Gå til innhold
  • Bli medlem

Revseggi

Aktiv medlem
  • Innlegg

    46
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Revseggi

  1. Takk Omnilite, dette var gode råd som eg skal prøve ut asap! 👍😁
  2. Eg har ein variant av spørsmålet "sure sko", mest av nyskjerrighet: Har hatt fleire modellar GTX-støvlar før, og i år kjøpte eg eit par LaSportiva Trango. Lett inngåtte og fine sko som eg har bruka på ein rundt 15 turar i sommar. Eg er ikkje plaga med særleg fot-svette og merka heller ikkje noko problem med Trango'ene. Men så gjekk eg over ei lang myr og vart klissvåt. Tok ut sålane og let dei tørke i romtemperatur slik eg brukar å gjere. Sidan den tid har dei lukta råttent. Ikkje surt, som fotsveitte i plastsko, men rett og slett råttent, som i ein råtten kjellar. Tørka dei til slutt ekstra godt i skotørkar (sjølv om eg veit dette ikkje er ideellt) utan at det hjelpte. Skoene er no forvist vekk frå gangen her. Andre som har vore borti dette?
  3. Hei, Anders_G! Eg er ute i akkurat same ærend som deg. Eg er 1.95 cm og på jakt etter softshellbukse med lufting. Etter søk på nettet kom eg fram til at Bergansbuksa du har kjøpt er aktuell. Artig at du endte opp med denne. Flott om du kan gje ei tilbakemelding etter meir bruk. Mvh Erlend
  4. Oppå eit av dei store turistmåla i landet, Hardangervidda, har ein "alltid" kunne høyre radio. Fiskarar, telt-vandrarar, hytte-til-hytte-turistar, jegarar og lokale bu- og hytteeigarar har hatt tilgang til nyheiter, - og ikkje minst vêrmelding. Ikkje alltid krystallklart i stereo, men godt nok til praktisk bruk. Til sommaren stengjer dei FM-nettet her vestpå. NRK har ei chat-teneste som svarar på spørsmål om omlegginga frå FM til DAB. Eg spurde om korleis DAB-dekninga kom til å bli på Hardangervidda, og om dei vil rå meg til å kjøpe DAB-radio til dette formålet. Eg fekk svar utpå kvelden frå nokon som skreiv at dei skulle få ein teknikar til å svara meg. Teknikaren svarte dagen etter med å vise til kartet for områdedekning på same sida. Dersom eg har tolka dette kartet riktig, skal det det bli stille. Det er fint at det er stille i fjellet. Det er difor eg dreg dit. Men av og til, som når ein t.d. ligg vêrfast åleine i teltet, har eg hatt glede av å høyre litt på radio. Andre som har tankar om dette?
  5. No fann eg regleverket som Samferdsle har pønska ut. Ser ut til at dama til @Tom42 på NOR-WAY talar med to tunger: "§ 11 Levende dyr Transportøren har ikke plikt til å ta med levende dyr. Vognbetjeningen avgjør i hvilken utstrekning dyr kan tas med i rutebilen. Hunder skal holdes i bånd under transporten og plasseres slik at de ikke sjenerer andre reisende. Dyr som er aggressive eller sjenerer de reisende på annen måte, kan settes av under transporten."
  6. Vèl talt, @Tom42 ! Ugh! Heilt einig i at dette bør løftast opp på eit høgare nivå, om ikkje anna for å få ein skikkeleg gjennomgang av praksisen slik den er i dag. Elles, så vurdere eg no highjacking!
  7. Etter det eg har lese så blir det brukt ulike praksisar. Nokre selskap tillet liten hund på fanget, nokre tillet hund i bur oppbevart med bagasjen. Andre selskap tillet hund dersom ingen av dei andre passasjerane svarar ja på om dei har allergi eller ikkje. Einig med deg, Elgen, at dette må vere eit problem der folk er avhengig av kollektivtransport. Har tenkt at slike forbod kanskje vert handheva litt ulikt frå sjåfør til sjåfør, men eg veit ikkje. Høyrer om folk som har følgt bussrute med byte, der den første sjåføren tok dei med, før den andre nekta slik at dei vart ståande in the middle of nowhere. Sånt er jo hålaust.
  8. Hei. Planlegg nokre Hardangervidda-turar til sommaren der det ville vore praktisk for meg og hunden å bruke buss. Les litt rundt på nettet at fleire busselskap ikkje tek imot hund p.g.a. allergiplager hjå andre passasjerar. Dette gjeld visstnok også NOR-WAY Bussekspress som ville vore aktuelt for oss. Nokon her inne som har erfaringar med hund på buss? Mvh Erlend
  9. Her er Mikkel, ein særdeles sjarmerande fyr på 8 år.
  10. Hei! Etter som eg har forstått så er "nye" Svalbard laga med eit lite nikk til Norrønas eigne produkt frå 1970-åra. Ideen er jo god, for vintage-stilen appellerer sikkert til mange, ikkje minst til oss som ikkje lir av anoreksi eller har planar om å dingla rundt i tau oppi nutane, og heller ikkje kler neongult. Sjølv har eg kjøpt den nye Svalbarbuksa, som eg likar godt. Minus er lår-lommene, som eg tippar er utforma på same måte som på jakka. Dei har den same falde-klaffen med berre nokre bitar borrelås til lukking. Her burde Norrøna spandert på oss moderne vasstette glidelåsar, slik som dei har gjort på stikklommene lenger oppe på buksa. Med regnet her vestpå kan lårlommene ikkje brukast til å oppbevare saker som ikkje tåler vatten. (Eg fekk redda mobilen i siste liten.) Det same problemet vil eg tru gjeld jakka. På jakka er eg også skeptisk til plasseringa av lommene. Med min lange rygg vil hoftebelte på sekken legge seg rett oppå dei nederste lommene. Kanskje hoftebelt treff midt mellom lommene på andre?
  11. Kjøpte mine Salomon Quest for ca 2 1/2 år sida. Kjempegode fjellstøvlar, men no i haust begynte dei begge å trekke inn vatn. (Truleg er lekkasjen mellom sko og såle.) Bortsett frå lekkasjen er støvlane fine og heile. Har kome fram til at eg har brukt støvlane rundt 200 timar under middels belastning. Eg er stor og tung (110 kg) og då vert sjølvsagt belastninga på støvlane større enn med små eller lette folk. Men likevel: Kor lenge meiner fjellfolket her inne at ein slik goretex-sko bør halde tett? Støvlane kjem visst utanfor Salomons 2 års garanti. Det er trasig å måtte kjøpe nye fjellsko all den tid støvlane ellers er i bra stand - trasig for lommeboka og trasig for miljøet. Dessutan blir eg i tvil om eg skal kjøp eit nytt par eller gå tilbake til good old lærstøvlar. Nokre gode råd/innspel/ erfaringar? Fjellhelsing Erlend
  12. Her har eg dekka på til ein person. Dette "serviset" kjøpte eg på XXL i vår. (Skei-gaffelen er kappa slik at den går ned i skål-tallerken under pakking.) Koppen av aluminium slenger eg rett på primusen når eg vi ha meg noko varm å drikke undervegs. Koppen er den einaste eg har med. Bakdelen med aluminiumskopp er at den ikkje heldt like godt på varmen, og har heller ikkje same kosefaktoren som ein tre-kopp. Signe maten!
  13. Takk så langt for gode råd, erfaringar, trådar og lenker! Bortsett frå å hindre slitasje, var planen med footprint å få eit tørt området i forteltet til hunden. (Han er litt pysete og likar ikkje å ligge ute i regnet.) Men det er mykje regn her vestpå, så det spørs vel kor tørt dette området blir om det høljar ned. Som Ståle Sæter likar eg å har eit "vått-området" i forteltet der ein kan sutle på, då kunne eg jo eventuelt rulle inn delen av footprintet i forteltet om dagen. Kjenner eg meg sjølv rett blir vel footprintet forlatt når eg får kjenne vekta på sekken. 447g, det er eit godt stykke bacon det!
  14. Hei, har kjøpt Nallo 3 og kjøpte i same slengen ein bunnduk (footprint). Er det noko poeng å draske med seg bunnduken på turar i høgfjellet, vår, sommar og haust?
  15. Peter W. Zappfe si "Barske Gæder" er vel ein del av den norske "villmarks-kanon". Underfundig og morosam. Elles, så har Cappelen ein serie som heiter "Cappelens Klassiske Reiseskildringer". Her er samla mange flotte bøker om vandring i Noreg sett gjennom auga til ulike vandringsmenn/gentlemenn og oppdagarar på 1800-talet. Har hatt mykje glede av denne serien.
  16. Hei, gode fjellfolk! Prøver å orientere meg i softshell-jungelen. Ser Berghaus har ein modell som heiter Valparola, og som utifrå omtale kan vere aktuell for meg. Finn jakka til kr 1500,-, den altså noko rimelegare enn t.d. Norrøna Falketind. Nokon som har prøvd Berghaus-jakka? Tek elles gjerne imot tips til andre softshelljakker. Mine krav/bruk: fjellvandring med sekk, lang rygg, lufting under armar og god hette. Helsing Revseggi
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.