Gå til innhold
  • Bli medlem

saakre

Aktiv medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om saakre

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. eg er stor tilhenger av deler av det arbeidet som DNT driver med. merking av stier, sjølvbetjente og ubetjente hytter, osv. Det er i hvertfall to områder innan denne organisasjonen som eg ikkje har spesielt mykje til overs for. Detter gjelder: 1: betjente hytter: Prisene på desse hyttene ligger langt over det som bør være akseptabelt for ein frivillig organisasjon. Prisane tilsvarer standarden, og er skremmande lik andre kommersielle aktørar i og fundt fjellet 2: DNT-fjellsport: Kursing og guiding i fjellet: Prsiene på denne delen av DNT er og skremmande lik andre kommersielle aktørar, sjølv om DNT-betalar mindre til sine guidar enn andre aktørar. (Dette er nok ein annan diskusjon enn denne tråden) Slik eg ser det, er det absolutt ikkje logisk for meg at eg skal betale skatt for at DNT skal få desse pengane til å å gjere denne delen av sin organisasjon. Mitt forslag er derfor: Skill ut dei betjente hyttene og den komersielle delen av DNT-fjellsport. Desse to har nok inntekter til å gå rundt. DNT A/S La statsstøtten og tippemiddla gå til den riktige delen av DNT, på denne måten kan DNT fortsatt være ein frivillig organisasjon og ikkje ein halv kommersiell organisasjon som får statsstøtte og andre fordelar enn andre kommersielle aktørar som dei på enkelte områder konkurerer med. LA OSS FÅ TILBAKE DNT SIN FRIVILLIGE DEL IKKJE SUBSIDIERE EIN KOMMERSIELL AKTØR I EIT MARKED. Dette er vel kanskje ulovelig og????
  2. har ein tur som eg har stor tru på. Det er litt langs kysten og meist innanlands. Kjøre til Halden, padle sørover bohuslen kysten og ned til inntaket til Dalsland kanal. Padle heile denne opp, og da kommer ein til toppen av haldenvassdraget (trur eg det heiter, har ikkje kart foran meg) litt bæring for å komme over til dette. å padle tilbake til halden. kor lang tid, er eg usikker på. Vil ein ha meir villmark enn det er langs dalsland kanal, er det mange insjøar rundt, men da må ein bære ein del meir. Gjennom kanalen er det sluser, som gjer at du slipper å gå ut av kajakken.
  3. Visst du leser det eg skriver å ser på det eg svarer på, at OØ skriver at han er koordinator og ikkje fører samtidig som at turen ikkje er betaling på, er det ikkje krav om fjellkursleder. Det som eg setter spørsmål ved, er om vi er tjent med å ha dette hullet innanfor krav til sikkerhet for ein ansvarlig person på tur. Visst det skjer ein dødsulykke på ein slik tur, kven står som ansvarlig? er det vedkommande som står som koordinator eller er det turdeltakerne sjølv? Eg føler ikkje at det eg skriver er eit angrep på DNT-fjellsport og har heller ingen intensjoner om dette. Eg skriver og at det er den prinsippielle diskusjonen som eg synst er viktig i denne samenhengen og at turen er brukt som eit eksempel, men utan kritikk til DNT-fjellsport eller koordinatoren. Spørsmålet mit igjenn som eg synst er eit viktig spørsmål: Er vi tjent med at så lenge vi kaller den ansvarlige personen noko anna, (førar til koordinator) og ikkje tar betaling, kan senke kravet til utanning kraftig? Førar --> fjellkursledar Koordinator --> Klatreinstruktør 1
  4. Tanken om sikkerheten på akkurat denne turen, har eg ingen tvil på er utmerket. Eg har som i det andre innlegget hatt den glede av å ha vedkommande på kurs og veit at han er dyktig. Det som er min tanke rundt dette, er at så vidt meg bekjent har han klatreinstruktør 1, og det er, i dette tilfellet, opp til DNT-fjellsport bergen å bestemme om vedkommande er kompetent eller ikkje. Det eg meiner er at det må være klare rettningslinjer for den ansvarlige personens utdanning. Det som eg ser på som problematisk, er at DNT-fjellsport, som eg betegner som ein komersiell aktør, aktivt markedsfører ein tur med ein "koordinator" som ikkje tilfredsstiller utdaningskrava til NF. DNT- som har to av seks plasser i NF styret bør følge dei retningslinjene som NF legger. Eg regner med at ein person som melder seg på ein tur med koordinator tenker at denne turen kan eg ikkje ta utan at det er nokon andre som er meir kompetent enn seg sjølv har det endelige ansvaret. Som OØ skriver og har han eit ansvar ovenfor deltakerne. Dette er som sagt ikkje eit personangrep på ein meget dyktig kar, men ein prinsipiell diskusjon omkring kompetansekravet til førere og "koordinatorer". Tanken om at dette er prisdumping, er at andre komersielle aktører har ikkje muligheten til å ta slike turar. DNT- står i ein særstilling som ein frivillig organisasjon, dette gjelder organiserte turar som snøhetta diskusjonen (som er ein annan diskusjon) og det å bruke turledera som ikkje nødvendigvis er kvalifisert i henhold til NF-standarden. (Det er mulig at komersielle aktørar kan la vær å ta betalt for ein tur og ikkje da trenger å bruke fjellkursledere??? Dette veit eg ikkje sikkert) Tanken er: Når NF har bestemt at ein må være fjellkursleder. Bør ikkje dette gjelde alle organiserte turer DNT eller eï? Betaling eller ikkje? det blir markedsført av ein stor aktør på markedet. Å sjansen for at sikkerheten er betre med ein fjellkursledar enn ein klatreinstruktør er større.
  5. ragnarb: Det er fjellkursleder som kan drive føring Regner med at det her meines innan det komersielle. Er det da bra at vi har eit smutthull i dette at førere som ikkje er kvalifisert som fjellkursleder kan drive føring i fjellet mot at ein ikkje tar betaling? Turer som f.eks. http://www.stavanger-turistforening.no/activity.php?ac_id=20410&activity_advanced_search=1 Dette må på ingen måte bli sett på som kritikk mot føraren. eg har personlig hat privelegiet med å være kursdeltaker med han, men det er andre med samme eller mindre utdanning som kan arrangere ein slik tur. Eg synst det er ein stor forskjell mellom å ta med ein kompisgjeng på tur, kontra markedsføre ein slik tur som denne gjennom ein komersiell aktør som DNT-fjellsport i praksis er. Dette er vel og eit eksempel på at DNT dumper priser innan føring i fjellet.
  6. tar den kritikken.. eg tok ikkje med at det i dette tilfellet var snakk om breinstruktør 1. Det som var i min hensikt å fremme, var at kravet for å bli breinstruktør og få regodkjenning synst eg personlig er for lav. Med ein slik sertifisering kan ein ta ansvaret for ei gruppe over jostedalsbreen. (om dette ikkje stemmer driver mange aktører ulovelig) Personlig meiner eg at ein med denne sertifiseringa er man ikkje nødvendigvis kompetent til å ha ansvaret for denne turen. Ein bør ha opplevd dårlige forhold før ein opplever dette med gruppe oppe på breen.¨Det er ikkje sikkert ein har i utdanninga. Kanskje aktørar er flinke til å sile ut desse som ikkje har nok erfaring, men da blir det ein subjektiv vurdering av akrøren som eg trur er uheldig. Selfølgelig er det veldig mange andre faktorer enn heltid/deltid som spiller inn, men her var det meint for den enkelte instruktør. ikkje ein samanlikning mellom instruktører. Eg har og hatt gleden av å være på kurs med og hatt kurs med dyktige NF-instruktører, og er ingen tilhenger av monopoltanken innan fjellføring. (sjølv om nortind ikkje har fronta dette) Eg skal være meir nøyaktig i mine komentarar
  7. i siste utgave av bladet klatring skriver Dag Cappelen Papazian (daglig leder og medeier i klatreverket) eit innlegg om betling til instruktører. Dette inlegget er verdt å lese. kort oppsumert: fra tidlig på 90-tallet og fram til i dag har prisane på klatrekurs vært skremmande lik. Lønna til instruktøren var dårlig den gangen, og vil vel nærme seg elendig nå, med mindre arrangøren tar mindre del av kaka. Underbetalte instruktører har en hel del opplagt uheldige konsekvenser. Den alvorligste er risikoen for ulykker på selve kurset pga manglende erfaring fra instruktørens side. varnglære og dei uheldige konsekvensane dette medfører seg som ein god nr. 2. Kravet til instruktørerns dyktighet og erfaring bør være høye, og lønna bør være dereetter. Det er tydelig at den påbegynnte formaliseringen av instruktørutdannelsen (NF) ennå ikkje har resultert i respektabel lønn. Kanskje det er på tide at instruktørene organiserer seg og går i tåg 1.mai? les heile i Klatring nr 3 mai/juni
  8. slik eg ser det er det slik: heiltid er betre enn deltid Nortind er ein betre utdanning enn NF Dei fleste som driver føring i fjellet er deltids NF-guider Kompetansen til guidene/førerne bør hevast, da spesiellt på krav til vedlikehold av kompetanse. NF- bør heve kravet for regodkjenning av sine instruktører. Har ikkje meint å uttale meg om heiltid eller deltid i seg sjølv er trygt eller utrygt, men at heltid vil auke kompetansen på den spesifikke guide som igjenn er positivt for kunden.
  9. til essem Kva argumentasjon kommer eg med som støtter lovbryting? kva lov bryter dei? og på kva måte?
  10. svar til essem samenligninga mellom ortopeder og førere er sjølvsagt ikkje relevant i seg sjølv, men ein godkjent ortoped som har få opperasjonar i året av ein visst type som f.eks. korsbånd. kan samanlignast med ein førar som har få føringar/kurs i året. Dei er begge godkjent til det dei driver med, men desse personane uansett yrke vil ikkje ha samme overkudd og innsikt i kva som kan gå gale og oversikt over nye metoder, kjennt i ulike terreng osv. Ein ortoped som har mange slike opperasjoner vil kunne samalignast med ein førar som driver det på heiltid, er oppe i mange situasjonar, holder seg løpande oppdatert i det praktiske feltet, kontra andre som holder eit kurs kvart år eller anna kvart år for å beholde lisensen sin innan NF. Eg meiner derfor at eit tiltak som i dag kan løfte dette kjapt, er kravet til regodkjenning innan NF. dette bør aukast kraftig. per i dag er det 25 dager på 5 år, det er 5 dager i året, av dette skal det være 10 dager kurs og 10 dager egenaktivitet. Dette kan vi ikkje være nok for å holde eit faglig godt nivå på førere kursholdere?
  11. Det går i hvertfall to diskusjoner på denne tråden no. svar til -RM- Du skriver at du er positiv til bolting/tilrettelegging av 10% av fjella i eit område. dette sikkert fordi du ønsker at personer som ikkje klarer å komme seg dit med den kompetansen dei innehar skal få muligheten til dette. er dette positivt? er det slik vi vil ha det? og kor skal grensa gå? om dette er med på å betre helsa til den vanlige nordmann så er vel det kanskje bra, men fjellnorge er så mangfoldigt at den vanlige nordmann vil ikkje ha problemer med alternativ til desse toppane som dei ikkje har kompetanse til. visst enkelte toppar skal tilretteleggast slik at alle skal kunne komme dit, kva då med dei i rullestol. skal vi tilrettelegge fjellet for denne gruppa? Eg meiner at fjellet i norge bør være som det er. med enkelte tiltak som for eksempel rappell feste på Storen. Dette er eit betre alternativ enn at alle skal legge igjenn slynger. Rappell festet er og av ein slik art at det kan fjernes. Bolting av standplasser/rappeller ser eg på som eit dårlig alternativ til på grunn av den permanente forandringa dette skaper. La fjellet være som det er, det er ingen menneskerett å komme seg opp på alle topper, kun å ha muligheten til det. Kompetansen det enkelte fjell krever må opparbeidast før turen blir gjort, alternative er å leige ein førar som kan stå for sikkerheten. svar til essem Sjølve det om å leve av det eller ikkje er kanskje ikkje ein spennande del av diskusjonen, men konsekvensen av førere og guider som lever av det på full tid er viktig å ta med seg. I alle andre deler av samfunnet ønsker ein høg kompetanse og personer som ofte er i dei situasjonane som er relevante i forhold til kva ein ønsker. for eksempel: Ortopeder, skal du opperere eit korsbånd ønsker du da ein person som gjer dette to tre ganger i året, eller ønsker du ein som gjer dette ofte. Det samme trur eg alle som betaler for ein førar eller guide vil. Ein nortind guide eller ein NF-godkjent guide som jobber med føring/kursing på heiltid vil være i så mange situasjonar så ofte at ein på denne måten aukar sikkerheten. Dette må da være positivt for kunden. eksempelet dit med polo og volvo, synst eg ikkje er samnalignbart og lite konstruktivt i denne diskusjonen. Slik eg ser det er minimumskravet til førere i fjellet i dag langt mindre sikkert enn det ein polo er i trafikken. minimumskravet til ein fjellførar bør være på eit slikt nivå at ein kan håndtere alle situasjoner som kan oppstå på den turen som ein er på. kva dette minimumskravet bør være er eg ikkje kompetent nok til å utforme, men kravet til kompetanse aukar i alle andre delar av samfunnet dette burde og gjelde førere.
  12. ragnarb Dumping er kanskje ikkje rette ordet, sidan prisen på slike tjenestar har økt i takt med etterspørselen. Det er derimot mykje sant rundt betalinga DNT-fjellsport har til sine instruktørar. (Eg skiller bevisst mellom DNT og DNT-Fjellsport) Eksempel 1: DNT-Fjellsport oslo gir sine instruktørar 4500 for ein føring på jostedalsbreen. Turopplegget er avreise frå Oslo onsdag ettermiddag, og tilbakekomst søndag kveld. Instruktøren må da dekke reise til og frå jostedalen, mat, slitasje på eiget utstyr, betale skatt og betalinga er i tillegg inkludert feriepenger. omreknar vi dette i dagsutbetaling brutto: 4500 minus 700 i reiser til og frå minus 300 kroner i mat og slitasje på utstyr (ca tall som mange kan være uenige i) 3500 dropper i å ta med onsdag frå 16.00 å ser på dette som fritid, blir det 4 heile dager. 3500/4=875 kroner dagen Eksempel 2: Kva DNT-Fjellsport betaler for eit ukeskurs på bre varierer: 8 dager =6300 eks. mat 8 dager =7000 ink mat regner vi dette om til dagslønn får i 6300/8=787 eks mat 7000/8=875 ink mat Begge desse eksempla må instruktør betale reise til og frå sjølv Vidare brukar eg derfor ei dagslønn på 875 kr brutto eg ser i dagens samfunn og lønnsdebattane at lærere (som eg utdanner meg som) og andre samfunnsagrupper krever meir lønn og har i dag ei startlønn på pluss minus 350 000 alt etter utdanning. For at ein instruktør i DNT-fjellsport skal kunne komme opp på 300 000 i året brutto trengs det: 300 000/875= 342 dager på tur. Det er ikkje snakk om dumping, men bare veldig dårlig betalt. Eg regner med at andre arrangørar betaler betre sine instruktørar som klarer å leve av det på heiltid. Tiltenkt eksempel: tindevegleder tjener 1500 kroner dagen på tur. 300 000/1500= 200 dagar på tur vidare ser ein da på betalinga til kursdeltaker, er prisane mellom dei ulike aktørane skremmande lik. eit brekurs ligg på 3000-4000 i telt og 5000-7000 i hytte nesten uansett kursarrangør. Spørsmål som eg stiller meg da er: pr instuktør pr dag, får DNT inn 625 kroner meir enn ein arrangør som brukar tindevegledar på heiltid. kva skjer med desse pengane? Eg ser på DNT-Fjellsport som ein komersiell aktør som bør stille på lik linje med andre kommersielle aktørar og ikkje bli betegna som ein frivillig organisasjon som DNT er. Mine tall er henta frå http://www.dntfjellsport.no/oslo/index.php?fo_id=3583
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.