Eg har no levera inn to Reconjakker for same feilen: hovudglidelåsen rauk på framsida. Noko som kan vere katastrofalt om ein er i fjellet i kuling i januar osb osb....
Norrøna har vore greie dei, og no ba eg om ei Dovrejakke, for å slippe same problemet. Det eg får i posten er ei nyare jakke enn den eg har sett på, i allefall modellen. Denne verker tynnare, mindre praktisk og meir klumpete enn den eldre modellen. Ytterlaget er og i noko børsta saker, som vil gjøre at snøen sett seg fortare og alle lommane er borte.
Eg arbeider som friluftslærar på Hardanger Folkehøgskule og er mykje i fjellet og treng ei jakke eg kan stole på. SÅ: er denne Dovre3dri noko å stola på?
Per Jørgen.