Dette var systematisk, men det blei tungt likevel.
Etter i mange år med kun minner om ungdoms bravader med telt vinterstid, kom lyst og glød tilbake i fjor. Utstyrt for 5-6 dagars solotur kom sekken ned på 19 kg. Det inkluderer min gamle meis med håndsydd bommuls-sekk som veg ein god del i seg sjølv. Pakkinga gjekk etter prinsippet minst mulig, enklast mulig. Ett kleskift, tynne lag ull, mitt gamle mini-stormkjøkken frå unge år blei gravd fram (kunne tenkt meg noko nytt og meir effektivt, men alternativet i heimen var blå-primusen som har varma mang ei vintenatt i teltet før). Nyinnkjøpt telt (Helsport Ringstind 2 prs) funka bra. Trur ikkje dette er eit telt for uver i fjellet, men eg styrte etter meterologen. Med 5 dagar utan ei sky på himmelen i Reinheimen var teltet meir enn godt nok. Feilrekna på to punkt: Ffor mykje mat og for lite brensel. Det gav ein visitt innom nermaste DNT-hytte på slutten av turen.
Tenk på kva du kan klare deg utan. Og planlegg rettrettmuligheter evt. opne buer eller anna i tilfelle nød.