Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Har hatt to stk og begge vart utslitne altfor tidleg sett i høve til prisen.
  2. Kom akkurat på at eg har skifta ut pumpa for nokre år sidan, men det var fordi brennaren datt ned frå ei hylle og eit stykkje av pumpa knakk av. Aldri hatt problem med funksjon på den gamle eller nye pumpa utover det.
  3. No har eg ikkje lese alle innlegga her veldig nøye, men eg sto overfor same problemstilling med min pode for nokre år sidan. Løysinga vart eit par alpinsko frå Salomon der ein kan skru av den vanlege alpinsålen og montera tech-såle. Trengde berre skrutrekkar til dette. Ski ordna eg ved å gå i ein sportsbutikk og høyra om dei hadde nokre fjorårsmodellar i kort lengde slengande på lager, noko som ordna seg veldig fint. Fekk tak i eit par Salomon-ski i damemodell og fekk sett på Dynafit-bindingar. Bindingane og for så vidt fellene vart den største utgifta her. Når poden hadde vokse frå dette utstyret så gjekk det unna på finn etter få minutt. Dette junioroppsettet resulterte i ein makalaus flott sesong med mange flotte turar og enorm skiglede.
  4. Eg har hatt med meg min XGKII på tur i sikkert tjue år no og aldri hatt problem med han. Reknar med at han held til mang ein vintertur framover óg.
  5. Mepps str 3, koparfarga med raude prikkar. Alternativt same type i svart med neongrøne prikkar.
  6. Har vaska mi Gere-bukse på førti grader haugevis av gonger og ho tek ikkje skade av det.
  7. Eg gjekk ned ein str til M i mi og denne passar perfekt. Brukar 32’’ i livvidde til vanleg.
  8. Kan gå god for Mystery Ranch sjølv om eg ikkje har prøvd Metcalf. Eg starta med T100, men tykte at denne var itt for stor og så trengde eg eit større hoftebelte. Då vart det heller ein Terraplane på meg i str L, og denne har eg frakta 30 kilo med utan større problem. Nydeleg beresystem på alle måtar og betre enn noko anna eg har prøvd.
  9. Slit med det same......men einaste måten å koma forbi dette er vel å utfordra seg sjølv jamnt. Kjenner at høgdeskrekken min irriterer meg ein del, for eg er ikkje redd for andre ting. Folk eg er på tur med kan vera skvetne ved elevekryssingar eller i mørkret, men slike ting har eg aldri hatt noko av. Det er berre denne helsikes høgdeskrekken då......
  10. Har hatt to par slike og har vorte veldig blaut på føtene i begge to. Dei tek inn vatn i tåpartiet og tørkar svært sakte.
  11. Fekk mi nye Gere-bukse i dag og ho sit som eit skot i livet.
  12. Har hatt denne buksa før og ikkje opplevd det problemet. Får ei ny i posten snart så eg skal sjekka korleis den er.
  13. Har du sett på finn? Eg kjøpte ein Rolls Royce-pose der i fjor til 1500,- og den posen var knapt brukt. Eg deler synet til @ketilring i denne saka.
  14. Sjekk ut Plusminusnoll sin variant. Du finn denne hjå revir.no i Oslo.
  15. Klättermusen Gere på veg i posten!
  16. Me har ein Klättermusen Tor i huset og på den let det seg gjera å justera skulderbreidda ganske så greitt.
  17. Det er generelt mykje snø i fjellet for tida. Eg har vandra i Sogn og på Hardangervidda i sommar og trakka i mykje snø og sett mange islagde vatn. Sist helg gjekk eg til Litlos og det var periodevis meir enn nok snø.....
  18. Eg er på leit etter ei god turbukse sjølv, men det blir ikkje ny Keb. Har hatt to slike no og eg tykkjer dei vert altfor fort utslitne sett i høve til ein pris på over to tusen kroner. Mogleg eg prøver ut denne: https://www.plusminusnoll.se/stark-canvas-pants-1
  19. Eg tykkjer Aclima Lightwool er svalare enn Devold Breeze. Har brukt både kort- og langerma gjennom fleire år
  20. Eg er i ferd med å testa ut ein Mystery Ranch t100 etter å ha hatt Arc'teryx Bora 95 i mange, mange år. Så langt er sekken svært bra, toler mykje vekt og er gedigen.
  21. Har du sett på Sir Joseph Koteka 290? Eg har denne og det er ein sjukt bra pose. Min pose er 190 cm lang, veg berre 500 gram, men er likevel ein fullverdig pose som har hatt eit langt større bruksområde enn eg hadde rekna med. Det er berre Kårvatn fjellutstyr som fører desse her til lands. Sjølv importerte eg min frå Tsjekkia.
  22. Kva pris legg du deg på? Eg kjøpte ei frå The North Face til min ungdom når han var tretten i str S. Denne likte han veldig godt og ho har vorte brukt til alt mogleg. Eg finn ofte gode tilbod på jakker i str S her og der så det burde la seg gjera å finna ei til føremålet. Houdini er ganske små så det kan vera eit alternativ viss du finn ein god pris.
  23. Flott turrapport! Eg har faktisk studert saman med Bjarte i Bergen😉
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.