Gå til innhold
  • Bli medlem

Jørgen Grebstad

Aktiv medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Jørgen Grebstad

  1. For ikke lenge siden var det dødsulykke i det området - en gruppe padlere padlet nær land, og ble truffet av steinsprang fra fjellsiden. Et annet tips er å vise vikeplikt for cruise-skipene, bare for sikkerhets skyld Velkommen til Sunnmøre!
  2. Hei! Eg tok sjølv HVUB (Heimevernets utskrevne befalskurs) i 2004. Dette er, i likheit med befalsskule, ei såkalla grunnleggande befalsutdanning. Du har eit halvår med utdanning (korporals grad) først, og deretter eit halvår som befal (UB-korporal), der du er anten lagførar eller instruktør i ein tropp. Heile året har du dagpengar med korporalstillegg (ikkje lønn). Du er sersjant når du er ferdig, og kan søke sersjantstillingar i heile landet om du vil. At du tar utdanninga i Heimevernet, betyr òg at du blir verande i HV vidare, med årlege øvingar. Har sjølv vore med her (innsatsstyrken) i snart tre år og trivast veldig bra med det! (Les meir om HV og evt I-styrken på nett. Det du eventuelt måtte ha lært om HV av onklar el.l. som var der for 10-20 år sidan, stemmer mest sannsynleg ikkje - kvaliteten og profesjonaliteten er på eit heilt anna nivå enn dei fleste (som ikkje er der per i dag) er klare over. Eg er i gong med fjerde året på Høgskule, men året på UB var det beste og mest lærerike året eg har hatt!! Lederskap, samarbeid, sanitet, friluftsliv/feltliv, flytte grenser er nokre stikkord. Er du bestemt på ei karriere i Forsvaret er BS kanskje det luraste, men UB er eit godt alternativ!! Lykke til med valet - og tenesta!
  3. Eg sende nettopp inn mi over tre år gamle Bergans Snowdrift jakke pga øydelagd glidelås og ikkje minst fordi ho lak vatn i store mengder. Etter testing fekk eg mail om at eg skulle få ny jakke (flott sørvis, Bergans!) Modellen Rask fristar mest i valet av ny jakke. Men eg er skeptisk til ein ting, nemleg magnetknappane, og advarselen om at desse kan forstyrre kompass, sendar/mottakar m.m. Eg skal klare fint å halde kompasset vekk frå knappane, så det er ikkje problematisk. Men må eg rekne med at min Tracker skredsøkar ikkje vil fungere skikkeleg når eg har på meg denne jakka? Bergans advarer mot at "enkelte" skredsøkarar kan bli forstyrra, veit vi noko om kva for nokre av dei? Er enkelte merke meir utsette enn andre? Eg held til på Sunnmøre og det ligg an til mange dagar på ski der skredsøkaren bør med.... Har nokon svar på noko av dette? Jørgen
  4. Fullt mulig å køyre bil opp til 400m mange stader. På 17.mai kom vi ikkje heilt fram med bil pga snø på vegen....
  5. Veit ikkje om Randers/Molladalen. Men var på Skårasalen 17. mai. Går fint an å gå der i minst 2-3 veker til. Det same gjeld mange andre stader Bra med snø endå!!!
  6. Har berre eitt tips: Ikkje kjøp noko hos Abru Import. Dei fristar med lave prisar på kvalitetsutstyr, men det meste der er billegg juggel.
  7. Har sjølv hatt Ringstind 2 i eit år, og har testa det på nokre turar i varierande vêr. Til to personar er det etter mi meining ganske god plass, viss ein har ok ordensrutiner og ikkje er altfor brei over skuldrane. Til ein person (vekta er lav nok til at ein person fint kan bere det i sekken åleine) er det direkte luksuriøst med tanke på plassen, både i høgd, lengde og breidd. Eg har ikkje brukt det vinterstid. Teltet har ein stor ulempe, nemleg at det toler lite vind. Dette har andre òg nemnt før ser eg. Her i Sunnmørsalpane er det ganske uvanleg med vindstille, så det gjeld å finne ein stad i le for vinden. Under ein tur i Molladalen i Ørsta fekk eg ca ein time søvn ei natt, og vakna stadig av at teltstanga slo meg på nasen (stanga stod som ein M, i staden for ein fin boge). Teltet var då nærmast "sydd fast" i bakken med bardunar og steinar, men det hjalp lite. Under forhold med lite eller ingen vind meiner eg dette teltet er svært bra, og har visse planar om å ta det med til Femundsmarka i sommar. PS: Pluggane som følgjer med er bittesmå, og fungerer dermed berre i litt fastare underlag...
  8. Har no prøvd mine nye ski to gongar (G3 El Hombre med NTN og Scarpa støvlar. Betalte forresten ca 8000NOK for alt inkl frakt og mva på Telemark Pyrenees...) Jomfruturan var på Skårasalen i Ørsta og i går var det Sunndalsnipa i Volda. Er kjempeførnøgd med gåfunksjonen til bindingane. Støvlane er lette, og når eg får tilpassa dei slik at eg unngår gnagsår på helane, blir det veldig bra! Når fellane er av, har eg fantastisk kontroll på skia, som reagerer på den minste bevegelse i føtene mine. Er sjølv ca 82kg og 190cm, og syns det fungerer bra med blå fjører. Det er ikkje vanskelig å venne seg til desse, sjølv om dei er mykje stivare enn cobrabindingane eg hadde før. Totalt sett veldig fornøgd med nytt utstyr
  9. Takk, men skal ikkje delta på Standalrennet. Må jobbe den helga. Men neste helg er det X2 i Ørsta, som eg nettopp har meldt meg på til Det er siste rennet i Box Cup, skandinavisk toppturkonkurranse, som dei fleste her sikkert kjenner til. Heile landslaget i tindebestigning kjem, men dei fleste av oss går ikkje for siger, akkurat... Så å seie ubegrensa plassar i X2-klassa, så det er berre å sette av helga, kome til Noregs flottaste fjellandskap og bli med!! (www.x2ski.no)
  10. Dessuten arrangerast Standalrennet til helga. Er det kanskje det du skal vere med på? Blir ekstra masse folk der oppe denne helga..
  11. Hei! Mine Cobra-bindingar har ein tendens til å fylle seg med snø under fremste del av skoen (Scarpa T3). Dette var ikkje eit problem i starten, men har blitt verre i det siste (dei er to år gamle). Tips for å bli kvitt dette? Tenkte på å smøre voks el.l. på bindingsplata...
  12. Legg dei inne i soveposen om natta. Børst av all snø først og ta evt ut sålen. Pass på å ikkje la spisse kantar lage hol på innsida av posen. Er dei veldig våte, får du dei sikkert ikkje heilt tørre, men det er vanskeleg uansett metode. Dei blir i alle fall varme å ta på om morgonen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.