Gå til innhold
  • Bli medlem

kjellinge

Passivt medlem
  • Innlegg

    104
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Gjekk for to år sidan stort sett langs kvistane frå Finse til Haukeliseter, gpslogg finns i fire delar her: Finse - Kjeldebu http://fjell-kjell.com/default.asp?mode=visTur&id=73 (Helvetesnutane) Kjeldebu - Sandhaug http://fjell-kjell.com/default.asp?mode=visTur&id=74 Sandhaug - Hellevassbu http://fjell-kjell.com/default.asp?mode=visTur&id=75 (tar snarvegen over Hansbu) Hellevassbu - Haukelisæter http://fjell-kjell.com/default.asp?mode=visTur&id=76 (over Holmasjøen)
  2. Har ikke vert på Vending eller Høgabu, men ikke så langt i fra heller. Før snøfallet i går var det veldig lite snø i fjellet her. Det var en gammel såle på noen få cm under en kanskje ca 30cm pudder som har ligget her i tre uker. Mye avblåst dess lengre opp og vindutsatt ut kommer. Snøfallet i går ga vel ca. 5-6 cm med våt snø her nede, gikk noe over i regn så sikkert noe mer nytt i fjellet.
  3. Frå Kvandal treng ein ikkje anna enn å kryssa riksvegen og gå rett opp dalen. Fin sti til Kvandalstølen og ein kan lett ta seg vidare til Bordalen på Voss. Heile turen er gå vel 1 mil. Derfrå er det greit å komma seg vidare i retning Hamlagrø.
  4. Her er GPS spor frå tur til Mykkeltveitveten (Garmin Mapsource).
  5. Sommarskisenteret opnar ca 1 mai. Vegen vert brøyta til då, og kan vera ferdig brøyta tidlegare, iallefall byrjar brøytinga ein del tidlegare. Før det antar eg at ein må gå frå Krossdalen ein stad. Trur nok turen til Odda går greit på ein dag, om ein startar frå sommarskisenteret og har greit føre og elles bra forhold. Vil tru at det kanskje er litt tidleg endå å gå ned til Tokheim i Odda. Området er rasutsett.
  6. Beskrivelse og gpslogg finner de her og her Flott tur når været er bra. Er nok krevande om så ikkje er tilfelle. Bresprekker er det vel nok av, men snøbruene er mange meter tjukke no so....
  7. Får prøve å bidra med litt lokalkunnskap siden jeg kommer fra Ålvik (og ikke bor så veldig langt unna nå heller) Det kan nok være i tidligste laget å gå turen mellom Ålvik og Voss rundt 17 mai på beina. Det er store variasjonar frå år til år, men ofte er det mer snø enn en ønsker for en fottur allerede på 4-600 moh i første halvdel av mai. Turen mellom Ålvik og Voss går nesten opp i 1100 moh. Snøen er også ofte ganske råtten på denne tida. Iallefall vestsiden av Hardangervidda er normalt ganske dårlig fotturmål i midten av mai. Kryssa for min del vidda fra Finse til Haukelisæter rundt 10mai i fjor på ski. Har en del gpstracks på hjemmesiden min, blandt annet fra området rundt Ålvik. Stort sett kortere dagsturer i området rundt Ålvik. Det er også en del turer ellers i Kvam å finne der.
  8. Ut fra det du skriver virker en Garmin 60C som totalt feil apparat Garmin har iallefall en enkel modell uten kart i Etrex (h) serien til 1000 lappen. Men var det egentlig en farge-skjerm-gps med høydemåler og kompass innebygd så er nok 60csx et godt kjøp.
  9. Hugsar ikkje tidsforbruket for min del, men ut frå bilda så brukte eg ca. 5 timar t/r Skjeggedal (tok ikkje mågelibana) inkl. pausar.
  10. Det er lite med den vanlige stien til trolltunga som kan karakteriseres som stupbratt. Er usikker på om Mågelibana er i drift, men å gå heile vegen frå Skjeggedal til toppen av Mågelibanen er også ein rimeleg kurrant sak. Men for mange vil det nok ta litt lengre tid (400 høgdemeter).
  11. Det fylgjer vel mal med så vidt eg hugsar, der det står kor stort bor du skal bruka. Var ikkje noko stor sak å montere bindingane.
  12. Fann dette diktet, som burde vera morsom lesning for fjellfolk, skrive av Linda Eide i boka "Då gamlemor baka seg i hel" (Gjer seg sjølvsagt best om forfattaren les sjølv på sitt fine vossamål, noko ein kan få sidan boka også fins som lydbok.) Då vinden stilna, låg det at ein kropp, som aldri kom fram til sin utkåra topp. Turlaget fann han på andre påskedag. Til pass, sa dei, når ein går tur utan lag. Det krak så vidt til liv i skispringarskrotten. Kraftlaus vinka han med vetlefingen inni votten. Men turflokken etla han syltynn sympati, hadde han ikke lese lova for den som går på ski? Legg ikkje ut på tur utan trening, glefsa dei i kor. Og mannen visste at synda hans var større enn stor. For han hadde jo tenkt som mannfolk gjer: Herregud, det er då ingen sak, dette her! Regel to: Meld alltid frå kvar du går! Men ikkje når brystkassa lograr med madige hår. Han tenkte på Amundsen og Kagge og Nansen, og slikt kostar dyrt når ein berre er Hansen. Regel tre, ha-ha-ha! Respekt for vêrmeldinga! Sjå opp, her kjem det ein viking på ski. Sjølv i orkan har ein nordmann god glid! Nei, sanneleg, dumskapen fekk som fortjent, sa alle i turlaget så greitt og suverent. Dei såg på den blodsiklande skituristen og lo: Høyr folkens, han seier han spydde blod! For den elendige formen hadde jo sin pris, han hadde kasta opp som ein stukken gris. Og kald vart han med ein gong han stoppa, for ullgensaren hadde kreket naturleg droppa. Dei opna opp sekken medan skrotten stønna. Herregud, sa koret, ingenting er frå Norrøna. Feil merke, feil farge og enda eit lyte: Mannen ignorerte det heilage undertøysbyte. Folk kasta rotne egg på det levande liket. Han braut regel fire, me treng ikkje slike! Ver rusta mot uvêr, seier skrifta klar. Og fleire ante no kor gale dette bar. For sjølv på villspor og med sundklaka hud, braut den hovmodige også det femte bud. Dei ropte i kor, korsfest, korsfest! For dette tykte dei alle var aller verst: Han hadde ikkje snakka med ei einaste sjel, som om sjølvaste lokalkunnskapen ikkje lenger tel! Han lytta ikkje til andre enn seg sjølv, og naudprovianten var to flasker øl. Flaskene hadde han tømt nedpå i orkanen, dei var til meir enn å leska ganen. Utan å vita kvar i verda han skulle gå, stakk han kursen med flasketuten peikar på. Regel seks, ropte turlaget, til pass til pass. Lat han døy, han gav jo blaffen i kompass. Den maltrakterte mannen ba spinkelt om nåde, men visste med seg at han aldri ville få det. For han hadde jo gjenge der i stormen åleina, ingen til hjelp då han braut begge beina. Regel sju, ropte folket, klare til å pryla. Dei sparka i beinet for å høyra mannen hyla. Auga sjonglerte, og det jog i bein og tarm. Det var då dei såg det, han mangla venstre arm! Trykket frå raset hadde reve armen tvert av. Ein gamling skrapte i såret, med spissen på ein stav. Heller ikkje høgre armen var slik Vårherre hadde meint. At det var kaldbrann, hadde mannen skjøna altfor seint. Vend i tide, freste laget, det er inga skam å snu! Det var regel åtte, og berre ein er att, huttetu! Døk han! Gjalla ropa, han er ikkje meira verd. Dei nikka alle, både turlekmann og lærd. Anorakkrådet samla seg til møte om saka. Tommelen vende ned, og mannens bøn vart vraka. Så dømde dei mannen til regel nummer ni, og straffa skulle vara frå då og evig tid. For stregt skal livet vera, har fjellfolk alltid meint: Dei grov han ned i tide, og då var alt for seint.
  13. Du kan vel aldri garantere deg imot at informasjon blir brukt feil, heller ikkje gpsloggar. Uansett så må brukaren av informasjonen gjera sine eigne vurderingar. Om det er ruter teikna inn på kart, rutebeskrivelsar i bøker eller gpsloggar. Å avfeie det med at å gå etter GPS logg er ein farleg barneleik blir berre for dumt. Bruker du den feil _kan_ det bli farlig, men det kan det meste bli om ein brukar det feil. Har du noko du vil halda hemleg so held du gpsloggen for deg sjølv. Tykkjer planane til Ragnar her høyres veldig spennande ut!
  14. Tykkjer det er ein god ide!! Folk får ta ansvar for seg sjølv.
  15. Har kjøpt magnum bindingen til mine nye Åsnes Nansen ski. (hadde bc auto tidliger). Magnum er noe breiere enn vanlig manuell og auto, men er vel ellers like...dette skal vel hjelpe på skikontrollen. Vanskelig å si om de er merkbart bedre da jeg også har nye og ganske annerledes ski, men tror de er noe bedre. Prisen var iallefall der jeg handla akkurat lik, så da var ikke valget så vanskelig. Må huske på at skoa må kunne brukes på Magnum bindingen. Tror ikke alle BC sko er breie nok i tuppen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.