Gå til innhold
  • Bli medlem

imiiki

Aktiv medlem
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

2 Neutral

Om imiiki

  • Bursdag 12. mars

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Interests
    Trening (styrkeløft, løp, svømming), friluftsliv (big surprise), lage utstyr, er dyreelskar, anatomi- og genetikk-nerd, ....
  • Sted
    Vest-Telemark

Nylige profilbesøk

935 profilvisninger
  1. Eg bestilte ripstopnylon og forskjellige småvarer frå https://www.profabrics.co.uk/ tidlegare i år (februar) - frakta var ikkje så dyr heller, og den gongen fekk eg mykje materiale inkl. frakt til under 350,- Nå er jo 350kr grensa borte, men me er likevel inne i ein overgangsperiode ifølge toll.no. Dei har eit bra utvalg og sendte ganske kjapt den gongen 🙂
  2. Den virka også i dag 🥰😇
  3. Ja eg er jo eigentleg veeeeldig ute etter 100% ull. Og er fortsatt nøye med det når det gjeld alle andre plagg. Men så har eg innsått at det finst rett og slett veldig få sports-BHar av 100% - kanskje akkurat fordi ulljersey er for elastisk til å gjera jobben sin? Når det er sagt så er den gamle frå Pierre Robert veldig smart: det innerste laget er lagt "på tvers" viss du skjønner - dvs det er null elastisitet og gir dermed støtte. Den er også veldig godt fasongsydd og passar bra. Det ytterste stofflaget er plassert vanleg. Høyrest merkeleg ut, men den funkar bra. Men så har eg også smale skuldre og god bevegelighet, og får BHen av meg utan problem. Men ja eg har vurdert å sy inn ein glidelås sjølv Den nedre frå Mons Royal likar eg virkeleg godt - har til og med brukt den til styrketrening sidan den ser så sporty ut. Einaste er som sagt at desse super-elastiske stroppane blir litt kalde når dei er våte, men BHen i seg sjølv fungerar virkeleg bra. Eg har vurdert å kjøpe to til, ein av kvar, for å ha noko meir å bytte på - dei kjem stadig på salg rundt omkring (fjellsport har salg på dei nå). Aclima har forresten ein sports-BH i 100% Merino, men eg har ikkje prøvd den. Har derimot Aclima ulltruse og den funkar heilt topp! Edit: Sports-BHen frå Aclima er ikkje 100% merino likevel - det var misvisande info frå ein nettbutikk...🙄 er faktisk mest syntestisk...
  4. BH i ull er bra. Eg har tre stykke. Den eine er frå Pierre Robert, den eldste, og den er i 98% merino, trur eg, og den fungerar eigentleg veldig bra, men er jo ikkje lenger i salg, så uaktuelt å anbefale... Så har eg to stk frå Mons Royale, begge to er i 83% Merino, 13% Nylon, 4% Elastane (Sierra Sports Bra og Stella X-Back Bra). Luktmessig så kan desse i likhet med 100% Merino brukast fleire gonger utan å vaskas kvar gong. Dei gir nok støtte for fjellturar, men ikkje nok for løping (eg har sånn middels store puppar). Dei har plass til sånne polstra innlegg, som dei også blir levert med. Størrelsen er vanleg, eg brukar medium til vanleg og dei passar bra (sjølv om dei ser ganske små ut rett ut av pakka - fekk litt sjokk!). Mons Royale Sierra Sports Bra: Mons Royale Stella X-Back Bra Desse to kan eg anbefale. Den nedre har veldig behagelege skulderstroppar av syntestisk strikk som er veldig mjuk, men dei blir jo da klissblaute av svette under tur/trening. Men den har god bevegelighet. Dei gir nok ikkje så god støtte for løping, men er gode nok for raske fjellturar. For løping ute i kaldt vêr har eg ein gong brukt begge to oppå kvarandre, det gav nok støtte, men ein kunne sikkert ha brukt merino-BH innerst og tynn sportsbh på toppen. Spesielt den nederste er veldig enkelt å ta av også når ein er svett og klam, sidan stroppen er så elastiske - så den kan eg anbefalte for ømme eller skadde skuldre! Som eit lite apropos: Devold laga ein "Ull-BH" for mange år sida (2006?) - og den var eigentleg laga av ullblanding (mest syntestisk), med frotte-liknande materiale innerst. Og den brukte eg jamnt på løpeturar ute, med få plagg over (helst ull), og den funkar eigentleg utruleg bra. BHen har eg av og til sett i nettbutikkar, og vurdert å kjøpe den igjen, sidan min takka for seg for mange år sida. Eg trur det må vera den fleece/frotté-liknande innsida som gjorde at den faktisk fungerte utruleg bra i kaldt vêr - framfor glatte materiale i vanlege andre BHar. Så er ein ikkje ute etter 100% ull, etter mest mogleg ull, så fungerar denne her faktisk ganske bra.
  5. Liten oppdatering: Ja nå visar det seg at plutsleg så kjem ruten opp på GPSen allikvel... kanskje tok det berre veeeeldig lang tid? Takk for oppmerksamhete (*rødme*) ....
  6. Hei GladeVandrer! Eg må friske opp denne tråden her Tidlegare så brukte eg berre kart og kompass, men likar godt alt med navigasjon. Eg ville også skaffe meg GPS, som ein ekstra forsikring for nå sikten skulle bli dårleg osv (men mest fordi eg synst det er gøy å tracke mine turar og aktivitetar, og studere dei på PCen etterpå). Eg har ein gamal Garmin 910XT, og den har ganske basic navigasjon. Så eg laste ned ein GPX-fil frå tidlegare tur, overførte den til Garmin, slo på "følg rute" og gjekk avgarde - kjempemoro! Til tross for liten skjerm, svart kvitt og litt basic så gjorde den klokka jobben veldig bra. Då gjekk eg til anskaffelse av GPSMAP 66ST for å ha bakgrunnskart, kunne legge inn eigne kart osv (herleg leiketøy). Dette var ca ein månad sida, og eg må sei at denne 66ST er ganske tungvin å bruke. Eg hart sett på veldig mange youtube-videoar, og identifisert problem dithen at mine ruter rett og slett ikkje dukkar opp på min Garmin. Skjønte at her skal du ikkje dra-og-dropp ein fil som med gamle 910XT, men bruke Basecamp. Okidoki. Eg har laga samling, eg har lagt til ekstra minnebrikke, eg har laga om GPS-tracks til ruter og alt vises pent i Basecamp, men ingenting av det på sjølve Garmin. Det som visest er aktivitetar som Garmin sjølv har registrert. Men ingen ekstrene .gpx tracks osv. Kan du værsåsnill og gje meg eit enkelt eksempel for korleis du lastar opp ein gpx fil og gjer den brukbar på GPSMAPen? Kan vera rute/course eller spor/tracks - noko eg kan bruke og følge ute i terrenget.. Har lagt ved screenshot av Basecamp som den ser ut pr dags dato... Det som var planen i dag, var å følge "Ågapet rundt i Kviteseid" med GPS-en for øvingsforemål... men er stuck Og håpar på hjelp frå dikkøn her
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.