Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttfeiten

Aktiv medlem
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Stuttfeiten

Profile Information

  • Gender
    Not Telling
  • Sted
    Florø

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg har ein slik, men veit ikkje kva slags modell det er. Han som gav meg posen sa at den tidlegare vart brukt av fallskjermjegerane. Om det stemmer veit eg ikkje. Den er stor og tung, og eg syns det var kaldt i den med ullundertøy i -14 (gapahuk og bål). Har tenkt å prøve meg med trekket ein annan gong, men då med ny sovepose og anna liggeunderlag.
  2. Tusen takk for ein fin og morsom turrapport! Har venta lenge på denne og den kom akkurat tidsnok til påskeferien. Eg har sjølv håp om å ta nokre dagar i same terrenget no i sommar, og eg trur heilt sikkert eg vil ha nytte av å lese turrapporten din fleire gongar før sommaren.
  3. Eg hadde sommarjobb i ei bedrift på sunnmøre då eg gjekk på vidaregåande. Arbeidstempoet var skrudd ned i fellesferien og i dei mange (og lange) pausene overhøyrde eg mange morsomme diskusjonar. Bl.a denne: Arve: Kjøpte meg nye ståltermos i går ja, en liter, så eg ska'kje gå tom for kaffi i dag nei. Bom: Ståltermos? Tosk, stål e'kje gagn i. Ka skal du gjere viss du skal på fjellet for eksempel? Gå rundt med ei store stålflaske på ryggjen og sjå ut som ein dykker? Ikkje held dei på varmen, og tunge er dei og. Nei, glastermos er mykje betre. Termosen min, den er god den. Eg hadde den med på fjellet i september i fjor då vi skulle hente sauene. Eg bruka alltid å setje meg på Storesteinen når eg kjem opp på kanten og ta meg ein kopp, og der gløymde eg jaggu igjen termosen. Eg vart ikkje klar over det før vi var komne ned igjen, og eg gadd vel fan ikkje gå opp att etter den, så den vart liggande til fyrste helga i oktober då vi skulle sjå etter kratura som mangla. Og tru det eller ei, men det var jaggu lunk på kaffien endå, og då hadde det vore nattefrost fleire gongar sidan sist. Ståltermos, nei himmel, hav og helvete, spar meg! (Eg har endå ikkje begynt å drikke kaffi, men brukar sjølv ståltermos til buljong og te når eg er ute på tur, til tross for den overbevisande argumentasjonen om kvalitetane til glastermosen.)
  4. Heile landet grør igjen med kratt og skog, så hurra for alle som tek arbeidet med å felle eit tre! Om alle medlemmane på fjellforum ville hogge eit tre eller to kvar dag, så kunne vi kanskje i løpet av eit par hundrede år igjen nyte utsikta over det flotte landet vårt. Takk for ein trivelig rapport!
  5. Rev, hjort og ørn (både kongeørn og havørn) har eg sett på fjellet, men det møtet med rovdyr som har gjort størst inntrykk på meg var då eg 11 år gamal var med pappa for å dra krabbeteinene. Ein spekkhoggar kom sigande inn fjorden, og bles berre 20-30 meter frå oss. Eg trur kanskje det var fyrste gongen pappa ikkje måtte be meg om å sitje i ro i båten Seinare har eg vore heldig og sett mykje kval; spermkval og grindekval ved Grønland, niser og fleire spekkhoggarar på sjøen heime, og nokre flotte delfinar som surfa rundt baugen på båten ein strålande dag på tur gjennom sundet Little Minch mellom Skottland og Hebridane. For eit par år sidan budde eg i ei kjellarleilighet i skogkanten her i Florø. Ein sommardag vaska eg opp mens pizzaen stod i omnen. Pizzaen var klar før eg var ferdig med oppvasken, så den vart sett på rist på benken. Plutseleg rasla det i graset utanfor vindauget, og der kom ein mår sprettande. Eg vart ståande utan å røre meg og sjå på den. Han hoppa gjennom eføyen som voks utanfor, og kom heilt bort til veggen. Plutseleg røyste han seg på bakføtene, og stakk hovudet og framføtene inn gjennom vindauget og snusa. Han såg meg rett i augene eit lite sekund, men snusa vidare og såg seg rundt i kjøkkenet eit lite øyeblikk til før han snudde seg og rusla til skogs igjen. Etter denne opplevinga gjekk det fleire veker før eg turde vaske opp utan å ha kameraet i lomma.
  6. Her er mine favorittar 1. The Shawshank Redemption (Frihetens Regn) - Det er ikkje utan grunn at den ligg på topp på imdb nei (ikkje noko vel-vel her i garden). 2. Forest Gump - Say no more. 3. The Green Mile - Stephen King kan meir enn skrekk og gru (^^ Frihetens Regn) 4. True Romance. 5. The Boondock Saints.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.