Gå til innhold
  • Bli medlem

Nekkoy

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Nekkoy

  1. Hilleberg Soulo for åleineturar Hilleberg Allak for turar med +1
  2. Skal ikkje ha noko anna innvirkning anna enn redusert ladetid.
  3. Som ein liten follow-up her må eg berre bøye meg i støvet for gnagsårsokkane (halvsokkar) frå apoteket! All problematikk med gnag under foten er eliminert og hælane mine har aldri hatt det så fint på tur. Tusen hjertelig for det tipset! Kan også føye til nokre nye småtips etter at lilletærne fekk seg ei særs stygg utvikling etter nokre lange dagar på hardt, paddeflatt underlag. Heile tåa var berre ei einaste stor blemme, nesten dobbelt så store som vanlig. Sportstape som førebyggjing gjorde vondt verre, så som ei nødløysing klipte eg opp sokkane og sydde dei saman igjen sånn at lilletåa fekk si eiga lille lomme. Heretter skal eg gå for tåsokkar i ull på tur. Fekk også nokre geniale greier med ei dame frå Australia, silikonisert tåhette som kan vere fin til forebygging mot gnagsår på tær eller for å komme seg gjennom det når skaden fyrst har skjedd. Kan finnast på utenlandske nettbutikkar om man søkjer etter silicone toe sleeve eller noko i den duren. Kan ikkje hugse å ha sett noko liknande her heime. Finst både med open eller lukka ende og kan gjenbrukast.
  4. Eg reiser til Island i morgon tidleg og byrjar å gå på fredag. Når skal dykk dit?
  5. Hadde ikkje tenkt over det eg heller før eg googla fly og turutstyr i ein eller anna samanheng og ramla over fleire frustrerte personar på ulike forum i inn- og utland som hadde opplevd å få konfiskert brennaren sin. Inkludert ei særs forbanna dame på Facebook. Fekk litt panikk ei lita stund der
  6. Nei den skal gøymast vekk i mørkaste kroken av baggen laaangt vekke i frå alt som heiter handbagasje. Får satse på den glir fint gjennom sidan den ikkje luktar bensin.
  7. Sidan eg skal fyre med gass så vert det kun brennar som blir med på flyet. Høyres bra ut at dei ikkje bryr seg så mykje om den! Litt usikker på korleis eg skal få reingjort inni drivstoffslangen einaste. Skal i alle fall prøve meg på å legge ved ein sånn lapp som forklaring sidan eg fekk ja etter å ha forklart brennaren sin plass i systemet til personen eg snakka med i sikkerheitskontrollen her.
  8. Nei, i utgangspunktet er det ikkje tillatt (dei listene der er ikkje uttømmande), men dei enkelte flyselskapa har fridom til å avgjere kva som gjeld for deira reisande. Eg er ute etter korleis folk har opplevd dette i praksis, og då helst med sikkerheitskontrollen på Gardermoen/SAS sidan det er dei eg skal reise med. http://www.luftfartstilsynet.no/avdelinger/Security/article1110.ece https://avinor.no/flyplass/oslo/planlegg-reisen/bagasje/sportsutstyr
  9. Eg har sett på dei sidene der når eg googla, men der er ikkje nemnt noko av det eg spør om.
  10. Er det nokon som har reist på fly med brukt Primus/brennar i bagasjen i det siste? Ser at på sidene til Avinor så står brukt Primus/stormkjøkken som ikkje tillatt å medbringe verken i handbagasje eller innsjekka bagasje, men at det kan vere unntak hjå dei enkelte flyselskapa frå denne praksisen. Intet definitivt svar å finne "offisiellt" altså og flyselskapet henviser til Avinor si liste over forbudte ting... Ser på nett det er mange som har blitt fratatt brennarane sine, og det vil eg helst unngå! Vil også unngå å kjøpe ein splitter ny brennar kun fordi eg skal flyge, som er den 100% sikre løysinga for å få den med. Samtidig så er det jo mange som får med seg brennarane sine på flyet, så eg vil gjerne vite KVA dei gjer for å få til det (med mindre det berre er flaks). Var ein tur på flyekspedisjonen her i bygda og spurte folka i sikkerheitskontrollen om eg får med primusen, og då fekk eg fyrst nei før svaret vart endra til ja, så lengje den er rensa før avreise slik at der ikkje er drivstoffrestar (etter eg viste og forklarte at det ikkje er drivstoff i sjølve brennaren). Fekk også vite eg burde prøve å sette fyr på den før eg pakkar den i bagasjen. Skal sjølvsagt ikkje ha med gassbeholdarar på flyet. Så etappen heimanfrå til Gardermoen med Widerøe er i alle fall grei om det stemmer det eg fekk vite der. Så då er spørsmålet om nokon veit korleis dette vert handheva på Gardermoen (utanlandsflyging)? Eller generelt hos SAS? Sjekkar dei bagasjen på nytt ved flybytte eller er eg på trygg grunn når eg får den gjennom kontrollen til Widerøe? Det vart mange spørsmål, håpar nokon har erfaringar med dette.
  11. Har kaffikjel-versjonen av X-pot, genial ting som tek minimalt med plass i sekken. Gode handtak og fin å helle av. Har berre hatt den eit par mnd så kan ikkje uttale meg om haldbarheit, største risikoen er vel å brenne hol i silikonen på eit vis og då er sit ein jo fint i det om ein ikkje har andre alternativ med... Ser på risikoen for at det kan skje som liten iom. at eg ikkje har greid å øydeleggje den enno.
  12. Det er veldig godt å sove på, ok vekt og lagar lite lyd. Har brukt mitt både vinter og sommar, og stoltrekket ein kan kjøpe til er gull verd for å auke chill-faktoren på tur. Har nettopp lappa to hòl i min Synmat 7 UL LW, etter fyrste forsøk på open himmel soving med den (altså utan beskyttelse frå teltbotn/trekk). Mulig det ikkje var det smartaste underlaget å ligge på, stein med tjukt med lyng oppå, men allikkavæl... Surt! Kjem allikevel til å kjøpe samme type når det eg har tek kveld for godt og ikkje let seg lappe på meir.
  13. Trur dykk kjem til å få ei flott oppleving! Det kan også vere verdt å vurdere kva rute dykk ynskjer å ta til toppen sidan dei varierer ein del i landskap, akklimatisering undervegs og varigheit. Generelt så er det betre å bruke fleire dagar på veg opp og å ha framdrift etter gå høgt, sov lågt prinsippet for å unngå høgdesjuke og ha best utbyte av turen. Når eg var der gjekk me Machame-ruta, ei rute som tek deg gjennom alle typar landskap på veg opp. Veldig fin og gir god akklimatisering, men mange byrja å merke høgda allereie på rundt 3000moh. Her er min (særs fyldige, hehe) turrapport frå turen eg var på, inkl. utstyrsliste om det er av interesse: http://nekkoy.no/kilimanjaro/ Kjenner folk som har organisert turen sjølv og kun leigt inn lokal guide (det må ein ha uansett for å få tillatelse til å gå opp). Det vert ein del meir arbeid (og er billegare), men er visst ikkje så ille etter det eg har høyrt. Om dykk vel det alternativet (og også om dykk vel profesjonell arrangør) er det viktig å ha i mente ting som etisk rett behandling av dei lokale bærarane (http://www.kiliporters.org/) som minsteløn, kva bører dei maks skal bere etc. Det er mange som vert utnytta for luseløn. Toppnatta vert kald og tung uansett kva rute dykk vel, så varme kle må med uansett, spesielt for madamen sidan me damer frys lettare, eg brukte kvart einaste lag eg hadde med. Er ein i tillegg litt småtufs av høgdesjuke så er det godt å ha ekstra kle, spesielt også sidan tempoet ein går i er seinare enn sneglefart. Dropp forresten drikkesystem og gå for Nalgeneflasker med trekk, så slepp dykk frossent drikkesystem og dehydrering (sjølvopplevd, ikkje spesielt kult når ein er på beina i langt over 12 timar).
  14. Overnatting under open himmel, take 2 Turen gjekk til Nivane i Ørsta i lag med ei venninne. Klok av skade frå fyrste under-open-himmel-tur i år så hadde eg overlatt ansvaret for kjøkken til henne, OG handla inn fancy-smæncy augebind (beste 50 kr eg har brukt på lenge!). Lite visste eg at problema skulle kome frå ein annan kant denne gong. Etter å ha lagt meg til for kvelden merka eg nemleg at eg etterkvart låg på bakkenivå. Det er ein vesentleg skilnad på dei 7 cm underlag synmaten gir når den funkar, og dei 7 cm som manglar når den IKKJE gjer det. Lite søvn på utenatt nummer 2 og, med andre ord. Med unntak av sterkt skrantande nattesøvn var det ein flott tur! Høg trivselsfaktor med mat, snacks og øl og god stemning. For ikkje å snakke om enorme mengder kaffi i solsteiken. Og møte med eit rypepar påsjekker'n og flott solnedgong. Så får det berre vere at ein er sånn omtrent 7 timar i minus på søvn og har fått tidenes raudfarge i sola.
  15. Nekkoy

    Sports-BH

    Eg likar dei frå sommarkolleksjonen til Pierre Robert (reknar med dei dukkar opp i butikkane i år òg!), anna stoff, passform og tynnare stropper enn på den vanlege varianten. Stroppene går ned i ein V bak. Ser fine ut på òg. Men obsobs, dei er ikkje ideelle til bæring av sekk sidan dei fargar av ved komboen sekk og svette (sjølv etter eit års hyppig bruk og vask). Mitt forskningsprosjekt har konkludert med at i den forbindelse er fargen rosa verst, turkis nesten like ille, men gult går greit så lenge ein ikkje har kvitt tøy utanpå.
  16. Vart ei natt under open himmel på meg sidan vêret er så bra. Sein start, liten gåtur opp til forbi Dinglavatnet til fyrste og beste soveplass. Kjapp kveldsmat for å teste ut ny brennar som enda i at eg øydela heile greia. Typisk! Tusla meg heim i 5-tida då det vart for lyst til å bedrive noko meir soving. Trur det blir fleire netter under open himmel framover, men då med sånn fæncy-smæncy augebind for å få det mørkt.
  17. Gregory Deva 80 er komen i hus. Store forhåpningar til sekken ut i frå alt positivt eg har lest om den! 3399,- på Platou, og kjempeservice frå betjeninga (som alltid)
  18. Instruktørkurs i Norsk grunnkurs førstehjelp er vel standarden om ein skal halde kurs. Veit Norsk Folkehjelp og norsk førstehjelpsråd arrangerer, og enkelte firma, elles så kan det vere di lokale Røde Kors avdeling veit om nokon lokale med rett kompetanse til å halde instruktørkurs. Skal ta NGF instruktørkurs sjølv og tok kontakt med mitt lokale Røde Kors og fekk tips om kven eg kan henvende meg til for kurs. Dei arrangerte berre fyrstehjelpskurs som Ikkje gir instruktørgodkjenning i lokallaget her.
  19. Eg brukar ipod med spotify offline. Batteriet varer ganske så lenge med moderat bruk!
  20. For å få stabil lading når ein fyrst skal ladde dingsane er det greit å ha ein powerbank som ein vedlikehaldsladar med solcellepanelet. Direktelading av dingsar er mindre effektivt ved ikkje-ideelle solforhold og det går ganske treigt, så då er det greit å heller akkumulere i ein powerbank og ta ut power når ein treng det. Hugs også å sjekke evt sikringar i panelet/powerbanken og ha med reserve på tur så ein plutselig Ikkje står der med utstyr som ikkje fungerer. Samme med oppbevaring av utstyr når det ikkje er i bruk, enkelte bankar har eigne utladings-anbefalingar eller bør stå til vedlikehaldslading for å ikkje tape seg når det lagrast. Eg har sherpa 50 pakken, med Nomad 13 panel og sherpa 50 Powerbank frå Goal Zero. Får inn ein god del ladingar av dingsar før ein må lade opptatt banken, og panelet er større og med høgare effekt enn Nomad 7. Veg litt, men bra pakke. om ein er fleire som har med same panel på tur kan ein også seriekople dei for å få kortare ladetid. http://www.goalzero.com/mobile/p/149/sherpa-50-solar-recharging-kit-solcellelader
  21. Eg synest dette er ein interessant diskusjon. Det ein kan ta med seg frå oljebransjen er haldninga om at det finst ei løysing på eitkvart problem og pengebingen me har tent på verksemda. Finst ikkje den rette teknologien eller utstyret så får me utvikle det, så får det koste det det kostar. Hadde ein hatt same motivasjon og like mange glupe hovud (og like ubegrensa pengesekk) i utviklinga av fornybare energikjelder som det er i oljebransjen trur eg me hadde kome mykje lengre. Har notert meg at saltkraft ikkje er nemnt i diskusjonen. Ein ganske interessant teknologi som Noreg og Statkraft har vore i front på å teste ut og utvikle. Det vart bygd eit testkraftverk her i Noreg, og det er teoretisk berekna at ein kan dekkje 10% av Noreg sitt energibehov med utbygging av slike anlegg. Grunna manglande Konkurransedyktigheit vart prosjektet avslutta, men med utvikling av betre teknologi er det fullt mogleg å gjere slik kraftutnytting berekraftig både her til lands og elles i verda. Dette er enkelt forklart teknologi som krev saltvatn og ferskvatn (ergo eit elveløp ut i ein fjord feks), der ein ved hjelp av osmose kan lage trykk og drive ein turbin og slik skape energi. Få inngrep, kraftverka kan skjulast heilt under bakken om så er, og biproduktet er brakkvatn som vert sleppt til sjø der vatnet uansett hadde enda opp. Desse kan også byggjast i hop med eksisterande vasskraftverk for å utnytte eksisterande regulerte vatn og elver enno meir enn det blir i dag. Til forskjell frå bølgjekraft og vindkraft er det ikkje så begrensa av ytre krefter etc, ein treng ferskvatn og saltvatn. Skal det monne i det store biletet må ein gjere det stort, og me må byrje med oss sjølve. Dersom Noreg kan kome dit at me produserer meir fornybar energi enn me til ei kvar tid treng, må me eksportere. Andre land vil då importere vår fornybare energi i stadenfor å produsere den kraftandelen frå sine forureinande kjelder. Problemet med overproduksjon er at det går ut over prisen energiselskapa får for krafta dei produserer når tilbodet er større enn etterspørselen, som sjølvsagt er dårleg buisness. Me kunne prioritert å investere mykje meir av oljefondet vårt i utviklinga av fornybar energi. For å få slutt på forureinande energiproduksjon må ein finne nye måtar å produsere energi på som er meir lønsame (samanlikna med forureinande kraftproduksjon), har høg verknadsgrad og er praktisk gjennomførbare slik at andre land vil fylgje etter og ta teknologien i bruk fordi dei tener på det. Når alt kjem til alt er det kost mot vinning det kokar ned til når det kjem til å kunne gjere dei verkeleg store kutta i utslepp. Men fyrst av alt må nokon gå foran å vise at det er mogleg, og lønsamt. Då nyttar det ikkje å rope høgt om at det ikkje er vits fordi heile verda ikkje gjer dei same tiltaka på same tid.
  22. Eg var på vekeskurs i naturleg sikra klatring hjå dei i seinsommar. Veldig bra opplegg, dyktig instruktør og veldig fint øvingsfelt. Me hadde to dagar på Paradiset kalle med øving, samt me hadde to dagar som nummer to på fleirtaulengdruter i fjellet. Siste dagen klatra me som sjølvstendige taulag og fekk tilbakemeldingar frå instruktør på sikringsarbeidet. Veldig bra kurs for noviser innan naturleg sikra klatring. Lofoten er utruleg flott, fine ruter og topp stemning i Henningsvær. Me budde på brygga med klatrekafeen, noko som var heilt tipp topp det òg.
  23. Nekkoy

    Topptur i nordlys

    Utruleg flott!! Såg heilt fantastisk ut.
  24. Kom heim frå jobb torsdag til eit lite lass av vel investerte feriepengar! Nytt i utstyrshyllene i heimen: Hilleberg Soulo med bunnduk (sendt til salmakar for å få sydd på stormmatter så får ikkje testa på ei stund ) Garmin gpsmap 64s Mammut Lahar down emt 3 sesongpose Primus express stove Ti Silva digital kartmålar thermarest z-lite underlag sea to summit x-kettle (snerten sak, satsar på den ikkje brenn opp ) I tillegg vart det eit billig liggeunderlag frå europris eg kan klippe av for å gjere eit forsøk på å polstre hoftebeltet på sekken min.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.