Gå til innhold
  • Bli medlem

Oddvar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    58
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Om Oddvar

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Iungsdalshytta og Geiterygghytta er betjente, mens Kongshelleren er sjølvbetjent. Meir info på nettsidene til Den norske Turistforening.
  2. Det er ingen kvista løyper nordover Fødalen. Områda vest for Fødalen er jervens rike der du sjeldan møter menneske..Veldig fint for vårskiturar med utgangspunkt frå tunnelåpning mot Nyhellerdammen eller Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal når den blir åpna.
  3. Sikraste rute er opp frå Hyllun. Mange går opp i Prestholtskaret, men skavlen er overhengande, og har rasa ut enkelte år. Men det er fint mogeleg å halde seg langt til høgre, så ein ikkje kjem innunder skavlen.. Ellers er det fint å gå opp på Skarvsenden, men det blir ein omveg frå Ustaoset.. God tur...
  4. Innfelt hardved langs kantene? Er det treski? Dette er vel ei turlangrennski, så til bruk i løyper ville eg bytta til BC- binding, om du ikkje har støvlar som passar til 75 mm. Hadde og nokre TROLL ski ståande ppå låven, som eg tenkte dotter mi kunne bruke når dei skulle ha fjellsikringskurs i 9 klasse. Problemet var berre navnet TROLL, så etter mykje om og men, vart navnet klussa over med svart tusj.. (ein er vel ikkje troll om ein går på Trollski)
  5. Mange fine teltplassar ved Omnsvatnet. Kalkleiene her gjev ein av Noregs finaste blomeengar, med fleire sjeldne planter. Sjå www.geilonaturfoto.com. Stor kontrast til svaberg og snøbrear både på Vargebreen og St. Pål. Men vel verdt å gå over St. PÅl og Storfonnnosi attende. Elva inn til Omnsvatnet er ikkje stor, då dette er nær vannskillet til Vestlandet. Ein klyvetur opp på Såta er og å anbefale.. God tur..
  6. Eg har lagt merke til at dei fleste toppar eg søker mot, er toppar som har dukka opp nær og fjern i utsiktsbiletet frå Hallingskarvet. Og eit godt motiv for å oppsøkje desse toppane er nettopp utsikten til Hallingskarvet..
  7. Ein ide i mine tankar som eg ikkje har gjennomført. Skitur på Hardangervidda heile tida rett mot sola. Start ved soloppgang t.d. ved Dyranut og så berre gå rett mot sola. Undrast kvar eg vil vera ved solnedgang???
  8. Og kor stor verdiskaping har erling12 skapt idag. Bortsett frå å sitja framom PCen og argumentere i ein heilt meiningslaus debatt. Kva seier arbeidsgjevaren din til slik bruk av tid?? Og hadde du fri i dag, var det vel meir fornuftig å dra ut for å nyte naturen.. Nei, stikk fingeren i jorda, kom deg ned på golvet og skap verdiar!
  9. For noko vås. Og kvar finn du desse siviliserte folka frå Oslo Vest, Bærum og Bergen? I kø langs maskinpreppa skiløyper på veg frå luksushyttene sine til serveringshyttene i fjellet. La dei berre gå der, så kan eg som bur i bygda finne mine eigne vegar og oppleve Naturen...
  10. Etter å ha møtt 3 norge pålangs ekspedisjonar på Kongshelleren i helga, har eg lese meg gjennom nokre av bloggane dei legg ut på nettet. så i går kveld vart eg sitjande i godstolen til langt over midnatt og lese james levande og interessante skildringar av turen, krydra med fine bilete. Han skriv på engelsk, så ein får samstundes repetert litt av språkkunnskapane.. I motsetning til dei norske ekspedisjonane satsar han på å gå utan pulk med ein sekk på rundt 20 kg, noko som gjer at han ligg 14 dagar framføre dei andre. Så mitt tips er : Følg med på bloggen til minst ein av dei 5 ekspedisjonane som er på veg nordover..
  11. Eit utsiktsbilete frå Hallingskarvet mot områdene Krækkja- Finse frå i dag er lagt ut på www. geiloibilder.com.
  12. Eg har alltid følgt bergnabbane der sommarløypa går, altså ikkje ut på den bratte snøfonna i det heile, mykje meir til venstre enn den blå streken ..Det har gått greitt til alle årstider. Synest den snøfonna ser veldig rasfarleg ut..
  13. Men det var jo du som påsto at det gjekk buss til Finse
  14. Tusen takk for veldig fin turbeskrivelse med mange flotte bilete av det eigentlege skarverennet... Men kvar køyrde bussen til Finse??
  15. Fossen somFU la ut må da vera den nedre store fossen i Husedalen innanfor Kinsarvik, ifølge kartet navn Nyastølsfossen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.