Gå til innhold
  • Bli medlem

Ole-Ronny

Medlem
  • Innlegg

    2
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ole-Ronny

  1. Nokon her som har erfaring med primus omnifuel/trangia multifuelbrenner X2 i Trangia 27? Eg har forsøkt denne kombinasjonen, fyrt med bensin og gass først og fremst med tanke på vinterbruk. Brukar 0,32 mm dyse. På gass går det greit, men på alkylatbensin (4T) får eg tilsynelatande problem med kveling når eg brukar ein kjele. Det blir veldig mykje sot og bensinlukt. Med steikepanna brenner det ok også med bensin, men då er det betre oksygentilførsel over brenneren. Vil anta at problemet soting er endå større med parafin, så har ikkje testa det endå. Andre som har opplevd liknande og har forslag til løysing? Vurderer om det er trangia-adapteren til primus som er for tett ift. oksygentilførsel og om det kan vere eit poeng å bytte til optimus-adapteren som er meir open
  2. Ang Fire-Maple og Biltema. Har fleire brennarar frå Fire Maple: FMS-116T, FMS-117T og FMS-300T. Har litt ulik erfaring med dei, men vil generelt påstå at kvaliteten er bra. 116 er veldig bra og tilsvarar Optimus Crux. Biltema har stålversjonen av denne til kr 159. Biltema har no også fått inn ein brennar som ser ut til å vere FMS-300T http://www.biltema.no/no/Fritid/Friluftsliv/Primus/Kokeapparat-26-kW-2000035763/. Denne kan anbefalast til dei lettaste turane. Vil påstå at toppmonterte FMS-, uavhengig av om dei heiter Fire Maple, Biltema, Eagle Products m.fl., er idiotsikre og kan anbefalast på lik linje med tilsvarande frå andre og meire kjende leverandørar. Er der i mot ikkje like fornøgd med FMS-117T, mykje pga. designet. Denne har gått fullstendig i oppløysing. Spredaren fall plutseleg av under bruk og i tillegg var det ein gasslekkasje på slangen som førte til ein stikkflamme. Ville vore katastrofe om det skjedde i eit telt. Dessuten er den så lett at dersom det er litt spenning i slangen kan ein risikere at den flyttar seg når ein tar av kjelen
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.