring bak. (sukk!)
Har ikkje hatt ein gnagsårfri toppturdag sidan eg måtte gå over til plasten sitt fukthelvete på slutten av 90-talet...
Lurer dermed på om nokon med liknande erfaringar , på si vandring kring i verda, har sett noko som KAN eratatte denne legenda.
Den må vere stivare i skaftet enn Varg skavl. Viss ikkje er det ikkje dugande til nedtur, og det må det jo vere!!
Har sett Scarpa Wasatch på USA-sider....Har nokon der ute røynsler med denne støvelen?
Kan denne skaffast her til lands?
Finst det andre lærstøvlar med avstivning inne i skaftet??
Med von om å få høyre synspunkt og tips om løysingar ...