Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av krokavatnet

  1. No har eg ikkje lese alle innlegga her veldig nøye, men eg sto overfor same problemstilling med min pode for nokre år sidan. Løysinga vart eit par alpinsko frå Salomon der ein kan skru av den vanlege alpinsålen og montera tech-såle. Trengde berre skrutrekkar til dette. Ski ordna eg ved å gå i ein sportsbutikk og høyra om dei hadde nokre fjorårsmodellar i kort lengde slengande på lager, noko som ordna seg veldig fint. Fekk tak i eit par Salomon-ski i damemodell og fekk sett på Dynafit-bindingar. Bindingane og for så vidt fellene vart den største utgifta her. Når poden hadde vokse frå dette utstyret så gjekk det unna på finn etter få minutt. Dette junioroppsettet resulterte i ein makalaus flott sesong med mange flotte turar og enorm skiglede. 

    • Liker 2
  2. Kan gå god for Mystery Ranch sjølv om eg ikkje har prøvd Metcalf. Eg starta med T100, men tykte at denne var itt for stor og så trengde eg eit større hoftebelte. Då vart det heller ein Terraplane på meg i str L, og denne har eg frakta 30 kilo med utan større problem. Nydeleg beresystem på alle måtar og betre enn noko anna eg har prøvd. 

  3. Slit med det same......men einaste måten å koma forbi dette er vel å utfordra seg sjølv jamnt. Kjenner at høgdeskrekken min irriterer meg ein del, for eg er ikkje redd for andre ting. Folk eg er på tur med kan vera skvetne ved elevekryssingar eller i mørkret, men slike ting har eg aldri hatt noko av. Det er berre denne helsikes høgdeskrekken då......

  4. Kva pris legg du deg på? Eg kjøpte ei frå The North Face til min ungdom når han var tretten i str S. Denne likte han veldig godt og ho har vorte brukt til alt mogleg. 

    Eg finn ofte gode tilbod på jakker i str S her og der så det burde la seg gjera å finna ei til føremålet. Houdini er ganske små så det kan vera eit alternativ viss du finn ein god pris.

    • Liker 1
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.