Gå til innhold
  • Bli medlem

Øyvind Hellenes

Passivt medlem
  • Innlegg

    127
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

309 Excellent

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg er 182 og har ingen problem med lengda på teltet. Du får ikkje plass til deg òg hunden i innerteltet på x-mid 1. Eg brukar det ein del utan innertelt (som på bilete i snø over) og med den konfigurasjonen trur eg det blir grei plass. Berre hyggeleg. Har litt erfaring med Double Rainbow Li og det er absolutt eit veldig godt telt det òg.
  2. Hei! Ikkje erfaring med X-mid 2, men har hatt X-mid 1 ei stund no og det er det beste teltet eg veit om. Fungerer framifrå i norsk natur heile året. Krever - som du er inne på - gode pluggfester i hjørna, men har aldri opplevd å ikkje få ein god pitch; Når grunnen er vanskeleg kan ein alltids bruke stein. Står ellers fint i moderat vind. Angåande mesh så er det klart at eit tett innertelt holder litt bedre på varmen, men så lenge ytterduken går heilt ned til bakken så er det ikkje noko problem for meg. På den andre sida så gjev mesh best ventilasjon, utsikt og bedre plassfølelse.
  3. Ikkje einig her. Mi erfaring er at gap under teltduken gjev bedre luftsirkulasjon enn desse små toppventilane ein til dømes finner på helsport sine superlight-telt. Eg syns Helags ser veldig bra ut.
  4. Har brukt dette mykje siste året og likar det godt, men at det har ein r-verdi på 2.2 bretta dobbelt har eg ingen tru på. Då ville det vore like varmt som z-liten min og det syns eg heilt klart ikkje det er.
  5. Ja, og det er kjipt, men fungerer ok som ei nødløysing om ein skulle gå tom for gass. Couscous er godt egna til kaldveting. Kan sjå appellen på lengre turar i varme strøk, men ellers nei takk.
  6. Såg Bergans nett hadde kome med eit nytt 3 pers kuppeltelt på 2,5kg: https://www.bergans.com/no/turutstyr/telt/super-light-dome-3-persons-tent-green Ikkje veldig mykje info på teltet, men ser brukbart ut.
  7. Ja stemmer, det tenkte eg ikkje på. Det kan faktisk vere eit problem no i desse tider med enorme mengder snø.
  8. Eg har ikkje gått den vegen opp til marabreen, men ser jo ut som ei relativt god rute på kartet. Alternativt kan du jo gå opp lundeskaret. Det er nok ein del brattare, men veit at det er ei populær rute å gå med ski. Eit anna alternativ er å gå opp strupen i befringsdalen. Litt lenger å køyre då, men det skal vere ei av dei enklare rutene inn på josten. Vurder faktisk å gå der sjølv no til helga.
  9. Eg fekk Rogen forrige helg og har prøvd det ei natt så har ikkje allverden med brukserfaring, men kan sei at det tilsynelatande står overaskande godt i vind. Er meldt mykje regn til helga så då kan eg eventuelt melde tilbake til deg på det med oppsamling av vatn på taket. Rogen fekk forøvrig ein ganske stor makeover i 2017 så det kan jo vere eit problem som vart fiksa med den nye modellen. Ellers har eg god erfaring med både Allak og Reinsfjell Superlight og kan sei at kvalitetsintrykket mitt av Hilleberg sin Yellow Label-serie ligger langt nærare Red Label enn Helsport sine supelight-telt. Eg hadde ikkje vegra meg for å ta med Rogen på turar i høgfjellet som eg ellers ville tatt med Unna.
  10. Forøvrig ei veldig god og lettlest bok med mykje vitenskapleg snadder for friluftsnerdar. Kan anbefale trådstarter å ta ein titt på den. Spesielt mykje interessant om ull versus syntetiske materialer.
  11. Å rekne dunjakka (som ein har med uansett) inn i sovesystemet er jo lettvekts-backpacking 101.
  12. 1. Minimalt, men litt viss undertøyet et tjukt. Eg brukar det mest for komforten sin del. Om eg vil ha meir varme tar eg på dunjakka og eventuelt dunbuksa. Så lenge det ikkje blir veldig trangt i posen vil alltid meir kle gje meir varme. 2. Det har ingen effekt 3. Eg ville ikkje gjort dette, spesielt dersom ein har spadd snø rundt teltduken. Du trenger ikkje ha full opning, men litt sirkulasjon er lurt. 4. Ja dette vil nok hjelpe. Er fordelar og ulemper med stort telt på vinteren. Ligger du ute i Keron 4 i -10 så hadde eg tippa at temperaturforskjellen med 1 og 4 personar truleg vil ligge på 4-5 grader. Eg har sett folk som driver med mykje fiksfakseri for å få eit varmare telt, men for meg er saken eigentleg veldig enkel. Er det kaldt så trenger eg meir isolasjon. Anten i soveposen eller i liggeunderlaget. Viss du til dømes er avhengig av varmeflaske for å få ei god søvn så meiner eg du er bedre tjent med ein varmare pose. Edit: Eg kan legge til at det er ei litt anna sak dersom ein ofte fryser i starten, men blir varm etter litt tid i posen. Det er kjipt sidan det då tar lenger tid å sovne. Et deg mett, gå på do og ta ti armhevingar. Eg fryser til dømes lett på knea og brukar ofte knevarmerar i ull for å raskare bli komfortabel i posen. Andre kan lett bli kald på nase og tær og då kan til dømes balaklava og dunsko vere digg.
  13. Spør du meg er ytre Sogn og Fjordane minst like flott som indre. Nokre fine fjellturar som bør vere snøfrie no: Lihesten i Hyllestad. Alden og Høgeheia i Askvoll. Hatlesetnipa, Kinnvarden og Håsteinen (bilete) i Kinn. Hornelen i Bremanger. Mosekleivhornet på Stad.
  14. Gåstavkonstruksjon kan fint tåle like mykje vind som til dømes eit tunneltelt, men ulempen er at ein er meir avhengig av solide pluggfester. Ofte er det ikkje bra nok å ha pluggane godt planta i fast grunn og ein må ty til stein eller andre tunge ting i tillegg. Difor kan det vere litt stress å sikre teltet skikkeleg, men stort sett går det fint.
  15. Har du prøvd å sette dette opp på ujevn grunn? Ser føre meg at det kan vere utfordrande å få ein god og stram pitch på eit slikt telt med polyesterduk dersom bakken ikkje er heilt flat? Ellers ser teltet veldig fint ut syns eg.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.