Gå til innhold
  • Bli medlem

magnum_mauser

Aktiv medlem
  • Innlegg

    102
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

51 Good

Om magnum_mauser

Nylige profilbesøk

2 051 profilvisninger
  1. 😂😂 Det er heilt sant! Ein komiker sa ein gang at den største forskjellen på menn og kvinner var at kvinner kan aldri gå tilbake på livsstil og menn kan ikkje gå tilbake på sex: har vi først prøvd noko ein gang og liker det - er det på menyen. Eg trur eg vil legge til optikk i tillegg😂
  2. Når ein leser spesifikasjoner på kjente varmevester frå til dømes heat experience, so har dei varmetråder i ryggen og på brystet, dvs 2 felt. Men det selgast ein del vester frå mindre kjente merker der det blir reklamert med betydelig fleire felt, f.ex 9 ulike varmefelt, til og med i nakkekragen. Ein norsk butikk køyrer knallhardt på slike vester til ein hyggelig pris i desse dager: https://www.bygghobby.no/products/varmevest-large Er det nokon som har testa desse vestane opp mot dei meir kjente merka som har vert solgt siste åra, som kan seie noko om kvalitet og om der er noko å hente på dei ekstra varmefelta?
  3. Swarovski el 8x32, ein liten "drøm" er realisert. Første gang eg såg gjennom ein slik, tenkte eg at ein slik kikkert skal eg eige ein dag. Og når ein dukka opp til ein fantastisk pris - då var det berre å vise handlekraft 😁
  4. Eg har terriere og har hatt støver. Eg synes forsikring via agria eller gjensidige er greit fordi eg får dekka alle vetrinærutgifter utover eigenandelen. Eg har f.ex hatt 3 tilfeller av forgiftning på mine hunder og ved eit tilfelle måtte eg til dyrlegen ein søndag kveld og det kosta 5500 kr berre at dei opna klinikken for meg. Tryggheten med forsikring kontra det å sette av penger, er at du slipper å havne i ein situasjon der du privat må ut med betydelige beløp dersom hunden blir sjuk før bufferkontoen er fylt opp. Eg fekk f.ex i dag beskjed av tannlegen at eg må bruke 23 000 kr på tenner før jul - og då er det greit å vite at om hundane blir dausjuke trenger eg ikkje å tenke økonomi ang det 😂
  5. Takker for svar. Det finnes jo ørten ulike rimelige anorakker der ute, frå 700 kr til 2000 kr, i meir dagligdagse farger og i moderate lengder. Solangt finner eg berre typiske jaktplagg som har den lengden eg ønsker og prisen er deretter. Øverstkommanderende for heimen synes av ein eller anna merkelig grunn at grønne klær ikkje er rålekkert 😂
  6. På Bergans sin outlet fekk eg ei hettejakke i ull til ein overkommelig pris. Eg vil heller kalle den hettegenser og den var perfekt som mellomplagg på jakt 😊
  7. Hei folkens. Frua har begynt å gå mykje turer då ho ønsker å gå av seg nokre tilleggskilo ho har fått etter å ha født to barn, men vi bur på vestlandet og her er ofte surt og kaldt. Ho har vanntette jakker, men desse går skjeldent lenger enn ned til rumpa. Desverre har ho oppdaga min anorakk frå Blaser, den er so lang at den går ned forbi knea bak - dvs slik ein skikkelig anorakk skal være. Men det medfører at den svært ofte er fuktig og klam når eg skal bruke den på jakt påfølgande morgon - so eg leiter litt etter ein litt tilsvarande anorakk til ho. Dette er til vanlige spaserturer, so det er ikkje aktuelt å svi av mangen tusen kroner. Det finnes mangen rimlige anorakker der ute, til under 2000 - med ein eller anna membran som holder ho tørr på sine turer. Men eg finner ingen som er av den lange typen - er det nokon som har eit tips?
  8. Eg er glad i lavterskel friluftsliv, med det meiner eg det å få eit innfall ein ettermiddag, stappe alt eg trenger og masse eg ikkje trenger ned i ein diger sekk og rusle avgårde. Eg har hengt opp køya alt frå 100 meter frå nærmaste vei, til langt inne i skogen. So fyrer eg bål og koser meg om kvelden, sover i hengekøya under open himmel og reiser heim neste dag. Dette blir min samboer med på, men det er ekstra viktig at det blir maksimalt med komfort og minimalt med slit og ubehag. Første natta ho ville vere med å sove i hengekøye, vart det klårvær og skikkelig kaldt om natta, temperaturen falt med 10 grader og det var -7. Ho vekte meg og sa at ho var so kald at ho reiste heim, heldigvis var dette 300 meter frå huset vårt. Påfølgande formiddag hadde ho blod i urinen og ein massiv urinveisinfeksjon 😶 Neste dag kjøpte eg vinterpose til ho, som skal holde ei dame varm og komfortabel ned til -12. Vi har hatt fleire netter ute i kuldegrader etter dette, og då koser ho seg, fordi ho holder varmen og har det komfortabelt. Eg trur nøkkelen til å introdusere friluftsliv til nye mennesker, om det er sambuar eller barn, speler mindre rolle. Men dropp eigne ambisjoner, legg terskelen lavt, sørg for at utstyret er so bra at det blir komfortabelt og ha fokus på kos! Stapp i dei sjokolade, kok kakao, lag god mat osv. Fyr bål, ha gode liggeunderlag dykk kan sitte på, få ho i armkroken din med eit glass vin i handa (hvis det er innafor) og skap gode opplevelser - då har du gode sjanser for at ho blir med neste gang 😉
  9. Eg har brukt desse i eit år no. Eg liker skoa godt, men eg opplever dei som noko "tettare" i den forstand at eg blir klammare på beina enn eg blir når eg bruker sko som ikkje er syntetiske. Uten at eg veit om det er korrekt, er min teori at sko med lær/skinn "puster" bedre jevnt over heile skoen, enn desse som har ventilasjonshull på sidene. Eg har faktisk sett at ved hard aktivitet der eg går hardt og lenge, so skummer desse skoa ut luftehulla på sidene - einaste skoa eg har hatt som fråder ved hard aktivitet 😂 Lette nok, godt grep og grei utforming for mine bein. Som nevnt kan dei vere utfordrande å tørke, men alle oss som driver med friluftsliv bør ha ein luftavfukter på vaskerommet. Det har eg og då tørker det aller meste over natta, uansett kor vått det er 😊
  10. Eg digga Alfa orre pga vekt, stabilitet og ikkje minst grep - men måtte gje tapt pga smal lest. Alfa sa for ca 1 år sia at ny sko var under planlegging, den skulle bli ein forbedra utgave av orre, med brei lest. Når eg finner den i butikken, kjem det til å klø i havelysten 😶
  11. Friluftsbua, ei lita sjappe i Førde som selger Magasinet sine produkter.
  12. Eg hadde ein tur innom ein butikk som er tilknytta Magasinet. Der hadde dei lette/tynne olivenfarga dunjakker hengande til ein overkommelig pris (600kr). So impulskontrollen gav etter og eg enda opp med ei slik jakke og ein skikkelig kompresjonspose på 2 liter. Eg trur dette kan fungere godt når eg skal sitte nokre timer på post langt til fjells, tørr ulltrøye innerst, dunjakka og ei skikkelig ytterjakke. No er det omsider blitt haustemperaturer - so eg får testa det innan rimeleg tid 😊
  13. @sneakyowl eg skjønner godt kva du meiner. Men når ein er busett langs kysten av vestlandet er desverre både yr, regn, vind og stiv kuling meir normalt enn oppholdsvær og stille 😂
  14. Eg er også glad i lette fjellsko, og samtidig synes eg vedlikehold er fryyyyktelig kjedelig. Eg enda derfor opp med alfa walk king air, som er ein syntetisk og lett sko frå alfa. Det er ein av dei dyraste skoa til Alfa, men gode sko er verdt kvar krone. Dei har ein damemodell som heiter walk queen air, sjå på den.
  15. @Grimner eg begynner turane mine i tshirt med skaljakke/vindjakke ytterst. Når eg er ferdig å klatre høgdemeter kler eg på meg for å kunne være i fjellet/sitte på post nokre timar. Eg misunner mennesker som skjelden svetter eller blir varme, som kan kle seg godt frå første øyeblikk og være ute og aktivitet ein heil dag uten å bli svett og deretter kald 😶
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.