Gå til innhold
  • Bli medlem

Marit Normann Aspelund

Medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Marit Normann Aspelund

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Tusen takk for svar! Det stemmer at Lofoten og Reinsfjell er to ulike typer telt, men slik eg forstår det er tunneltelt fint på fjellet mens frittståande kuppeltelt er ein fordel når ein skal campe nær vegen. Og då bler eg litt usikker på kva eg bør gå for, når eg gjerne vil nytte teltet til begge deler. Har sett mykje på Helsport sin outlet, men er redd tomannstelt vert litt lite? Må nemnast at han som vert mest med meg på tur til fjells er 193 cm høg, og tunneltelt med mykje skråning bak kan difor vere ei ulempe.
  2. Hei kloke menneske! Eg er på utkikk etter eit anvendeleg telt med grei plass til to stykker, og har skjønt at eg då bør gå for eit tremannstelt. Kjøper no telt ifm. ein lengre sykkeltur på Vestlandet til sommaren, men vil gjerne kunne nyte det ved seinare fjellturar òg. Då vêret på Vestlandet kan vere så som så tenkjer eg grei plass i fortelt er å føretrekkje, samtidig som det ikkje bør vere for tungt. Pris er òg ein faktor då eg er student, men tenkjer det er verdt ein liten investering då eg kan ha glede av teltet i mange år framover. Sykkelturen går over 10 dagar (nokre overnattingar hjå vener), og kva gjeld fjelltur ser eg ikkje for meg noko særleg lengre turar enn over ein helg. Etter å ha sett litt rundt på nett har eg fått sansen for Helsport sine Lofoten- og Reinsfjell-modellar, men er litt usikker. Eg har lest fleire samanlikningar og tips i andre trådar, men blir altså ikkje heilt klok på kva eg bør gå for. Det må seiast at eg strengt tatt ikkje er heilt nybegynnar kva gjeld tur og teltovernatting, men dette vert mitt fyrste telt til odel og eige. Eg er med andre ord veldig open for, og set stor pris på tips fra dykk med meir kunnskap!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.