Gå til innhold
  • Bli medlem

Oddvar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    58
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Oddvar

  1. Iungsdalshytta og Geiterygghytta er betjente, mens Kongshelleren er sjølvbetjent. Meir info på nettsidene til Den norske Turistforening.
  2. Det er ingen kvista løyper nordover Fødalen. Områda vest for Fødalen er jervens rike der du sjeldan møter menneske..Veldig fint for vårskiturar med utgangspunkt frå tunnelåpning mot Nyhellerdammen eller Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal når den blir åpna.
  3. Sikraste rute er opp frå Hyllun. Mange går opp i Prestholtskaret, men skavlen er overhengande, og har rasa ut enkelte år. Men det er fint mogeleg å halde seg langt til høgre, så ein ikkje kjem innunder skavlen.. Ellers er det fint å gå opp på Skarvsenden, men det blir ein omveg frå Ustaoset.. God tur...
  4. Innfelt hardved langs kantene? Er det treski? Dette er vel ei turlangrennski, så til bruk i løyper ville eg bytta til BC- binding, om du ikkje har støvlar som passar til 75 mm. Hadde og nokre TROLL ski ståande ppå låven, som eg tenkte dotter mi kunne bruke når dei skulle ha fjellsikringskurs i 9 klasse. Problemet var berre navnet TROLL, så etter mykje om og men, vart navnet klussa over med svart tusj.. (ein er vel ikkje troll om ein går på Trollski)
  5. Mange fine teltplassar ved Omnsvatnet. Kalkleiene her gjev ein av Noregs finaste blomeengar, med fleire sjeldne planter. Sjå www.geilonaturfoto.com. Stor kontrast til svaberg og snøbrear både på Vargebreen og St. Pål. Men vel verdt å gå over St. PÅl og Storfonnnosi attende. Elva inn til Omnsvatnet er ikkje stor, då dette er nær vannskillet til Vestlandet. Ein klyvetur opp på Såta er og å anbefale.. God tur..
  6. Eg har lagt merke til at dei fleste toppar eg søker mot, er toppar som har dukka opp nær og fjern i utsiktsbiletet frå Hallingskarvet. Og eit godt motiv for å oppsøkje desse toppane er nettopp utsikten til Hallingskarvet..
  7. Ein ide i mine tankar som eg ikkje har gjennomført. Skitur på Hardangervidda heile tida rett mot sola. Start ved soloppgang t.d. ved Dyranut og så berre gå rett mot sola. Undrast kvar eg vil vera ved solnedgang???
  8. Og kor stor verdiskaping har erling12 skapt idag. Bortsett frå å sitja framom PCen og argumentere i ein heilt meiningslaus debatt. Kva seier arbeidsgjevaren din til slik bruk av tid?? Og hadde du fri i dag, var det vel meir fornuftig å dra ut for å nyte naturen.. Nei, stikk fingeren i jorda, kom deg ned på golvet og skap verdiar!
  9. For noko vås. Og kvar finn du desse siviliserte folka frå Oslo Vest, Bærum og Bergen? I kø langs maskinpreppa skiløyper på veg frå luksushyttene sine til serveringshyttene i fjellet. La dei berre gå der, så kan eg som bur i bygda finne mine eigne vegar og oppleve Naturen...
  10. Etter å ha møtt 3 norge pålangs ekspedisjonar på Kongshelleren i helga, har eg lese meg gjennom nokre av bloggane dei legg ut på nettet. så i går kveld vart eg sitjande i godstolen til langt over midnatt og lese james levande og interessante skildringar av turen, krydra med fine bilete. Han skriv på engelsk, så ein får samstundes repetert litt av språkkunnskapane.. I motsetning til dei norske ekspedisjonane satsar han på å gå utan pulk med ein sekk på rundt 20 kg, noko som gjer at han ligg 14 dagar framføre dei andre. Så mitt tips er : Følg med på bloggen til minst ein av dei 5 ekspedisjonane som er på veg nordover..
  11. Eit utsiktsbilete frå Hallingskarvet mot områdene Krækkja- Finse frå i dag er lagt ut på www. geiloibilder.com.
  12. Eg har alltid følgt bergnabbane der sommarløypa går, altså ikkje ut på den bratte snøfonna i det heile, mykje meir til venstre enn den blå streken ..Det har gått greitt til alle årstider. Synest den snøfonna ser veldig rasfarleg ut..
  13. Men det var jo du som påsto at det gjekk buss til Finse
  14. Tusen takk for veldig fin turbeskrivelse med mange flotte bilete av det eigentlege skarverennet... Men kvar køyrde bussen til Finse??
  15. Fossen somFU la ut må da vera den nedre store fossen i Husedalen innanfor Kinsarvik, ifølge kartet navn Nyastølsfossen
  16. Vel, påsken er vel overstått, og du har sikkert brukt dei fine dagane til å bli kjent i området. Egentlig er det vel berre å ta kartet over Hallingskarvet og velge og vrake blant alle toppar du ser. Opp på Hallingskarvet frå toppen av skiheisen i Sudndalen er greiaste vegen opp på Skarvet opp Veslekvelvi, eller inn botnen til venstre for Storekvelvi. Kan og ta ryggen opp til høgre i Storekvelvi. Eller gå til Naustranden og opp til venstre for Revufonnbotn. Men ellers av fine toppar i området er Blåberga, Skorpa, Skorpetind, Tyrvlesnutane, Urevassnutane, Urevassberget, Såteggi,Godfjell... Og hugs, det er no den finaste skisesongen byrjar..
  17. 12. mai var det iallefall masse snø og glimrande skiføre sørover frå Dyranut. Og så kaldt det har vore dei siste vekene, trur eg ikkje snøen har minka noko vesentleg. Bjoreio gjekk open..
  18. Har heller ikkje vore på store Hånosi, men prata ved ein som var der i vinter. Han hadde gått frå tunnelmunningen som kjem ut i Sauavaddalen ca 1300 moh. Derfrå er det 20- 25 km til Hånosi, ganske flatt lende innover forbi store Liahovden. Når Snøvegen mellom Aurland og Lærdal opnar er det enklare, omlag 15-20 km til Hånosi i flatt lende, så det må vera ein fin dagstur i mai..
  19. Ods har heilt rett. Det er store Hånosi. Toppen av store Finsenuten ligg på same linja, og da blir bergnabbane bak bergsida på Vargebreen( der det har gått fleire ras. Syntes nok den toppen var litt bratt på høgresida, og så var ikkje Hornsnipa der skikkeleg.
  20. Joda, toppen må vera Blåskavlen.. Kunne sjå Jøkulen allereide frå 1500 meter ved Prest, og heile Jøkulen med Kongsnutane såg eg tydeleg frå toppen av Blåskavlen. Gjekk ned att over Hornsnipa og såg Jøkulen fint derfrå og. På fotoet trur eg Hornsnipa stikk ut på høgre si Dei bergnabbane framfor Blåskavlen må vera høgda som Storskavlen (1731 m.o.h) ligg oppå. Frå Jøkulen vil ikkje denne snøflata vera så synleg, då breen ligg nordafor nutane.. Utsynet frå Blåskavlen omfattar ellers mange kjente toppar; Lodalskåpa, Hurrungane, Folarskarnuten, Hårteigen, Hardangerjøkulen. Vel verdt ein vårskitur i eit slikt vær og føre som var laurdag..
  21. Da har eg fått ei ny ski.. Åsnes ville ikkje godta reklamasjonen, men butikken på Geilo som eg kjøpte dei gjennom, tok det på si kappe.. Bra service. Deiras forklaring på bruddet var at det hadde kome fuktighet inn ved skruen gjennom hælplata, slik at treet inni hadde rotna.. Det var butikken som hadde montert bindingane, og dei hadde brukt lim i skrueholet. Det viser kor viktig det er at det blir tett når ein skrur i skruane.. Når dei no monterte dei gamle bindingane var det lagt silikon rundt heile bindingen; sikkert lurt..
  22. Sat på Jøkulen og kikra nordover på 1 mai, og lurte og på denne toppen. Eter å ha streka litt opp på Geodata webklient trur eg det må vera Blåskavlen mellom Aurland og Lærdal som faktisk går opp i over 1800 meters høgde. Tek kanskje ein tur dit på laurdag for å sjekke om eg ser Jøkulen derfra.. Ellers har skiforholda på Hardangervidda og Hallingskarvet vore suverene , universalklisteret har gitt godt feste og fantastisk gli, og snøen har halde heile dagen.. Så Hallingskarvet kan nok gås heile mai... Så gratulerer med ein vellykka tur på Norges tak..
  23. Det var nysnø og februarføre med masse snø oppe på Skarvet på Skarverennslørdagen.. Det blir nok skiføre til ut i juni i år. På Finse var det 2,4 meter på flatmark. Og Skarvet på langs i finvær på nasjonaldagen.. må da vera beste måten å feire på.. God tur...
  24. Mine to år gamle Åsnes Rago har tatt kvelden... Den har knekt rett bak helkappa der skruen til bakre støtte går gjennom. Den har nok vore på ein del harde turar gjennom desse to åra, men må ein gå og tenke på at slik kan eg ikkje sette skia for da kan den ryke?? Knekken kom forresten utan ei plutseleg påkjenning, berre jevn bruk på hardt skareføre 1. påskedag. Vil ikkje i ei slik ski t.d. tåle ei vekt på 90 kilo med opplagringspunkt heilt foran og heilt bak?? Eller kan det vera ein fabrikasjonsfeil? Kva slags garanti har Åsnes på slikt?? Ville heller ha trudd at eit svakt punkt på skia ville vera der det er frest gjennom for kortfell, men det var ikkje der den knakk.. Heldigvis var det berre 2 km til bilen, på hard skare, så det gjekk heldigvis greitt. Dessutan heng den framleis saman, men knekken er markert...
  25. Eg har begynt å bruke ordet blindsikt som betegnelse for Whiteout. Men ut frå min hallingdialekt har det rett og slett hendt at eg har sagt: I dag er det kvitut...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.