Gå til innhold
  • Bli medlem

Gladheim Fjellføring

Aktiv medlem
  • Innlegg

    10
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Gladheim Fjellføring

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Rappellankera er der fortsatt. Dei vil ikkje bli tekne ned før vi byttar dei ut med nye neste sesong. Vi anbefalar å henge opp ei slynge som ekstra sikring, då vi ikkje kan garantere at rappellankera ikkje har blitt utsett for skade av andre. God tur!
  2. Eg var på Falketind på tysdag 22.juni. Det var gode forhold normalvegen, og ein kan køyre heilt inn til bommen viss ein køyrer forsiktig. Til tross for lite snø i fjellet no, var skavlane utover austveggen ved pionerruta uvanleg store. Det løsna to store skavlar mens vi var oppe på Falketind. Eg vil anbefale alle som har tenkt å gå denne til å vente ei stund til!
  3. Takk for det Mari Du må seia frå når de kjem, så pratast me der! Det er forøvrig lite snø i området no, men det er sjølvsagt att noko snø i rennene ennå!
  4. Vi set opp statiske tau og stålring på ein rappell frå Austre Torfinnstind og ned mot skaret mot Midtre Torfinnstind. Etter rappellen er det litt fin klyving ned i skaret, her sikrar vi ved behov, i staden for å setje opp ennå eit rappellfeste. I tillegg set vi opp statiske tau og stålring ovanfor dei tre hammerane frå Midtre Torfinnstind og mot Vestre Torfinnstind.
  5. Det går bra. Eg er sjølv veldig for sporlaus ferdsel, så eg skjønnar at du vart litt krass når du trudde vi hadde bolta Vi fjernar dei ekstra slyngene som heng der for kvar tur vi går over traversen
  6. Eg har aldri sagt at vi har installert bolter. No må du lesa litt betre! Det er kun snakk om statiske tau rundt utspring, og ein stålring som desse taua er tredd gjennom, på den måten kan du tre rappelltauet gjennom stålringen, og ikkje dra det gjennom dei statiske taua. Ingen boltar, og ingen spor etter oss når vi sluttar med føringa der!
  7. I fjor rydda vi vekk alle dei gamle slyngene som hang ved rappellane, og satte opp "permanente" rappellanker som skiftast ut kvar sommar. Vi fekk svært mange gode tilbakemeldingar på dette av folk som gjekk traversen. Eg meinar at det er betre med eit forseggjort rappellanker enn 56 gamle slynger som er dratt gjennom, og er livsfarlige for dei som blir frista til å bruke desse! Eg ser ikkje heilt at det blir mindre estetisk heller.
  8. Eg beklagar at det fyrste innlegget mitt braut med netiketta til Fjellforum.net. No har eg gjort ein del endringar, blant anna fjerna reklameplakatane, og eg håpar innlegget no er greit. Det viktigaste er at folk som skal gå turen veit at vi har ordna rappellfester, og få forklart korleis vi ønsker at dei skal bruke desse. Samtidig vil vi informere dei som har lyst til å gå Torfinnstindtraversen, men manglar nok erfaring/utstyr til å gjennomføre turen på eigen hand, om at dei kan kontakte oss for å få med seg denne fine turen:)
  9. Hei! Etter svært gode tilbakemeldingar frå fornøygde kunder i fjor, kan vi knapt vente med å koma oss inn til Torfinnsbu og føre hyggelege fjellfolk opp på Torfinnstindane att Vi blir stasjonære ved Torfinnsbu ca f.o.m 8.juli-8.august, men det går også an å bestille føring både før og etter! Vi vil i år som i fjor henge opp solide rappellanker der vi har to uavhengige 10mm statiske tau som begge går gjennom ein rustfri stålring som tåler 25kn. Vi ønsker at alle som går rappellvegen frå Austre Torfinnstind og over Til Vestre Torfinnstind trer tauet gjennom denne stålringen og i tillegg henger opp ei slynge som ekstra sikring i tilfelle nokon har dratt klatretauet gjennom slyngetauet. Dette fungerte svært bra i fjor:) Viss det er nokon fjellvandte personar som har lyst til å gå turen over og trenger føring er det berre å ta kontakt med: Henning, 924 36 375, eller Odd Eivind, 959 30 493 Så fører vi dere over! Til alle dere som går turen på eigen hand: Kom gjerne innom for tips, og god tur:) Mvh Gladheim og Holo Fjellføring
  10. Saman med Holo Fjellføring bur eg ved Torfinnsbu i sommar, og fører på Torfinnstindane. I den anledningen har vi hengt opp solide rappellanker der vi har to uavhengige 10mm statiske tau som begge går gjennom ein rustfri stålring som tåler 25kn. Vi ønsker at alle som går rappellvegen frå Austre Torfinnstind og over Til Vestre Torfinnstind trer tauet gjennom denne stålringen og i tillegg henger opp ei slynge som ekstra sikring i tilfelle nokon har dratt klatretauet gjennom slyngetauet. Viss det er nokon fjellvandte personar som har lyst til å gå turen over og trenger føring er det berre å ta kontakt med: Henning, 924 36 375 Odd Eivind, 959 30 493 Torfinnsbu, 95883398 Så fører vi dere over Til alle dere som går turen på eigen hand: God tur! Mvh Gladheim Fjellføring 2009Fjellforing_web.pdf
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.