Gå til innhold
  • Bli medlem

Ingar

Aktiv medlem
  • Innlegg

    18
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Ingar

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. (Eg strauk innlegget. Det passa ikkje inn etter at det vart flytt hit.)
  2. eTrex Vista og eTrex Legend har - i tillegg til å vise kart - ein liten joystick! Det er mykje lettare å skrive inn namn på vegpunkt og å manøvrere i menyane med joysticken. Vi har ein eTrex av enklaste modell på jobben. Eg har nett samanlikna med ein eTrex Vista i dag. Joysticken (moropinnen) gjer at det vert stor forskjell på tidsbruken! Du har sikkert ikkje lyst til å bruke tida i fjellet til å stå og trykke på GPS'en. Vista har i tillegg høgdemålar og elektronisk kompass, som kan vere ein fordel når du står stille og skal orientere deg mot eit rutepunkt eller vegpunkt. Summit har og høgdemålar og kompass men har desverre ikkje verken kart eller joysticken. Eg ville ikkje ha valgt dei enklaste modellane!
  3. Kjempeartige bilete! Eg studerer særleg dei over Indre Sogn. Det manglar forresten ein "s" i Revsnestangen på biletet "Storehaugfjellet". På biletet "Lustrafjorden" hadde det kanskje vore artig å ta med at neset nede til høgre for Middagsfjellet er Urnes, der Noregs eldste stavkyrkje står. Langs same strand, rett over teksten "Lustrafjorden", ligg den vesle bygda Kroken der Munthehuset ligg. Utruleg nok var denne bortgøymde kroken eit senter for nasjonalromantikken. Sjekk www.munthehuset.no for sommarlege bilete. Minna strøymer på: Store Haugmelen var min fyrste topptur. På veglause Ombandsnes såg eg niser på nært hald for fyrste gong. Eg traska dit åleine frå Kaupanger, som tenåring. Grensesprengande for meg den gongen! Takk, Arnt og pb!
  4. Gratulerer, Fjellfinn! Med ditt utgangspunkt som fjellvant kan dette sikkert vere starten på mange fine opplevingar. Eg har berre to erfaringar med å overnatte i fjellet åleine: Oktober 1982 som student låg eg i soveposen under open himmel midt på stien mellom Fløyfjellet og Ulriken. Seinare var det vel mangelen på tiltak som hindra meg før juli 2004: Det var ettermiddag før eg kom meg avgarde med bæltung sekk som inneheldt: Telt, underlag, sovepose, fiskeutstyr, ekstra ull, fotoutstyr, sjokolade(!), hovudlykt, blandesaft, eit par nistepakker og meir til. (Les: mobiltelefon, Tom. ) Med slik oppakking kom eg ikkje fullt så langt som eg hadde tenkt. Eg tykte det var uvant å prøve å sovne åleine med lydane frå fjellet rundt seg. Det var nett som alle lydane kom endå nærare, eller at hørselen vart skjerpa. Eg hadde dessutan vore så dum å plassere teltet inntil ein einebusk. Brisen ruska i busken, så den skrapa mot teltet natta lang. Eg orka ikkje stå opp og ordne det! Men eg sovna jo til slutt og vakna ikkje før klokka ni då sola stod høgt og det byrja å verte ulideleg varmt under teltduken. Neste gong skal teltet stå fritt! Til Tora: Korleis gjer du det når du overnattar i vindsekken. Har du noko som skapar luftrom rundt ansiktet? Fortel! Har nokon her erfaring med vasstett sovepose med skjerm over ansiktet og innebygd liggeunderlag? Har dei ikkje noko slikt i forsvaret? Er dei for tunge til fjellbruk?
  5. Sukk! Det gjer eg sjølvsagt og, men poenget er at det er fint å dele opplevinga der og då, og det betaler eg gjerne litt for. Dermed ser eg heller ikkje noko gale i å reklamere slik Telenor gjer. At dei reklamerer for sin gode dekning er naturleg. At dei indirekte framstiller friluftsliv som noko positivt bør vi ikkje kritisere. Eg trur folk har funne ut heilt av seg sjølv at dei vil ta med mobiltelefonen på tur. Om nokre år vil dette temaet vere like utdiskutert som spørsmålet om glasfiberski kontra treski eller gore tex kontra naturfiber- trur eg.
  6. Beklager, Tom, eg er usamd i startinnlegget ditt. Eg har ikkje sett reklamen, men er nok sjølv midt i målgruppa for denne. For nokre av oss er mobilen ein fin reidskap på tur, og mobil utan dekning er jo nokså unyttig. Døme nr 1: Eg har tenkt meg på ein skitur åleine. Eg seier frå heime kvar eg skal gå, så bryt eg i alle fall ein fjellvettregel mindre. Men når eg kjem i området der eg skal gå vert eg overraska av roten snø. Eg vel difor å endre planane. Men som den ansvarlege familiefar og fjellvandrar eg er, vil eg melde frå om dette. Utan å kunne melde frå på mobilen ville eg hatt to val: Avslutte turen, eller prøve å forsere den rotne snøen. Døme nr 2: Eg går på tur åleine. Partnaren må vere heime, pga omsorg for ungar, skade e.l. Undervegs får eg ei fin naturoppleving. Eg har lyst å dele opplevinga med den som måtte vere heime, medan den er fersk. Det er kanskje det han gjer, mannen i båten? Delt glede er dobbelt glede, delt sorg er halv sorg, veit du. Eg har ikkje hatt bruk for mobilen til nødhjelp, men eg ser at den kan ha stor verdi, det har vi jo sett fleire døme på. Men eg har òg lyst til å minne om at leiteaksjonar har vorte starta fordi nokon har lova å ringe og så har dei anten ikkje hatt dekning, eller batteriet var tomt. Så mine private mobil-på-tur-vettreglar er slik: 1. Ikkje lov at du skal ringe! 2. Ha mobilen avslått, spar straum til du treng han, og fortel dette til familien! Slik vert ingen unødig bekymra.
  7. Sommar? I dag har det snøa masse her i Hemsedal og sikkert på Lærdalssida og! Jippi! Slik såg forresten Bleia ut frå aust 23. april: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=492 Og slik ligg Bleia i forhold til Høgeloft: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=495
  8. 10. mai vart fjellsuget for stort att! Då eg forlet kontoret og sykla heimover var det berre ein tanke som stod i hovudet mitt, å finne utstyret og kome meg ut på skitur. Været var lettskya og den friske brisen skremde meg ikkje. Bilen vart parkert kvart over fem ved Rv 52, ved "Støtta", på fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane. Målet var Breidnosi og kanskje Vesle Jukleggi. Eg likar ikkje å dra på for tungt utstyr. Difor valde eg å gå på langrennski og med tynne skøytestavar. Snøen var fast under det vesle laget med fuktig snø. Mange frostnetter den siste tida har bevart snøen for oss galningar som søkjer opp i snøen når graset spirar nede i bygda. Turen oppover gjekk dels med skøyting, dels i klassisk stil før fellane vart sett på. I den sørvendte bratthellinga braut dei små trinsene av og til gjennom snøen, men elles var turen uproblematisk. Jo lenger opp eg kom jo meir vinterleg vart det, men på 1500 meter fann eg ein stor barflekk perfekt for kvil og niste. Eg hadde nok teke plassen frå lokalbefolkningen, for rypene kretsa rundt meg på ærbødig avstand. Eg har aldri før hatt slikt "rypetekke"! Etter ein god pause kom eg raskt opp på næraste topp og fekk utsyn til fleire kantar. Eg såg meg om etter Vesle Jukleggi, men kunne ikkje finne den. Det var fleire små toppar i området som ikkje syner på kartet og dermed vanskeleg å orientere seg. Eg hadde med ein enkel GPS og laga eit waypoint for å finne ut nøyaktig kvar eg var seinare. I dette området var snøen tørr! Og for eit landskap! Jubel og fryd! Eg hadde litt dårleg gli, fordi noko av limet frå fellane vart hengande fast i klisteret midt under skia. Likevel gjekk det bra å skøyte mellom toppane. Om lag halv åtte fekk eg utsikt til Vesle Jukleggi(1701). Fornuften fekk meg til å snu der utan å prøve å nå toppen. Trass alt var det arbeidsdag onsdag. Neste gong skal eg starte halvannan time før! Eg avslutta med å ta nokre bilete og gå opp på Breidnosi som eg no hadde plassert i terrenget. Tilbaketuren gjekk lettare enn venta, men føret vart skarpt lenger nede, så der kryssa eg i stadenfor å prøve telemark. Ved bilen, ti på ni, sende eg ei melding til kona om at eg var framme. "Strekk ut og smil" svara ho. Og det gjorde eg!
  9. Fyttirakkarn! Eg for min del hadde vore vettaskremt ned den hellinga med så luftig utsikt på sidene. Eg kjenner det i magen berre eg ser på bildet. Det har vel kanskje med telemarkferdigheiter å gjere!? Likevel må eg innrømme at det freistar med ein tur i området.
  10. Dette var ein fin link som eg kjenner meg att i. Eg har mange gonger den same trangen til å takke. Takke for naturen som er så vakker, for helsa og for at eg er bur i eit land der eg har fritid og fridom til å nyte naturen. Det er slikt som skaper lyst til å synge! Det er ikkje til å undre på at ein byrjar å tenke på Gud i slike stunder. Det må vere rart, ods, å ha trong til å takke men ikkje vite kven ein skal takke. Sjølv trur eg på Gud og takkar han. Samstundes tenker eg at det må vere ein hensikt med at eg er så heldig. Kanskje mi oppgåve kan vere å hjelpe andre ut i naturen? Turskildringar, bilete og tips er ein ting. Det å invitere andre med på tur er endå betre. Under ein depresjonsperiode såg eg kor godt det var at nokon kommanderte meg ut på "trening". Daglege turar i skog og mark fekk meg på offensiven i forhold til depresjonen. Og når den fysiske formen betra seg vart den psykiske meir stabil. Dette er medisin som er billegare og betre enn antidepressiva!
  11. Perioden du nevner er ofte vanskelig å gå i lave fjellområder pga våt, råtten snø og mye vann i bekker og myrer der det er bart. Da er det bedre å holde seg lenger nede mot sjøen og for eksempel oppsøke fruktblomstringen ved Sognefjorden eller Hardangerfjorden eller gjøre NOE HELT ANNET: Jeg vet ikke om dere har litt erfaring med å gå på ski og har vurdert dette? Den perioden du nevner kan være helt fantastisk i høyfjellet over 1000 meter, hvis været er bra. (Skulle ønske jeg hadde fri fra jobben!) Men om det regner er det heller litt trist. Hvis dere vil droppe teltet og heller går på ski fra hytte til hytte så kan jeg anbefale området Skarvheimen som jeg kjenner best. Dere kan for eksempel starte fra E16 på Filefjell og gå ruten Sulebu, Breistølen (betjent), Bjordalsbu, Iungsdalshytta (betjent), Kongshelleren, Geiteryggshytta (betjent) og Finsehytta (betjent). Ev. kan dere starte på Breistølen som ligger rett ved riksveg 52, 35 minutter med bil/buss fra mitt hjem. Denne ruten er nokså grei for den som har gått litt på ski fra før, men sørg for å ha utstyr som passer for fjellet og klister (og kanskje feller) til å ha under skiene (men ikke samtidig). Det går sikkert an å leie sko, ski og staver. Føret er for tiden svært bra, men det blir nok noe løsere mot midten av mai, særlig i solvendte hellinger. Breistølen er det laveste punktet på ruten, tror jeg, på ca 1000 meter. Iungsdalshytta ligger litt høyere. Bjordalsbu er den høyestliggende hytta av disse, på 1570 meter. Sjekk min egen ferske rapport fra området mellom Sulebu og Breistølen her på fjellforum: (på nynorsk) https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=2779 Med en overnatting pr. hytte er dette en grei tur, selv om dere går sakte. Ellers kan man jo ta dagsturer, for eksempel på toppene i nærheten. Det krever litt mer skiferdigheter, eller god tid, og aller helst en guide for å unngå farlige områder. Hyttetur koster jo litt mer, dere må jo betale på hyttene, mest på de betjente selvsagt, men om dere kjøper medlemskap i turistforeningen kan dere spare litt på utgiftene og få egen nøkkel til de ubetjente hyttene. Her er en link til turistforeningen sin ruteplanlegger med oppslag på Skarvheimen: http://www.turistforeningen.no/turplanlegger/location.php?lo_id=NO_skarv Sjekk hver enkelt hytte og når de er betjente. Det er svært behagelig å få ferdig middag om kvelden etter en dag ute i fjellet! Hvis dere skulle bli helt til 17. mai kan dere bli med og feire Norges nasjonaldag ved å gå på ski i det store 17. mai-toget fra Finse og opp på Hardangerjøkulen(1761). Helt sikkert en eksotisk opplevelse for dansker! Sjekk denne linken: http://www.finse1222.no/ og trykk på "17.mai"! På grunn av nasjonaldagen tror jeg det lønner seg å bestille overnatting på Finsehytta, eller hotellet "1222", nokså snart, men det vel sannsynligvis fullt allerede. Jeg vet ikke om man kan sende telt med toget fra Gol? Veien hjem går i alle fall med tog. Det er ikke bilvei til Finse. Visste du forresten at en av StarWars-filmene ble spilt inn på Finse? Jeg aner ikke om dette er noe for dere. Ved dårlige værmeldinger bør dere i alle fall ha en plan B. Husk at høyfjellet kan være farlig i dårlig vær, som vind og tåke, og at det er fullt mulig å fryse i hjel i mai. Kanskje andre kan bli inspirert? Husk i så fall beskyttelse mot sola!!
  12. Då var det nok dykk vi såg. De starta oppstigninga rett etter at reinsflokken hadde passert. Det er eigentleg ingen forskjell på tamrein og villrein, reint fysisk. Forskjellen er at tamreinen er eigd av nokon, vert merka og vert til ein viss grad gjeta så den held seg i riktig område.
  13. Eg syns det passa å fylle på litt på denne rapporten. Eg var nemleg i området samtidig. Saman med fire andre gjekk vi ein relativt flat skitur frå Eldrevatn til Sulevatn og gjekk dermed rundt Store Jukleggi-massivet som Høgeloft er ein del av. Nokre av oss hadde fryktelig lyst opp på Høgeloft, men fornuften tilsa at vi måtte kome oss heim att i tide. Dermed vart det ein fram-og-tilbake-tur. Apropos "overkill": Det som hadde passa best denne dagen var faktisk skøyteski. Det vart mykje skøyting på oss. Snøen var perfekt til dette. Sjå berre fyrste bilete under, kor lite vi sank ned i snøen! Til og med pensjonisten mellom oss skøyta i veg. Imponerande! Var du Erling ein av dei to vi såg i nærleiken av tamreinflokken som vandra i området? Men då hadde du kanskje nemnd det. Vi gjekk så langt at vi såg utover Filefjell. Eg kan skrive under på det Erling skriv om utsikten frå Høgeloft. Den er storslagen. Men til og med frå kote 1460, rett nord for demningen i Sulevatn, er det god utsikt til Hurrungane, som de ser. Der biletet var teke var vi kome inn på løypa mellom Kljåbu og Sulebu. Ved same punkt kom GSM-signalet plutselig att også. Føret heldt seg godt heile dagen. Tilbaketuren på 13 kilometer tok 90 minutt. Endå hadde vi god tid til å skravle og ta bilete! Vi var innom ein elvedal der niendeklassen ved skulen i Hemsedal hadde laga snøholer og overnatta tidlegare i veka. Det freistar litt å låne dette "hotellet" ei natt, men det vert vel med tanken. Sola er jammen skummel på denne tida. Eg kjenner enno på leppene at eg skulle ha brukt solkrem!
  14. Same her. Eg budde i Kaupanger i tenåra, med utsikt til Bleia frå stova, men var aldri på toppen. Den var jo på feil side av fjorden! Men no må det nok skje snart. Du starta truleg frå Vindedalen, Coni. For meg ville det passe betre å køyre opp frå Erdal på gamlevegen mot Aurland og parkere på kote 900. Ein litt lengre skitur, men 5-600 høgdemeter mindre. Under her er kart frå Norgesglasset med alternative ruter prikka inn. (Visste du forresten at Bleia ofte var i bakgrunnen i siste utgåve av "Farmen" på TV2?)
  15. Eg kontakta ein ven som er aktiv flugefiskar og han svara slik: Elva har forholdsvis liten vannføring etter vårflaumen, og terrenger faller jevnt nedover. Det kan sikkert være noe størrelse på enkelte fisker i den nedre delen, men ovenfor Grunke er det småørrett som dominerer. Dette er også tilfelle i sideelva opp til Hydalen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.