Gå til innhold
  • Bli medlem

Røyskatt

Aktiv medlem
  • Innlegg

    14
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Røyskatt

  1. Var der i -94. Fasinerande område, enkelt fjell, fin utsikt osv. Det er høgt så god aklimatisering er viktig. Vi var først ei veke i Srinagar, fin opplevelse å bo på husbåt der dersom området er trygt no, deretter tok vi buss til Leh og var der ei veke før vi gjekk på Kangri. Aklimatisering i litt større høgde kan nok vere ein god ide. Anbefaler buss til Leh frå Srinagar eller Manali, dersom du har tid. Møtte mange som sleit med høgda i mange dagar etter å ha tatt fly, Leh ligg på 3500moh. Vår topptur tok vi på impuls og hadde ikkje utstyr med utanom fjellsko, sekk og jakke. Mulig å leige utstyr i Leh, men det tryggaste er nok å ta med. Treng ikkje mykje utstyr, men stegjern og øks er greit å ha. Vi gjekk uten, hadde kun stavar, men det hadde vore greit med betre feste på hard snø. Ordna med ein lokal guide som hadde telt og kokeutstyr, og esel som bar bagasjen til basecamp. Brukte ein og ein halv dag dit, men utan magesjauen til kameraten min hadde det nok gått på ein lang dag. Vi gjekk vidare uten guide frå basecamp og til 5500moh på ettermiddagen, sov ute(slumra, fraus og såg på den fantastiske stjernehimmelen) og gjekk mot toppen i 2 tida om natta fordi vi ikkje fekk sove (god sovepose er greit å ha). Brukte 6-7 timar til topps, men med stegjern hadde det gått raskare. Når sola kom opp vart snøen raskt mjukare og vi kunne gå i skjorte. Utsikta er flott, vi såg K2 langt borte i vest, og følelsen av å stå på eit så høgt fjell er deilig, det var personlig rekord med 2400 meter. Etter litt tid på toppen retunerte vi til BC og vidare til Leh same kveld. Turen tok oss altså 3 dagar, men er du trent, utstyrt og aklimatisert kan det gjerast på 2. Reis litt rundt i Ladakh (den regionen Kangri ligg i), det er verdt turen enten du når toppen eller ei. Skulle gjerne reist tilbake og gått ein lengre trekking-tur i eit av dei veglause dalføra som er der. Har desverre ingen bilder å legge ut sidan turen gjekk i den pre-digitale tidsalder.
  2. Zappfe har nok feilaktig fått æra for dette sitatet. Det er Carl Wilhelm Rubenson, norsk storklatrar tidleg i forrige århundre, bl.a. med klatring i Himalaya i 1907 og førstebestigningar i Jotunheimen og av Stetind, og ein av grunnleggarane for Norsk Tindeklubb, som er mannen sitatet. Trur det er henta frå ei tekst i den første jubileumsboka, Norsk Fjeldsport frå 1914, til Tindeklubben.
  3. "De som har følt hvad livet blant tinderne er eller kan være for et menneske, behøver ikke at læse om det, og de som aldrig har følt det, vil så alikevel ikke forstå"
  4. Takk for svar så langt. Har snakka med Leirvassbu, vegen er stengt ved Geitsætre. I følge Sognefjellshytta i dag er det omlag 70% av normal snømengde, men ingen hadde brukt tau på breen denne helga så det bør vel gå greit... Årdal-Turtagrø meiner du Står at ein må ha vinterdekk for å køyre over, men det gir kort tur til Soleiebotntind og opnar opp for Stølsmaradalstind via Gravdalsbandet. Ah, så mange valg, så lite tid Fleire tips mottas med like stor takk!
  5. Er det nokon som har vore i området i det siste? Skal på tur 13-16 mai og har peika ut nokre mål, info om desse mottas med stor takk. Storgrovhøe frå Ytterdalssætre, blir det mykje bering av ski? Gravdalstind og Veslebjørn. I følge Sognefjellshytta er det ikkje trygt å gå på Smørstabbreen uten tau no, er det så lite snø der? Går det evt. å gå vest for breen for å kome på Gravdalstind? Er bilveien åpen inn til Leirvassbu med tanke på å nå Midtre Høgvagltind eller Visbretinden? Og er det mulig å køyre eit stykke på vegen frå Turtagrø mot Årdal med tanke på Ringstind eller Soleiebotntind? Og til slutt korleis er forholda på Ringstind no, skredfare, sprekker på breen? Mange spørsmål, håper nokon kan kaste litt lys.
  6. Skal på tur neste helg og søker info om veiene inn til Leirvassbu og Spiterstulen. Er dei opne og køyrbare? Ser at vegen til Juvass opnar 13. mai og at vegen til Spiterstulen muligens stengte 1.mai. Finn ikkje noko om Leirvassbu. Er det nokon som veit noko sikkert om forholda? Har prøvd å ringe hyttene utan å få svar.
  7. Hei Eirik, var du på tur i området, og kan du i så fall dele litt info? Er det evt. andre som har info om skiføre? Planlegg tur neste helg, 13-16 mai og vurderer dette området for toppsamling. Først og fremst Hestbreapiggane frå Netosætre.
  8. Eg kjem til Turtagrø 29. og satsar på ein topptur 30., for så å køyre til Sunnmøre om kvelden. Det blir nok Ringstind eller Dyrhaugstind som er mest aktuellt då.
  9. Sikkert mykje snø i fjellet, men det eg lurer på er kor langt eg kan kome med bil mot Ringsbotn evt. Berdalsbandet og Sognefjellet, eller om eg må gå frå Turtagrø for å nå dei aktuelle toppane.
  10. Skal heim til Sunnmøre 1.mai helga for å gå toppturar før all snøen smeltar vekk, men tenkte å ta ein tur innom Hurrungane på vegen. Ringstind, Soleibotntind og Dyrhaugstind er aktuelle mål. Korleis er snøforholda på vegen? Må eg gå frå Turtagrø eller er det mulig å køyre bil opp til Ringsbotn evt. lenger med tanke på Soleibotntind? Er det mulig å køyre vidare forbi Turtagrø med tanke på Steindalsnosi? Dette blir på onsdag/torsdag 29/30.
  11. Takk for svar. Gjekk rekka frå Store Smørstabbtind til Veslfjelltind i fjor. Hadde planar om toppane rundt Leirbreen i år, men vil gjerne ha alternativ i tilfelle breen ikkje er heilt trygg. Korleis er turen til Galdhøpiggen, Veslpiggen og evt. gjennom Porten til Storgjuvtind på den tida? Evt. mulige skiturar rundt Leirvassbu? Nordre Skagastølstind, Dyrhaugsryggen? Riingstind? Alle tips mottas med takk.
  12. Ønsket å gjenta fjorårets fine mai-skihelg i Jotunheimen, men alle helgane går i vasken med 17- mai arrangement, konfirmasjon, bryllup og jobb. Korleis er forholda for toppturar med ski første halvdel av juni? Har ikkje planar om å gå med tau, så usikre brear er ikkje ønskelig (dette vil sjølvsagt avhenge av snøforhold). Har nokon anbefalingar for toppturar, hovudsaklig i vestlige delar av Heimen( vest for Spiterstulen- Eidsbugarden) i Juni?
  13. Hornindalsrokken, som er korrekt navn, er ikkje eit klatrefjell. Det er ein tung topptur med enkel klyving på slutten. Det kan vere greit med isøks. Kjøp boka "Fotturar på Sunnmøre" av Standal, Hagen, Wangen utgitt på Iriss forlag. Men du kan sjølvsagt klatre om du vil ta andre vegar opp.
  14. Skal på skitur på Sognefjellet til helga, 23-25 mai, og planlegger bl.a. Storebjørn og Veslebjørn, og evt. dei sørlege Smørstabbtindane. Er det nokon som har informasjon om snøforhold/sprekker på Leirbreen og Smørstabbreen? Er det framleis "trygt" å gå uten tau?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.