Det er fin utsikt frå Dyrhaugsryggen mot Storen og Skagastølsryggen. Eg vil anbefale deg å gå til Dyrhaugsryggen via Ringsdalen. Følg tursti omlag fram til der det ligg ei brakke på andre sida av elva og ta deretter av mot Dyrhaugsryggen.
Ingen store snømengder mellom Olavsbu og Skogadalsbøen ihvertfall dersom du går Skogadalen. Du vil møte på noko snø på overgangen mellom Skogadalen og Raudalen(???) 1604 moh, men snøen er stortsett fast og fin og gå i.
Liten korreksjon til kommentar ovanfor. Eg tok på meg skia på Krossbu. Måtte ta av meg skia eit par gonger. Ingen problem med skiføret då eg kom på ca 1500 moh.
Tenkjer å ta ein tur til Jotunheimen i helga. Turen startar enten på Tyin eller Turtagrø. Er det skiføre eller det fortsatt fullt mulig å gå til fots til nærliggande 2000 meterstoppar?