Gå til innhold
  • Bli medlem

AndreasD

Passivt medlem
  • Innlegg

    4
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. Eg har padding frå Ortlieb som er laga til frontveska og som fungerar svært bra sidan den er festa på plass og ikkje bevegar på seg. Men skumgummi fungerar sikkert fint det også.
  2. Etter 11 000 km i styreveska pakka inn i litt stoff er speilrefleksen til kameraten min fortsatt like fin. Eg har padding i mi styreveske og min speilrefleks er også på topp. I BOB-hengaren har vi eit svært videokamera, men også dette er det null problem med. No har vi for det meste sykla på asfalt, men ein del risting har det nok likevel blitt.
  3. Personleg synes eg det er best å pakke i vesker i staden for hengar, men det er jo smak og behag. Då kan eg organisere veskene og ha full kontroll, med sykkelhenger har du som oftast ein stor bag og då blir det meir rot. Det er også praktisk å f.eks. ha ei av framveskene til oppbevaring av pass, pengar, osv. slik at du berre kan ta med den eine inn når du skal stoppe ein stad og kan la resten stå utanfor. Når ein syklar i storbyar er det også mykje lettare med vesker, for sykkelen blir veldig lang med hengar. Det blir også meir vedlikehald med hengar. Eg har sykla i over 80 km/t med vesker og hengar og då syns eg det er hengaren som gjer at det byrjar å vingle litt, ikkje veskene. Når ein fyrst er vand med å ha veskene der og har fordelt vekta likt synes eg det ikkje er noko problem med at det blir ustabilt. Eg kan også anbefale BOB Ibex som mange andre her har gjort. Fungerar veldig bra og kvaliteten er god (bortsett frå kulelageret i hjulet). Vi har ei nettside her med masse bilder og historier: http://www.kapptilkapp.no Bidra gjerne med ein slant til UNICEF-innsamlinga dersom du har glede av bloggen
  4. Tubus har mange gode bagasjebrett. Eg lurer på om det går ann å feste det til sykkelen din med "Schnellspannadapter", men er dessverre ikkje heilt sikker.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.