Testa på ny i dag tidleg heime, SMS og e-post fungerte.
Tenkte at dette må testast meir og reiste på ein liten fjelltur der eg veit eg har mobildekning.
Under turen sende eg fleire Custom message og alt fungerte både med e-post og SMS.
Mogelege årsakar til at SMS ikkje har fungert før kan vera:
1)
Nytt abonnement tek litt tid før SMS fungerar!!
2)
Generelt problem med at det ikkje er alltid at SMS kjem fram!
(nokre her på forumet har skrive at SMS kan ein ikkje stole all den tid at
SMS meldingar er avhenging av ein tredje part)
Skal teste meir for å finne ut om ein kan stole på om SMS meldingar kjem fram,
eller det kun e-post ein kan stole 100 % på.
Skal på ein del fjellturar i august og september og vil skrive om mine erfaringar her.
Hans