Hei!
Eg tok sjølv HVUB (Heimevernets utskrevne befalskurs) i 2004. Dette er, i likheit med befalsskule, ei såkalla grunnleggande befalsutdanning. Du har eit halvår med utdanning (korporals grad) først, og deretter eit halvår som befal (UB-korporal), der du er anten lagførar eller instruktør i ein tropp. Heile året har du dagpengar med korporalstillegg (ikkje lønn). Du er sersjant når du er ferdig, og kan søke sersjantstillingar i heile landet om du vil.
At du tar utdanninga i Heimevernet, betyr òg at du blir verande i HV vidare, med årlege øvingar. Har sjølv vore med her (innsatsstyrken) i snart tre år og trivast veldig bra med det! (Les meir om HV og evt I-styrken på nett. Det du eventuelt måtte ha lært om HV av onklar el.l. som var der for 10-20 år sidan, stemmer mest sannsynleg ikkje - kvaliteten og profesjonaliteten er på eit heilt anna nivå enn dei fleste (som ikkje er der per i dag) er klare over.
Eg er i gong med fjerde året på Høgskule, men året på UB var det beste og mest lærerike året eg har hatt!! Lederskap, samarbeid, sanitet, friluftsliv/feltliv, flytte grenser er nokre stikkord. Er du bestemt på ei karriere i Forsvaret er BS kanskje det luraste, men UB er eit godt alternativ!! Lykke til med valet - og tenesta!