Gå til innhold
  • Bli medlem

livsnytar

Passivt medlem
  • Innlegg

    78
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. No skal det i utgangspunktet ikkje bli parkering for bilar/bussar ute i dagslyset, men i fjellhallar. Har snakka med ei kontakt høgt oppe i tunnellbransjen og han er og tvilande til prisen og sterkt skeptisk til prosjektet. Men er det slik at nesten 300 millionar kroner skal tjenast inn gjennom ei lita dør ut i det fri, der nokre personar går inn og ut? Kvar er volumet av turistar i Jølster som skal kunne forsvare dette? Planen er at det skal etablerast ei cruisekai på Sandane og at det skal skyssast turistar med buss til Jølser og opp til nasjonalparkgrensa. Denne cruisekaia er ikkje under bygging, det er i tillegg eit ønskje om slik kai på Nordfjordeid i tillegg til det alt godt etablerte annlegget i Olden. Kor mange crusiebåtkaier skal det være marked for i Nordfjorden? Ja lat oss no seie at denne kaia blir bygd om nokre år, kanskje. Kor mange anløp blir det i løpet av sommaren? Det skal være parkeringsplass til 5 bussar før ein går ut på breen. 5 bussar!!! Desse cruisebåtane tar lett 2-3000 passasjerar og vi snakkar då om 40-60 bussar på kvar båt. Det er klart at det blir ikkje ei lita dør ut der ein kan sikke nasa ut og sjå breen, her må det noko større til skal ein får slike mengder med menneske til topps. Ein kan heller ikkje forvente at cruisebåtturistar skal snuble rundt i steinrøysa der i lakksko. her må det sjølvsagt leggast til rette! Kva med servicebygg? Toalett? Serveringsstader? Overnatting? Kva med Josten på langs med snøscooter? Ingenting forundrar meg lenger når det gjeld Gale-Mathiasprosjekt som dette. Tverrfjellet er heller ingen topp, men ein rygg som stikk fram under breen. Her er ikkje gode eller sikre forhold for bratt skikjøyring. No skal Jølster Næringsforum til Chamonix for å studere turisme til våren. Ønskjer vi Chamonixtilstandar på nasjonalparkgrensa?
  2. Ja vi vil ha folk på breen, men då på naturen sine premissar. ser det er 600 innlegg på den diskusjonen om motorferdsel, håpar litt fleire kan kome med innspel i denne saka som er veldig viktig!
  3. Jølster Kommune/Jølster Næringsforum har planar om veg til nasjonalparkgrensa 1500 moh. Her skal det leggast til rette for masseturisme ala Chamonix iflg dei. Folk bør lese notat til prosjektet. Klikk på link nederst "notat til prosjektet" Kostnadsramma er 275 millionar kr. Dette skal bli eit fyrtårnsprosjekt og redde reiselivet i Norge. https://www.jolster.kommune.no/artikkel.aspx?mid1=23&aid=1615#.UkK7btP7IgI.facebook
  4. eg har vore fleire lange turar på laksefjordvidda, blant anna gått inn frå både ifjordfjellet og sirbma til dei nevnte vatna. det er meget beklagelig og trist det eg les no om dette nydelege området. motorferdsel i utmark er uansett disp noko svineri. er heilt enig med Anders_80 og ost. Har brent mange søppelbål på vidda, rydda opp i forlatte leirar med ølboksar og brennevinsflasker. det er snart ingen plassar igjen der ein kan planlegge ein liten "miniekspedisjon" ok, mulig at området ikkje er ødelagt enno, men tendensen er heilt klar.
  5. Takker for svar. Dette med kalibrering er sjølvsagt og ikkje noko problem for meg. Spørsmålet er rett og slett: Dersom eg feks går opp eller ned 50 høgdemeter på nokre få minutt vil då klokka vise dette? altså ikkje om det er riktig høgde. Det er høgdeforskjellen eg er ute etter, desse distansane går ein på eit blunk, store trykkendringar ikkje noko problem. kan evt måle høgdeforskjellen både opp og ned. og den må vise høgdeendring for kvar meter. Ut frå det som er skrive til no tolkar eg det slik at desse klokkene ikkje kan vise nøyaktige høgdeendringar på den måten.
  6. Enig med Lompa, velg eit telt. Angåane havregryn: Dersom det er mulig porsjoner opp frokostar med havregryn. Test ut på forhånd kor mykje de kan få inn til frokost. Oppskrift som eg brukar til 2 pers er ca 5 dl med gryn, halvparten store/halvparten lettkokte. litt havrekli, ein dæsj med salt, litt tørrmelk, rosiner. Kanel og sukker til å ha på, i plastboksar. Kok opp med GODT med vatn i!
  7. Hei. Hentar fram ein gammel tråd her om klokker. Det eg er interessert i med desse klokkene er primært høgdemålaren. Tenker på om dei er brukbare til måling av primærfaktor på toppar med pf 50-100 meter. Kort distanse å gå, tar ikkje lange tida, trykket vil ikkje endre seg mykje på kort tid, kan evt måle stig og synk opp og ned. Er den så nøyaktig at om eg løftar den 2 meter opp så vil den vise 2 meter høgare høgde? sjølvsagt ikkje på centimeteren men. Variometer brukt i feks luftsport er veldig nøyaktige, lurer på om desse klokkene er like gode. Nokon som kan fortelle meg om nøyaktigheten?
  8. Ein fin tur for deg bør være Blæja og evt Kårdalstindane frå Fivelstadhaugen i Norangsdalen. Frå 300 moh til 1420 moh. evt 1490 om du vil på Kårdalstindane. Men då må du ned ca 120 høgdemeter før du får ca 200 opp igjen. Fin nedkjøyring om du ikkje er heilt trygg enno. Lite skog å plagast med osv.
  9. Her var det ein del tips som eg skal sjekke ut, takker. Loop, med blant andre Arne Næss kan anbefalast på det sterkaste.
  10. ok ser no den raude streken på bildet ditt. vi gjekk opp dalen og først til trigpkt 1322, altso ikkje egga opp til høgste punkt. ellers er ruta di omtrent som den vi tok.
  11. Å gå frå Reinskredfjellet til Fedalsnibba går greit på snø, vårskitur. Turen er og fin frå Flo. Frå Middagsnibba og egga ned til Fedalssætra har eg ikkje gått så vågar ikkje uttale meg om den. Middagsnibba endar i ein liten fin topp... vidare ukjent. bør kunne gå vidare, evt litt ned i vestsida før ein går på egga. men dette tenkte eg ikkje over når eg var der så veldig usikker!! til essem.... det er sjølvsagt ein del stein på denne rundturen som eg gjekk, men og mjukare underlag. lite ur turen opp saudalen synest eg var problemfri. vi vada elva men der er vist bru eit par hundre meter lenger oppe, noko vi såg på returen. Vi gjekk på venstre sida av elva (sett nedanfrå), og holdt den langt opp. på kartet er kotene tette etter topp 1362, men ned frå den toppen var heilt greitt. nordsida av ørnefjellet ser og bratt ut, men vi holdt vestover og kom opp omtrent ved lavaste punkt mot toppen 1334 vest for Ørnefjellet. Men er du frå området? kjenner du til namn på desse toppane, feks 1235 mellom klovningsnibba og lianibba. 1362 mellom lianibba og ørnefjellet. Angåande turplanane dine til Holedalsfjellet er eg interessert i opplysningar. kjenner du til om det går greitt å gå frå topp 1759 og austover til Nautbreen? Etter Hammarsnibba, var du heilt ned på sørsida der? Syslar med ein marathontur i tankane i dette området
  12. Hei.. Eg gjekk forrige helg ein tur opp Saudalen til Klovningsnibba, vidare til Lianibba, Ørnefjellet, Rasmusfjellet, Svartefjellet, Bustegane og ned til Frøysadal igjen. Flott rundtur på ca 10 timar. Kan bekrefte at det går bra å gå egga til Lianibba 1500. Ser stygg ut på avstand men når du kjem heilt oppunder egga tar du til høgre og opp sva i renna. Eit lite knep rett før du kjem opp på kanten men ikkje vanskeleg eller styggt
  13. ska prøve komme med det eg veit i dette området. men er ikkje kjend alle plassar. jon kåre og kjetil kjenner eg svært godt, faktisk lånte dei karta mine til denne turen. artig at slikt dukkar opp. det du skriv om ruta sør for plogen og saga til keipen stemmer. og skal du på saga må du ned igjen til lægdevatnet ja. ruta frå keipen som vi tok gjekk lenger vest, omtrent i rett linje frå keipen til storebotnen. kjenner ikkje til den du har teikna inn, har du høyrt noko om den? der vi gjekk var det iallefall heilt ok. eg har ikkje vore i trollebotsvatna nei, men heilt klart spennande område. fisket i fessevatna og storevatnet er etter det eg sjølv har erfart ikkje heilt det store,,, men du verden så flott er er i området rundt fossen mellom vatna. myrbærdalsvatna kjenner eg heller ikkje men det bør være muleg å gå den ruta du skisserer til grøndalen ja. frå nipevatnet meiner eg det er greit å ta seg ned til vatn 854, men så må du enten nordom punkt 1001 eller sørover til du kan gå ned i neste legd. har fiska i tvillingtjønna for nokre år sidan, meiner å hugse at legdene her var veldig vanskelege å forsere. men vidare til bratthammavatnet kjenner eg ikkje. hadde vore moro med oppdatering på denne turen din. veit dessverre ikkje om eg rekk dette området i sommar. uendeleg med prosjekt på blokka. reiser til laksefjordvidda no laurdag 14 dagar. du får ha riktig god tur og godt fiske! helsing Ove Lotsberg du finn meg på facebook eller msn [email protected] om du brukar noko av dette
  14. Angåande bilde.. han karen som står der minner meg veldig om ein ørsting med namn kjetil. kan det stemme?
  15. det er fint å telte i sørenden av nivatnet. du kan gå direkte til nivatnet frå veien, legda er grei å gå. dei gongane eg har vore i området er det ved dette vatnet eg har møtt folk. ein gong eg kom gåande i shorts i ca 30 grader og svetten silrann sto der ein kar i svarte gore-texdress og fiska. du finn og teltplassar mellom tre og firevatnet. sjuvatnet ville eg droppa. ok å gå denne legda og frå dalen, men stusselegaste plassen. rusk og rask frå reguleringsarbeid og lite koseleg område. går du forbi nipevatnet og ned i sjuarhylla til det sørlege sjuvatnet er det greiaste veien til feks plogen. saga er meir ein omveg, skal du på saga tar du den som rein topptur utan sekk frå sørenden av nipevatnet. så kan du no kikke på maritind og lure på korleis ein skal komme seg opp dit. Etter at du har vore på Plogen kan du gå på nordsida av denne til Keipen. Frå Keipen ville eg gått først ned austover ca 150 høgdemeter og så sørover og ned til storebotnet. det er greitt å gå langs med storebotsvatnet heilt til sørenden og demningane. det er fin fisk i vatnet.... og STOR fisk slenge der om du er heldig. men kanskje ikkje enkel å få på. der ligge båt i enden av vatnet og sist eg var der var den ikkje låst og årane ligge der kanskje og. vidare derifrå held du høgda til ludvigbotnen, på nordsida av den holten som viser på kartet og så finne du sti sørvestover til grønskredene. ikkje bli frista å gå for tidleg ned til fessevatnet, feks til øyra. då får du eit fæla slit vestover langs vatnet. stien som er tegna inn på kartet frå øyra og vestover har eg slite med å finne. svært tidkrevande terreng å bevege seg i. så går du gjennom skaret vest for nesjeholten og du kjem snart inn på veiar og elendighet. området er tilnærma villmark, men skogsveiar og villmarkscampar gnege seg innover i området. du endar då opp ved gravlunden i norddalsfjorden. det er to fjell som har namnet storebotsnipa.....du kan alltids slenge oppom det vestlegaste fjellet ca 766 moh, men å gå langs med vatnet er veldig greitt. ove
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.