Gå til innhold
  • Bli medlem

tingeling

Aktiv medlem
  • Innlegg

    31
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om tingeling

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Sted
    Stryn

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Hei! Eg har Scarpa Phantom 6000 i str. 43 (!). Brukar str. 40 i vanlige sko. Har også La Sportiva Trango, str. 41. mvh Inger Elin
  2. Gratulerer så mykje! Strålande! Og takk for at eg har fått vore med på nokre av turane. Håpar både du og Inki blir med på mange turar framover også. Har som du veit ein del Vestlandstoppar å anbefale
  3. Nokon som veit om tilsvarande kart for Dolomittane? IE
  4. Ja, vi gikk frå Bessheim og over Bessvatnet. Håpar virkelig det kjem meir snø! Ellers blir det dårlig med vårskiturar i år... Inger Elin
  5. Her er eit bilde frå dagens tur over Besseggen. Det er veldig lite snø der oppe no. Fint å gå over eggen, ikkje behov for stegjern slik forholda var i dag, men skiføret er dårlig...
  6. Hei Trango! Stemmer nok det ja Begynner å nærme seg tur! Eg har kjøpt Scarpa Phantom 6000. Var heldig og fikk eit restpar til halv pris. Brukte dei på Island Peak i Nepal for nokre veker sidan. Det fungerte greit, så eg håpar det går bra på Aconcagua også. Er du klar for tur? IE
  7. Eg skal også til Aconcagua i 2011 og grublar veldig på dette med valg av sko. Har lett for å fryse på beina! Har fått anbefalt Scarpa Phantom 6000 av ein som var der i år. Han var veldig fornøgd med sitt skovalg. Har også vurdert La Sportiva Spantik. Nokon som har erfaring med disse? mvh Inger Elin
  8. Hei! Eg og ei venninne skal også til Nepal i oktober. Vi har booka tur med ein operatør i Nepal som heiter Mountain Monarch (som eg har fått anbefalt). Ruta går via Renjo Pass, Gokyo Ri, Kalapathar, Everest basecamp, Island Peak. Ta kontakt om du vil ha meir info! Kanskje de vil bli med på same turen? mvh Inger Elin
  9. Flotte bilde, Mayhassen! Ikkje verst at du tok turen til høgaste toppen i heimkommuna mi Kjekt at du likar deg i Nordfjord!
  10. Vi brukte ca 8 timar t/r Rondvassbu. Her kjem nokre bilde frå turen.
  11. Takk for svar! Gikk turen i går - frå Veslesmeden til Storsmeden og tilbake same veg. Vi hadde ikkje med tau, og planen var å gå eit stykke for å sjekke forholda, men snu dersom det blei for vanskelig. Vi kom oss greit opp med stegjern og isøkser. Gikk ut til høgre eit par plassar og fann snørenner der det var greit å kome seg opp fordi det var gode snøforhold. Ville vore skeptisk ellers! Var flott i Rondane denne helga! Betre enn yr spådde... Sol både i går og i dag. Ganske kaldt riktignok, men veldig fint IE
  12. Hei! Er det nokon som har gått frå Veslesmeden til Storsmeden på vinteren som kan gi meg nokre tips om kva ein bør vere forberedt på? Går det greit med stegjern og isøks, eller bør ein ha med tau og anna sikringsutstyr også? Nokon som har vore i Rondane i det siste og kan gi ei oppdatering på snøforholda? mvh Inger Elin
  13. Artig å lese om og sjå bilde frå turen din! Var på toppen 13. juli, dagen før Jarle Trå-gruppa sitt første forsøk. Vi hadde sterk vind på toppdagen, men fikk ein fantastisk soloppgang og flott utsikt heile vegen opp til sadelen. Så kom det inn litt skodde, og dermed blei det dessverre ingen utsikt frå toppen. Men... i ettertid tenker eg ikkje så mykje på det. Vi var tross alt heldige - dei tre påfølgande dagane var det veldige dårlige værforhold på fjellet, og nesten ingen som gikk opp. Å nå toppen var sjølvsagt høgdepunktet, men det var også spennande å oppleve Kaukasus - på godt og vondt. Naturen der er fantastisk. Berre så synd at det er så mykje forfall overalt, og dårlig søppelhåndtering.... Vi fikk også ei litt trasig avslutning då to i gruppa blei slått ned og rana i Cheget siste kvelden. Han eine fikk ganske hard medfart, men det går heldigvis bra no. Hadde heller ingen problem med høgda, heldigvis... Turen ga meirsmak! Drøymer om fleire høge fjell
  14. Oioi, her var det mykje å gripe fatt i, men eg nøyer meg med å kommentere hypotese 8: Det er ikkje riktig at kvinner har lågare utdanning enn menn. Det er like mange kvinner som menn som har utdanning på universitets- og høgskulenivå. I dag er det fleire kvinner enn menn som tar høgare utdanning, så blant dei under 50 er det langt fleire kvinner enn menn som har fullført ein universitets- eller høgskulegrad. SSB har mykje statistikk på dette, så det skulle ikkje vere vanskelig å etterprøve...
  15. Hei Steinur! Det blei faktisk to turar på Lodalskåpa i mai, men begge frå Bødalssetra! Fikk ikkje med meg folk på å gå via Skåla og Tindefjellbreen, men neste år satsar eg på å få det til! Skal huske på å rapportere då Takk igjen for alle gode råd! mvh Inger Elin
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.