Gå til innhold
  • Bli medlem

rotvelt

Aktiv medlem
  • Innlegg

    47
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av rotvelt

  1. Oppdatering: No har eg Exped Auriga og Big Agnes Fly Creek UL1 … og MSR Hubba (som er til sals).
  2. Med eit godt blikk og tolmod kan ein få gode bilde med svært enkelt utstyr. Dyre kamera og overdimensjonerte objektiv i hendene på pengesterke dilettantar er berre harry. Somme av dei beste bilda mine (også landskapsbilde) er tatt med eit kompaktkamera eg betalte 2000 kr for (Ricoh GRD 2). Panasonic GF1 er meir enn godt nok for dei fleste av oss. (Dersom trådstartaren enno er interessert i flottare basisutrustning, kan eg fortelja at eg har ein Panasonic G5 med Leica/Panasonic 20/1,7 til sals …)
  3. Kjempegod info. Takk! Gleder meg til tur – sjølv om eg innser at det vil vera eit visst behov for bagasje. (36-literssekken blir nok i minste laget …)
  4. I Norge er det vanlegvis ikkje noko større problem å finna brukbart drikkevatn på tur, og dermed er det lite kunnskap (også på apoteket) om kva slags rensetablettar ein bør ha med seg. Nokon som har erfaringar/tips å dela? Takk.
  5. Takk for gode råd! Eg bør sikkert ta med eit lite telt og ein sovepose, altså. Greitt å vera fleksibel med omsyn til overnatting. Mat er altså ikkje noko stort problem, om eg forstår deg rett. Kan eg, som koffeinslave, rekna med at det også er kaffe å få kjøpt kvar morgon? (I anna fall må eg ha med kokeutstyr.) Noko eg synest er litt merkeleg med GR 20, er at dagsetappane er så korte. To veker på 190 km? Greitt nok at det er ei hard rute, men er det verkeleg så ulendt og bratt?
  6. Ikkje akkurat ekspedisjon, men eg vurderer GR 20 i juni. Har ein slags baktanke om å bruka turen som trening til ultraløp, så eg kjem til å gå fort og hardt, men bera minst mogleg bagasje. Nokon som har erfaringar frå denne ruta? Kor langt er det mellom eigna stader til proviantering? Kor kaldt kan eg rekna med at det blir på sitt verste på denne tida av året? Særlege ting ein bør tenkja på? Takk for alle tips!
  7. Svaret er: den som er mest komfortabel, men berre dersom den er meir komfortabel enn den originale solen. Elles er det ikkje alltid slik at meir stæsj under føtene er det som best samsvarer med føre-var-prinsippet. (Internett er forresten ein god stad å søkja generelle råd, men føter er individuelt, og råd som tar høgde for individuelle variasjonar, er lettare å finna andre stader.)
  8. Premisset ditt er feil. Demping er i svært liten grad ein faktor ved gange. Eg vil tru at skorne dine er rikeleg mjuke, eigentleg. Ein «dempande» sole kan kanskje gi ein viss komfort, men dersom du er plaga med vondt i beina, kan det like gjerne gjera det verre. For dei som refererer gode erfaringar med Sole, er det iallfall ikkje «dempinga» som har gjort susen. Dette er nokså harde solar, og det er vel poenget; dei skal byggja opp under lengdebogen i foten. Aksekrefter er ei langt vanlegare årsak til vonde bein enn støytkrefter. Kan henda er det stabiliteten i foten din som er det viktige. I mange slike tilfelle er det ekstra støtte som gjer innleggsolar aktuelt, og i utgangspunktet er solar med kileoppbyggjing (såkalla varus-kile på innsida av foten) ei betre tilnærming enn fotbogestøtte à la Sole. Men dette må du ha kompetente folk til å vurdera. Löplabbet har lang erfaring med å kjenna att problemføter.
  9. Måtte kjærleiken din til sykling vara livet ut! Sjølv er eg snart førti og lever fint utan bil. Etter å ha jobba nesten ti år som bussjåfør er bilkøyring forbunde med jobb, mens sykkel er fridom, trim og høve til å oppleva verda i sjeletempo. Livet som syklist byr på visse kampar, både mot seg sjølv, mot naturen og mot ein og annan tullebukk i bil. Men gevinstane ved sykling er langt fleire og større enn dei trøblete opplevingane.
  10. For det første bør sykkelen vera passe stor. Mange sykkelbutikkar har ein tendens til å gi folk for store syklar. Ein god tursykkel bør ha feste for bagasjebrett og skjermar. Gode skivebremser er fint å ha, men på mange syklar kan kan desse bremsene gjera det plundrete å montera bagasjebrett. Ver sikker på at du har ei løysing på dette før du handlar sykkel. Kjøp sykkel utan dempegaffel. Til bruken du beskriv, er sånt berre tull: meir vekt og prakk, dårlegare sykkeloppleving alt i alt. Dempegaffel bør ikkje vera aktuelt på anna enn reine terrengsyklar i prisklassen over 10 000 kr. (Dei billige gaflane fungerer ikkje spesielt bra.)
  11. Det minste teltet som er stort nok, er det beste. Til berre deg og hunden er tomannsvarianten sikkert bra. Med to personar på tur blir tomannstelta til Helsport litt små, synest eg. Dersom du vil prøva ut dette på ein billig måte, kan eg fortelja at eg har eit Helsport Nordmarka Arctic 3 Camp (nesten same telt som Fjellheimen Extreme – større fortelt, men mindre innertelt) til sals for kr 1250. (Send PM!)
  12. Gjekk Leon–Santiago i 2001 (trur eg) og Le Puy–Conques eit par år etter. Turteknisk er dette enklare enn dei fleste fjellturar i Norge. Du kan pakka lett, og det er god mat å få i landsbyane. Tilgang til drikkevatn kan vera litt vanskelegare enn i fjellheimen her nord. Personleg liker eg meg best på den franske sida av grensa: betre mat og færre turistar. God tur!
  13. Høgde på styret kan du vanlegvis justera ganske mykje også utan å bytta delar.
  14. Etter litt utagerande bruk av kredittkortet viser det seg at eg har eit rammesett til ein Surly til overs, ein Long Haul Trucker i 54 cm. Betre enn ny: planslipt kranklagerhus og innvendig rustbehandla.
  15. Har Fjørå-jakka. Eit supert produkt. (Vindauget til å sjå klokka igjennom er dog ein dillete detalj.)
  16. I tillegg til vanleg, lett turutstyr ville eg ha vurdert dette til eventuelle reparasjonar av sykkelen: – girøyre – girvaier – nokre slangar og dessutan lappesaker – pumpe – kjedebrytar – kjedelås (eller ekstra lenkjer og eit par låsesplintar) – unbrakosett – ståltråd – eit lett reservedekk – ekstra setepinneklemme – nokre skruar og mutterar – nokre eiker … alt avhengig av kor ekstrem tur ein skal ut på, så klart.
  17. Sykla Geilo–Voss via Rallarvegen for nokre år sidan (dagsetappe på tur frå Oslo til Bergen). Var i god, men ikkje ekstrem form på den tida. Dersom du pakkar lett, er strekninga uproblematisk å gjera unna på ein dag. Eg brukte ein vanleg terrengsykkel og hadde all bagasjen i ein sekk på ca. 30 l (skulle vidare til Bergen neste dag). Terrenget er lettsykla og relativt lite teknisk. Med terrengsykkel er det uproblematisk å halda høg fart mesteparten av vegen.
  18. rotvelt

    Sykkel i Lofoten

    Mest truleg vil det vera tull med dempegaffel i dette tilfellet, ja, men store hjul er eg sanneleg ikkje sikker på. For min del (og eg er 178 cm) er det ingen tvil om at eg helst vil ha 26" til tursykkelen. Men eg har jo også eit par andre syklar.
  19. rotvelt

    Sykkel i Lofoten

    At større diameter på hjulet gir betre rulleeigenskapar, stemmer nok ikkje. Dekkmønster betyr langt meir, og det er betre utval av dekk i 26". Små hjul er også meir solide enn store (dersom alt anna er likt). Men hybrid med 28"-hjul kan vera bra, det, om sykkelen passar syklisten. Problemet er at det finst så mange dårlege hybridsyklar. – Til tursykling og skikkeleg terrengsykling (lange ritt og sti) ville eg ha kjøpt ein vanleg «hardtail» (med dempegaffel i front) og brukt dekk med lite mønster på sykkelferie. – Til tursykling i siviliserte område ville eg ha kjøpt ein terrengsykkel med stiv gaffel eller ein lett og sporty hybrid (også med stiv gaffel). Dekkval etter behov. – Til vintersykling og røff tursykling ville eg ha kjøpt ein terrengsykkel med stiv gaffel eller ein touringsykkel med 26"-hjul. Lett å finna gode dekk både sommar og vinter. Alt har sine fordelar og ulemper. Det viktigaste er likevel å finna ein sykkel som passar deg – både i storleik og bruksområde. Snakk med ein skikkeleg sykkelbutikk, og ver sikker på at dei forstår behova dine. Vidare er det ulike måtar å frakta bagasje med sykkel. Har du tenkt å bruka sidevesker eller hengar?
  20. rotvelt

    Sykkel i Lofoten

    Hybrid kan vera så mangt. Det same med terrengsykkel. Kva slags sykling ser du for deg? Kva skal du bruka sykkelen til elles? Er du opptatt av å sykla fort, teknisk, med mykje bagasje, til og frå jobb, om vinteren, …? Mange spørsmål.
  21. Takk! Dersom det blir tur (om kneet og tida held), blir det sikkert noko à la dette, ja. At det er eit stykke frå Røros og inn i nasjonalparken, gjer ikkje sjå mykje. Eg liker jo å gå.
  22. rotvelt

    kløv

    Ta med teip og sysaker når du er på tur med ny kløv. Du kan fort hamna i ein situasjon der du blir nøydd til å modifisera kløven for å få den til å passa (unngå gnagsår, f.eks.).
  23. Takk for tips. Det blir neppe nokon tur før no til veka, så da er vel båttilbodet litt mindre. Good to know. Eg har ikkje finstudert kart, men turen du foreslår, høyrest litt kort ut. Dersom eg har f.eks. fem dagar, kan eg jo gå ganske langt. Er det eigentleg noko i vegen for å gå frå Røros? Hmm ... Må sjå litt på kart, ja.
  24. rotvelt

    Nytt telt

    Kva med å kjøpa noko brukt? Det er mange som sel fine telt i god stand.
  25. For den som syklar sti/terreng og som ikkje vil ha fulldempar, er syklar med 29"-hjul verkeleg the bee's knees. Dersom eg hadde drive meir aktivt med terrengsykling, ville eg seriøst ha vurdert Cannondale Caffeine 29er, noko frå Gary Fisher eller ein sykkel frå Niner Bikes. Til neste år vil det truleg dukka opp enda fleire «29ers» på marknaden. Stabilitet og komfort overgår langt ordinære hardtails. Til rein asfalt- og grussykling ville eg heller ha sett på ein cyclocross. (Her har eg skrive meir om mine erfaringar med ein slik sykkel i «singlespeed-NM» i år.)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.