Dette er sakset fra www.sunalp.no:
Nokre råd om taubaner
Generelle prinsipp
• Bind av alle tau slik at det frie spennet på tauet blir minst mulig og at ein hindrar slitasje og gnag ved at tauet får bevege seg mellom fleire punkt eller kantar.
• Bruk semi-statiske tau til taubanetauet som er 10mm eller tjukkare
• Bruk alltid dobbel sikring, dvs bruk to taubanetau der kvart tau er festa i to uavhengige sikringar.
Aldri la taubanetauet henge i klemknutslynger eller liknande. Friksjonsvarme vil føre til avsmelting! (Freistande når ein har nytta klemknuteslyngene i taljesystemet for oppstramming)
Aldri la taubanetauet henge i tauklemmer med tenner, disse biter seg fast i strømpa på tauet, og ikkje i kjerna der styrken på tauet er! Strømpa ryker på rundt 4-800 kg avhengig av type sikringsredskap/tauklemme.
Aldri knyt dobbel halvstikk rundt stolpe eller tre, da knuten kan gli!
Aldri bruk ankerstikk i ein sikringskjede. Legg slyngene i ein ekstra rundturn for å holde dei på rett plass. Ingen vinkel når du bruker slynger skal være større enn 60 grader.
Det skal ikkje være mulig for personen som fer i taubana å nå opp til taubanetauet (og trinshjula/karabin som sklir nedover dette) med fingrar, skjerf eller hår.
I praksis
Dersom ein nyttar eit kraftige tre i eitt av festepunkta kan ein nytte friksjon til avbinding.
Ta taubanetauet tre-fire rundar rundt stammen og bind av med eit dobbel halvstikk på taubanetauet (egen tamp).
Kan ein ikkje nytte friksjon til avbinding av det eine festepunktet, så kan ein nytte ein dobbel åttetallsknute. Knuten fester du i to uavhengige slynger som er likt belasta.
Ein måte å spenne opp taubanetauet på er å lage ein bremseknute i ein pæreforma skrukarabin i eitt av festepunkta. Lag ei treskåra talje med utgangspunkt i bremseknuten. Stram inn tauet og bind av bremseknuten. Det gjer ein best gjennom å tre enden tilbake gjennom skrukarabinen og lag eit dobbelt halvstikk på taubanetauet (egen tamp).
Ved å bruke to tau treng ein i tillegg ikkje å dra ut så mykje av elastikken, sidan kvart av taua held mindre vekt. (Vekta av personen blir delt på to tau.)
Ta alltid ein kontrollert roleg test av taubana med bremsetau, før du eventuelt aukar farta.
Bruk eige bremsetau for å kontrollere farta i taubana dersom det er nødvendig.