Gå til innhold
  • Bli medlem

distriktsvenleg

Passivt medlem
  • Innlegg

    3
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av distriktsvenleg

  1. For alle som drøymer om lange turar i to nasjonalparkar vert det langtur-spesial under årets brefestival i Jostedalen. Torsdag 2. juni – Ukjende perle på breen: Storenosi. Vêr med kjentmann og Tindevegleder Jostein Aasen frå Norgesguidene til ein av hans yndlingstoppar på Jostedalsbreen. Ein spesiell tur til ein topp svært få har vore på nord på Jostedalsbreen. Fredag 3. juni – Krundalen rundt på ski. Skitur rundt fagraste u-dalen i verda, med tindevegleder og krundøl Steinar Bruheim frå Jostedal Breførarlag. Laurdag 4. juni – Vangsen spesial, ”Åttetalsturen”. Vangsen frå ei heilt ny side med førar Bjørnar Bjørhusdal frå Fimbul Jostedal. Ein lang tur med fleire sjeldne nedkøyringar. Søndag 5. juni – Breturen du drøymer om. Usedvanleg bretur opp brefallet til Nigardsbreen med mannen som kanskje kjenner han aller best, Steinar Bruheim frå Jostedalen Breførarlag. Oppmøte: Breheimsenteret kl 10. Det vil og bli aktiviteter for ungane kvar dag med brevandring, klatring og buldring og tur med SNO for å leite etter spor etter bjørnen. heile programmet: http://brefestivalen.no/program
  2. For alle dei som drøymer om Lodalskåpa vert det tur med tindevegleiar Jostein Aasen frå Norgesguidane, fredag 4. juni under Brefestivalen i Jostedalen. Dagen etter les Erlend Loe frå boka Jotunheimen på Spørteggbu (Hytta på mannen)(1550 moh) ellers i programmet vert det brattkøyringskurs, tur med fyrstenedkøyring, ein usedvanleg bretur opp brefallet på Nigardsbreen, filosofisk bretur og mykje meir moro. heile programmet www.brefestivalen.no
  3. Du kan køyre til Bjønnstegane som er omlag 2 km frå Fåbergstølen. Derifrå er det køyrt skispor på vegen inn dalen. Liten parkeringsplass der vegen stoppar og skisporet byrjar. www.jostedal.no
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.