Gå til innhold
  • Bli medlem

Bingeline

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Bingeline vant dagen sist 30. juli 2020

Bingeline hadde mest likt innhold!

Nettsamfunnsomdømme

42 Neutral

Om Bingeline

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Elgjegarar sitt jo berre på postar som dei kan køyre til uansett, så det e berre å unngå grusvegar. Eg går med fargerike klede og har truffe på jegarar heile denne veka, alle i bil...
  2. Hø? Eg har berre årgangsbensin på brennarane våre, ingen av oss som hugsar kva tid alle den suppa blei kjøpt. Funkar som berre det, kva skulle eg eigentleg merke?
  3. Tja, eg trur hushaldet her eig fem eller seks brennarar, slik er det når to turkrabatar flyttar i hop i vaksen alder. Eg ELSKAR Omnifuelen min, som eg brenn alt mogleg på. ELSKAR! Men likevel, i det siste, har eg tatt meg i å lirke ut Trangiaen etter faren min og husbondens bensinbrennar til Trangiaen. Eg kjenner meg som ein forrædar kvar gong, men det er berre så DIGG å ha innebygd vindskjerm. Då eg jobba på XXL brukte eg å selje slike Omnifuel-liknanden varianter med argument om at tre bein er veldig mykje lettare å få til å stå støtt, og eg kjenner jo at eg hadde rett når heile sirkelflata på Trangiaen skal plasserast, men likevel tek eg altså veldig ofte Trangiaen... Håper ikkje Omnifuelen min legg merke til det, vi er jo eigentleg veldig gode vennar.
  4. Eg hadde jo ei liknande oppleving ved Ramstadsjøen førre helg, då ein gjeng apekattar spela musikk til langt på natt, då gjekk eg til sist og spurte om vi kunne få nokre timar med stille. Eg er ikkje så redd for å vere upopulær (eg har trass alt vore lærar), men dei hadde byrja å skyte med luftgevær tidlegare på kvelden (i fylla), så eg var litt redd dei skulle finne på noko "artig" om eg var ho sure nabokjerringa. Men det er ganske omsynslaust, synest eg. Det ER mange måtar å vere på tur på, men å ikkje uroe alle andre sin måte å vere på tur på, det skulle vere den eine regelen som var absolutt, synest eg.
  5. Som om du har kokt graut på sauelort. Eg ler av deg. 🤣😉
  6. Hæ?!? Kaffien er jo ikkje ferdig før det er mjølk i han!
  7. Nei, gløym alt anna og kjøp ny kosepose, du får noko heilt ok til under 2000,-. Berre pass på lengda, så ho ikkje må varme opp for mykje pose.
  8. Eg har ein som heiter Conness, men som eg har oppdaga: alt eg har er jo gammalt, min er frå 2008, trur eg. Det er ein dunpose, då. Trur dei Mountain Hardwear-posene som heiter Lamina har ein pose som er om lag -1 i t-komf, slik som Alta. Men for stor pose er håplaust, altså. Lengda er mest eit problem pga vekt (ein kan alltid stappe klede nedi), men når heile posen er for svær blir det alltid meir luft rundt kroppen også. Eg har også ein eldgammal Quechua-pose som eg kjøpte for 249 francs (ja, eg sa han var gammal!), og som har -1 som komfortgrense. Men den posen er kjempeliten, mest litt trang, men eg har sjeldan vore kald i han, og var med på tur denne helga. Veier eit lite tonn, då.
  9. Eg lyg! Det er Mountain Hardwear eg har som er 168cm.
  10. Marmot har personlengde 168cm på dei fleste damemodellane sine. Eg er 160cm og har det fint i ein slik. Då eg jobba på XXL brukte eg å tilrå Alta i kortversjon til små damer, men eg trur kanskje Marmot er enda betre tilpassa. Skal du ha dun, forresten?
  11. Sikkert bra den også. Eg anar ikkje om det er ein kopi vi har, den er husbonden sin, opphavleg. Og sikkert minst 20 år gammal.
  12. Hm, som eg no har avslørt i tråden om friluftsliv som klimaversting, så tenkte eg å komme med nokre (ganske sikkert heilt utdaterte) tips. Eg har i all hovudsak laga mat på Primus Multifuel og Omnifuel. Eg har den siste, den førstnemnte var den turkompisen min hadde då eg byrja å gå på tur, for 20 år sida. Både Omnifuelen min og Multifuelen hans er i full drift enda, forresten. Men i dei seinare åra har eg blitt meir og meir glad i dei lause brennarane til Trangia, eg. Står støtt, vindskjermen er innebygd og eg kan stappe alt i ein bylt (som eg som oftast skubbar over til husbonden for å bære). Sidan det ikkje var vinterturar som var aktuelt ville eg derfor snakke opp gassbrennaren til Trangia. Elskar den! Det fine med vindskjermen der og bensinbrennaren er forresten at når ein får HV-bål så dreg det i alle fall ikkje ut til sidene.
  13. Eg har berre vore på Fjellforum ein månad, og eg har dermed fått banka inn at eg ikkje er berre er utdatert, men at eg er i ferd med å bli mora mi: alt eg har av turutstyr (med undantak av litt ullundertøy og hengekøya eg kjøpte i vår) er heilt utdatert og over 15 år gammalt. Eg har jo alt, eg, kvifor skal eg byte ut det som funkar? Så eg har tvert i mot oppdaga at eg ikkje er utstyrsfreak lenger... Då reknar eg i grunnen med at alt kjem til å vare i 15 år til, eg meiner, Arch Wall-jakka mi er jo heilt ny (frå 2004)!
  14. Men i all verda, ein kan då ikkje drive og sprenge slik utan å dekke det til? Kommentaren, "å, herregud" var mildt sagt på sin plass, altså. Altså, eg er samd i at det er mykje gale med dette, men eg hengte meg opp i at dei let alt berre sprute ut.
  15. Det burde ikkje vere eit problem å få fotposer i din storleik? Og det seier eg fordi EG har fotposar som passar, og eg brukar 36 i sko. No sjekka eg dei, og dei er 35/36. No skal eg leggje til at eg brukar ikkje fotposane mine over støvlar, eg brukar dei med dunsokk i leiren. Det er digg, det! Gå heile dagen på ski i stive skistøvlar, setje opp telt, fram med dunsokkar og fotposar og labbe rundt. Det er turlukke, altså.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.