Gå til innhold
  • Bli medlem

Karl Olaf

Passivt medlem
  • Innlegg

    1
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. Etter å ha fulgt denne debatten frå sidelinja ei stund er det freistande å kome med eit par innspel. Debatten ser ut til å ha sitt opphav i eit seminar nortind arrangerte i haust kor dei kom med utspel at dei ynskja å marknadsføre seg ovanfor norsk reiseliv slik at reiselivet berre skal benytte tindevegleiarar til bre- og fjellføring. Både DSB og deltakarar på seminaret har fått ei forståelse for at nortind ynskjer monopol på desse aktivitetane, og hvis nortind no benektar at dei ynskjer dette er det all grunn til å konkludere med at nortind har opptredd og formulert seg svært klønete i og med at både myndigheter og fjellsportorganisasjonar har oppfatta nortinds utspel som eit ynskje om monopol. Det er ellers kjent at mange tindevegleiarar har uttalt at dei skulle ynskje at nortind hadde monopol - noko som ikkje er vidare eigna til å betre samarbeidsklimaet mellom friluftslivorganisasjonar som driv med fjellsport. Styret i nortind og president Einang har kome med ei offisiell uttaling frå styret. Denne er svært lite oppklarande, men avslører meir enn ein skulle tru ved fyrste augnekast. Ola Einang skriv i svaret sitt: "Vi får av og til spørsmål fra utlandet om det er riktig at det i Norge ikke stilles noen krav til de som vil ta med gjester i krevende og utsatt fjellterreng. Per i dag må vi bare bekrefte dette." Nortind kjenner altså ikkje til produktkontrollova og internkontrollforskriftene som er det lovverket som regulerer bre- og fjellføring i Norge. Dette til tross for at det er poengtert i begge dei to breva frå DSB som nortind har publisert på sine eigne vevsider. Ein kunne i det minste kanskje forvente at dei opplyste om dette lovverket når dei får spørsmål frå utlandet. I staden framstiller dei Norge som eit dumpingland, og vil då kanskje bidra til at det kjem inn utlendingar som ikkje er kvalifiserte til føring fordi nortind har sagt at ingen lover gjeld på dette området i norge. Forklaringa er kanskje å finne i at nortind ikkje er nøgd med det norske lovverket og heller skulle ynskja seg ei sertifiseringsordning som gav dei ei særstilling i staden for eit lovverk som pålegg dei plikt til internkontroll? Dette var eit svært skuffande svar frå nortind! Vidare skriv Ola Einang: "Skal en stille kvalitetskrav til denne typen virksomhet i Norge, bør det være mer nyansert. For eksempel ved at en skiller mellom frivillig aktivitet (Idrettslag, Turistforening m.m.) og markedsført, kommersiell virksomhet." Meiner verkeleg nortind at det skal være mindre trygt å delta på aktivitetar leia av frivillige enn av kommersielle? Dette vil ikkje bidra til aukt sikkerhet i fjellet på nokon måte! Lovverket (som nortind visst ikkje kjenner til) skiljer heller ikkje mellom kommersiell og frivillig verksemd. La oss og håpe at vi aldri kjem dithen at ein i Norge kan verta fengsla fordi ein tek betalt for føring i fjellet (fordi ein ikkje har det rette bokstavmerket på jakka si) sjølvom den reelle kompetansen er til stades. Dette er tilfellet i alpelanda. La oss håpe at nortind framover heller ser behovet for å samarbeide med andre friluftsorganisasjonar framfor einsidig å kjøre sitt eige løp mot profesjonalisering slik dei no gjer.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.