Gå til innhold
  • Bli medlem

ibzotern

Aktiv medlem
  • Innlegg

    10
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av ibzotern

  1. Takk for tips! Gjekk vekk ifrå skallbukse og tenker heler å satse på vanleg turbukse (og kombinere med regnsbukse, da). Har prøva Fjällreven Keb buksene, og synast desse er meget bra. Som sagt er eg veldig smal og lang, slik at eg prøva Keb Long - som er 5 cm lenger - men blir framleis for kort, sjølv om resten av passforma blir perfekt (huff må legge litt på meg....) Så nytt spørsmål; nokon som veit om liknande bukser (med god luftefunksjon ogrelativt slitesterk) som kan passe for høge smale folk?
  2. Takk for svar! Muleg eg går for Beta AR, sidan eg veit at den passar bra. Veit nokon kva som er største forskjell mellom alpha/Beta frå arcteryx?
  3. Er på iherdig leit etter god skalljakke som passar ein høg og smal kar som meg sjølv. Har testa Arcteryx beta i str M med lang lengde. Denne var bra rundt livet, dog synast eg det er minus at den ikkje har noko særleg lommer. Er det andre merker som fører sånne størrelser (altså smal i midja, men lang)? Kriterier for kjøp er: -Skall i form av gore-tex/dri3 eller liknande. -Glidelåsar for lufting
  4. Takk for tilbakemelding! Spørs vel om 2500 kcal kan bli litt lite, men du har heilt rett i at proviantering på hytter er fullt muleg, slik at me kan føle litt på det i starten og heller komme innom ei hytte dersom nødvendig. Verka som eit bra tips det å auke inntaket mot slutten.
  5. Hei! Sitt her og planlegg tur på Hardangervidda og har komme opp med følgjande (foreløpig) matmeny per dag: Frukost: 150 g store havregryn med ca 100 gram heilmjølk (Kor mykje er dette i tørrmjølk?) Lunsj: 50 g knekkebrød 30 g fløtemysost 50 g sjokolade 50 g cashewnøtter Middag: 100 g hurtigris/potetmos/couscous sjølvfanga fisk (usikker på hårr mykje ein kan rekne me å få) 58 g betasuppe (ein halv pakke) Anna: 30 g sukker 30 g smør salt Ifølge næringsinnhold.no bør dette gje meg nok kalorier dersom eg reknar med å få fisk (2456 kcal utan fisk), men veit at forhalda for fisking på vidda i denne overgangsperioden kan vere uberegneleg så tar med nokre pakker Realturmat. Dessuten reknar vi med å komme innom et par turisthytter på vegen og dersom me ser at me får litt skralt kjøper me meir der. Kan jo nemne at me reknar med å gå nokså lange dagsmarsjer. Kva er tankane dykkar? Er dette for lite, eller for mykje eller risikerar at det blir for kjedeleg kosthald? Burde eg for eksempel bytte ut noko av osten med anna pålegg? Er svært glad for alle svar!
  6. Hei! Eg undrar; skadar du koke/kjeleutstyret i aluminium dersom det vert bruka på bål? Har kjøpt eit Trangia sett i aluminium og det hadde vore greit å få vite om eg kan kombinere bålbruk og vanleg bruk. Soterud
  7. Meininga var å fiske litt ja, men da eg drog opp snella fant eg ut at snøra var råttent og ubrukeleg. Så det var litt tabbe... Dei turane eg har vore på Lifjell i vår, sommar og haust har vore veldig fine med som regel godt vær. Det var veldig grønt og fint i sommar
  8. heilt enig i at Lifjell e et herlig område Faktisk møtte eg ikkje ein sjel på heile turen ! Men eg syns nå det e greit
  9. Eg hadde bestemt meg for å starte ved Jønnebu og ende opp ved Grimåsen på Seljordsida av Lifjell. da eg gjorde meg klar for avreise ved Jønnebu, merka eg fort at hausten hadde satt mykje meir preg på fjellet enn i låglandet og eg kunne skue utover eit raudt landskap . Veret var nydelig og varmt og nesten vindstille. Med friskt mot satte eg kurs vestover forbi Krintokleiva og Anebu til Oksladalen. Klokka var rundt 5 og her hadde sola allerede dalt bakom Nybufjellet. Eit stykke oppi dalen gjekk over til Kloppesteintjørn der eg igjen fekk sola i fjeset. Her slo eg opp teltet og tilbrakte natta. Etter ein god natts søvn vakna eg i halv sju tida og gjekk opp på ein nærliggandes kolle der eg ville sjå på morgonen. Eit tynt skylag dekte himmelen som gjorde sola svak. Disen låg ennå tjukt over Norsjø og Bø. Eg kom meg vidare ved 12-tida og gjekk nordover langs eit sauetråkk til Rjupetjørn. Skylaget begynna å løsne opp og sola skein i ryggjen på meg. Litt vind hadde eg. Frå Rjupettjørn gjekk eg langs Holmen og nordover til Svarttjørn. Her kunne eg skue nedover mot Høllan, Slettefjell og Himingen. Eg gjekk atter vestover over Sudfjellet. Idet eg begynna å gå nedover Gurosroi såg eg tri elgj, Ei mor og to kælvær som tydelegvis hadde komme over fra Goddalstjørna og skulle over fjellet. Eg sto å kikka etter dei idet dei forsvant ned til Sunnstul. Vidare gjekk eg vestover til Goddalstjørna og deretter nordover til Leritjørn og kom over den merka sommarløypa som eg fylgjde te Tjorbutjørna. Her satt eg opp telt og tenkte å sove over. Været hadde blitt mykje gråare og vinden blitt ganske så kraftig. På grunn av vinden var det vanskelig å få seg noko søvn og eg lura fleire gonger på om teltet skulle blåse vekk samans med meg. Eg vakna i firetida og va oppe ved sekstida og da eg bestemde meg for å få med meg soloppgangen ved Røysdalsnuten. I kraftig vind og halvmørke traska eg opp og var der vel ved sjutida. Eit skylag skygga uheldigvis for sola, men du verden så vakkert det va å skue utover heile Lifjell, samt Mælefjell og Blåtjørnfjell. Etter ei lita beite hadde sola lyst opp ganske godt og eg tusla nedover til teltet igjen. Ved 12-tida var eg klar for å legge bak meg siste rest av turen. Her gjekk eg etter den merka stien vestover ned til Grimåsen som var enda på turen. Veldig fin tur over Lifjell med godt tørt turvær i eit knallraudt landskap!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.