Gå til innhold
  • Bli medlem

Njell

Aktiv medlem
  • Innlegg

    9
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Njell

  1. Åsnes sitt system kan anbefalast. Kjøpte Amundsen (tidl.Rago?) i fjor med kortfeller, og gjekk, som eit eksperiement, konsekvent på det heile sesongen. Systemet imponerte med god glid og feste på varierande føre, frå isa løyper til jomfrueleg terreng. Ved eit tilfelle testa vi vanlege smørefrie vs. kortfell på kaldt/tørrt føre. Kortfellen glei faktisk like god som dei smørefrie skia.
  2. Kva med å starte ved Fokstuggu eller mot Vålåsjøen og gå innover mot Grisungvatna. Lett terreng med pulk på slep. Det bør vere ein flott tur videre til Åmotdalshytta og kanskje rundt heile Snøhetta-massivet . Områda kring Åmotdalshytta og til Hjerkinn er storarta vinterområder. Mellom Grisungvatna og Åmotdalshytta er eg ikkje kjent, men ut frå kartet ser det bra ut der og. Dersom du vil køyre litt mindre og ikkje er låst til Dovre, kan Reinheimen også anbefalast på det varmaste. Austre delen (Aust for Gråhø) har namn som endar på fly og hø, meir enn pigg og tind, og er fantastisk skiterreng også for pulkdragar. Opp Asbjørndalen frå Bjorli er ein grei innfallsport. Både Lesja fjellstyre og Skjåk Almenning tilbyr hytter i området. Sjølv gjekk eg frå Billingen til Dovre i fjor, og har elles gått ein del vinterturar i området mellom Lordalen og Torsvatnet. Her er lite folk, men nydeleg natur i brytinga mellom aust og vest.
  3. Eg kjøpte Åsnes Amundsen m kortfell i haust, og blei så imponert over systemet etter første tur at det skal prøvast ut slik det kom frå butikken heile sesongen. Ingen fiksfakserier under sålen. Kortfellen rett på. Det er eit interesant eksperiment. Så langt er eg imponert over gli og feste på ulikt føre, også samanlikna med andre med meir vitenskapelig anlagt smøreprosedyre og også til vanlige smørefrie ski.
  4. Dette var systematisk, men det blei tungt likevel. Etter i mange år med kun minner om ungdoms bravader med telt vinterstid, kom lyst og glød tilbake i fjor. Utstyrt for 5-6 dagars solotur kom sekken ned på 19 kg. Det inkluderer min gamle meis med håndsydd bommuls-sekk som veg ein god del i seg sjølv. Pakkinga gjekk etter prinsippet minst mulig, enklast mulig. Ett kleskift, tynne lag ull, mitt gamle mini-stormkjøkken frå unge år blei gravd fram (kunne tenkt meg noko nytt og meir effektivt, men alternativet i heimen var blå-primusen som har varma mang ei vintenatt i teltet før). Nyinnkjøpt telt (Helsport Ringstind 2 prs) funka bra. Trur ikkje dette er eit telt for uver i fjellet, men eg styrte etter meterologen. Med 5 dagar utan ei sky på himmelen i Reinheimen var teltet meir enn godt nok. Feilrekna på to punkt: Ffor mykje mat og for lite brensel. Det gav ein visitt innom nermaste DNT-hytte på slutten av turen. Tenk på kva du kan klare deg utan. Og planlegg rettrettmuligheter evt. opne buer eller anna i tilfelle nød.
  5. Snart vinter og nye ski står på ønskelista. Har sett litt på Åsnes sitt fellelås-system. Er det nokon som har erfaring med dette?
  6. Hei Er det nokon som har gamle pakkelister til fjellturen, frå den tid skjortesnipp og opiumsdråpar var basisutstyr? mvh Njell
  7. Har brukt bommulsanorakk i dunlerret vinterstid i 20 år. Fungerer prima i kulde. Adskillig betre enn plastpose i goretex eller dermizax i skikkeleg kulde. Syns det blir ein tendens til meir svette enn vidundertekstilet klarer å tranportere, sjølv med full ventilering under armane. Endå med full opning på frontglidelåsen i jakka, blir det for tett over rygg og skuldrar når eg går med sekk. Dunlerret impregnert med Prelle og voksa over skulderparti (Fjellreven gønlandsvalla var god i si tid - veit ikkje om den er i markedet lenger) har fungert best for meg. Ny Amundsen har eg impregnert med Extreme. Ikkje heilt fornøgd, men veit ikkje om det skuldast forskjellig stoff eller impregneringa. Har brukt NicWax på dunlerreten ein gong. Virka ok det og.
  8. Detter høyrtes interesant ut. Eg kjøpte same teltet sjølv i fjor og har tenkt å prøve det i vinterfjellet. Håpe du skriv litt om erfaringane dine.
  9. Eg fekk ein slik anorakk i haust. Har erfart at den er dårleg mot vatn, men eg tenkte å impregnere den og prøve den i vinterfjellet. I mange år har eg bruk anorakk av dunlerret impregnert med Prelle og av og til voksa over skuldrane. Vinterstid har dette fungert veldig godt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.