Gå til innhold
  • Bli medlem

gobo

Aktiv medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av gobo

  1. Hehe ja det er ein herlig saus det der, NF skriv standarden, NKF og NF samarbeidar om brattkompetanse.no, som på noko vis er sentralt i heile godkjennigsstigen. NKF lister kurs på sine nettsider... Men ja, du har rett: fjellforum skriv krava til kvalifikasjon, så det riktige er NF høgfjell. Når det gjeld 1 og 2 så må eg korrigere meg sjølv, nivå 1 er meir enn nok for å ta med seg ein person eller to rundt om i fjellet og både guide og kurse, IMO.
  2. Typisk er dette selar ein kallar "alpine", eller liknande. https://www.vpg.no/blue-ice/263813/blue-ice-choucas og https://www.vpg.no/blue-ice/263818/blue-ice-choucas-light har lårløkker som er lette å åpne.
  3. Den vanlige måten er å ha ein offerkarabin i selen (om du klatrar nokre år så får du nok av dei, evt ofre ein av karabinerane på ei hurtigslynge) også henge den igjen på bolten du snur på. Personleg føler eg å senke frå 1 bolt er meir enn godt nok, men det får bli ein personleg vurdering om du vil ofre ein karabin i neste bolt og.
  4. Leig deg ein nortind-guide eller NKF høgfjell-2-instruktør, og fortell kva du er interessert i å lære. Kostar litt, men det du lærer har høg kvalitet.
  5. I've forwarded your question to a couple of Oslo-local groups.
  6. Om du følger mitt råd og bruker ein grigri så blir du ikkje hengande, då kan du senke deg (rapellere) ned på bakken og klive oppatt på stigen -- det er null stress. Igjen så må du belage deg på å forske litt på eiga hand -- men du treng ikkje noko kursing eller noko voldsom hulabaluba for å lære deg å sjølvsikre litt med ein grigri. Selen, grigri-en og karabinerane du linka til over her er A-OK. Tauet er suspekt, men du gjer som du vil. Eg hadde nok gått for eit dynamisk 30m tau eller noko, dei er temmeleg billege -- evt høyrt med den lokale klatreklubben om dei har noko overskuddsmateriell liggande: du skal jo ikkje akkurat drive med voldsomme fall her, så eit velbrukt 10mm kurstau eller noko slikt burde du kunne få tak i for ein billeg penge. Sjå gjerne på teikninga eg la ved over her, og sjå om det gir meining. Her er ein fyr som rappellerer på grigri-en. Eg har linka inn i videoen der han gjer det. Ca 916s inn. Det er sånn ca sånn du skal gjere og dersom du skulle dette ut av stigen og vektar tauet. Det viser og korleis du skal laste tauet inn i grigrien. Ignorer alt det andre jubalubaet som han driv med (jumar og what not). Anbefalar deg å prøve dette i ein skråning eller noko slik at du skjønar korleis du kan ta inn tau med grigri-en og rappellere.
  7. Så, du har sikkert tenkt å gjere det her uansett så då skal eg prøve å gi deg litt råd sjølv om du er fersk. Eg tenker eigentleg det går heilt fint, men du bør såklart være litt audmjuk ovanfor utstyret og prøve deg litt fram i trygge omgivelser. Betre enn at du står i stigen og vasar 5m over bakken utan sikring. * 1 stk klatresele, samme kvaslags eigentleg. * 1 stk grigri+ (legg merke til +-en, denne versjonen har panikk-sikring) * Eitt-eller-anna klatretau. Tjukkare er billigare, og varer meir. 10mm er fint for deg. * 2 låsekarabiner. ein for å gjere det nogelunde effektivt å flytte rundt på ankeret ditt, og ein for å ha i grigri-en og selen din. Det du så bør lære deg er: - Rapellere med grigri. Bind tauet fast i eit tre med ein god knute, anbefalar 8-tallet, les manualen til grigri-en (følger med) og lær deg korleis dette gjerast. - Få inn vane med å knyte ein sikringsknute under grigri-en når du står i stigen. Den tar som regel om du dett, men er ikkje 100%. Meir som 99.9% Her er ein staseleg illustrasjon over ca sånn du kan gjere det: https://imgur.com/s8PkNDt
  8. Det er ikkje noko problem, nei. Tango har ikkje noko impregnering og liknande (trur eg), så prøv å match det på ditt andre halvtog. Då kjem dei til å skli omlag like raskt gjennom taubremsen din på rapellar og liknande.
  9. Grivel G14 stegjern, Grivel AirTech Evolution øks.
  10. Eg driv mest med fjellklatring i alpin stil og toppturar. Eg likar Arc'teryx alpha SV som ei vinter-alpinisme-jakke fordi passformen er god for min kroppstype, jakka er aldri i vegen når eg klatrar. Lommane er store og gode som er vertikalt vendt og plassert på ein god måte i forhold til klatreselen. Hetta passer veldig godt til diverse typar hjelmar og har gode justeringsstropper på dei rette plassane som er enkle å operere sjølv med relativt store hanskar eller vantar, og på eitt eller anna vis så er hetta aldri i vegen for synsfeltet heller. Når det gjeld pusteeigenskapar kontra vekt så tykkjer eg jakka er eit godt kompromiss, men for generelle fjellturar ville eg nok valgt noko anna! F.eks. er eg svært glad i Patagonia M10-- den er veldig lett og tåler det aller meste av norsk fjellveir, spesielt i dei varmare delane av året. Alpha-SV'en brukar eg og som ein sikkerhetsventil skulle det være naudsynt å sette bivuakk på ei eksponert fjellhylle, etc.
  11. Takker for tipset! Børgefjell er nå satt opp på kalenderen. Ble visst 3 ukerstur. Får ta med fiskestang og
  12. Hei, i sommer har jeg to uker ferie og ønsker å ta en lenger gåtur. Litt personlige data: > Mann, 24 år > Bakgrunn fra forsvaret, er i grei form og erfaring tilsier at 3-5 mil/dag med sommerpakning er koselig tempoo, 6 er (merkbart) slitsomt og høyere enn det ikke er morsomt lenger. Satser derfor på rundt 3'ern++. > Liker ikke "å gå i kø" > Ikke redd for å gå etter kart (utenom ruter), har gps. > Trenger ikke steder å fylle opp sekken - drytech holder godt for 2 uker. > Kan starte fra hvor som helst, men bor på vestlandet om sommeren og kunne tenke meg en start her. > Går alene > Vokst opp på fjellet; har ingenting imot topper - men det er ikke noe eget mål for meg. Er det noen som har noen friske turer å anbefale?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.