Takk for tips, skal hugse på det. Skal bli artig å bruke den. Er ikkje like kvass på orienteringa som eg var tidlegare så det kan nok bli bruk for den av og til. I forrige veke skulle eg til eit fiskevatn inn på vidda sør for Varangerfjorden. I farten gløymde eg å korrigere for misvisinga som er ca 15 grader. Enda opp ved feil vatn og visste ikkje kor eg var. Men det var fin fisk der. Skjønte kor eg hadde vore når eg gjekk tilbake neste dag. Men der og då hadde ein InReach vore fin å ha.