Så, du har sikkert tenkt å gjere det her uansett så då skal eg prøve å gi deg litt råd sjølv om du er fersk. Eg tenker eigentleg det går heilt fint, men du bør såklart være litt audmjuk ovanfor utstyret og prøve deg litt fram i trygge omgivelser. Betre enn at du står i stigen og vasar 5m over bakken utan sikring.
* 1 stk klatresele, samme kvaslags eigentleg.
* 1 stk grigri+ (legg merke til +-en, denne versjonen har panikk-sikring)
* Eitt-eller-anna klatretau. Tjukkare er billigare, og varer meir. 10mm er fint for deg.
* 2 låsekarabiner. ein for å gjere det nogelunde effektivt å flytte rundt på ankeret ditt, og ein for å ha i grigri-en og selen din.
Det du så bør lære deg er:
- Rapellere med grigri. Bind tauet fast i eit tre med ein god knute, anbefalar 8-tallet, les manualen til grigri-en (følger med) og lær deg korleis dette gjerast.
- Få inn vane med å knyte ein sikringsknute under grigri-en når du står i stigen. Den tar som regel om du dett, men er ikkje 100%. Meir som 99.9%
Her er ein staseleg illustrasjon over ca sånn du kan gjere det:
https://imgur.com/s8PkNDt