Gå til innhold
  • Bli medlem

fantomet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    35
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av fantomet

  1. Hei! Har fått ein MSR XGK EX til jul, men er usikker om dette er brennaren for meg. Det eg saknar er effektregulatoren som er på Dragonfly, og lurar på om eg skal byte den. Mitt bruk er sumar og vinterturar opp mot ei veke i telt. Slik eg forstår det er XGK meir robust og driftsikker, men er det nok for vege opp mot effektregulatoren? Ynskjer gjerne innspel frå folk med erfaringar med desse to typane, slik at valet vert litt lettare... På førehand takk!
  2. Nokre som kjenner forholda ved Bondhusbreen?
  3. Takkar så mykje for svar! Me held nok ein knapp på ruta via Geiteryggshytta, men kan hende, om godveret kjem over oss, at me fylgjer ods sit forslag.
  4. Hei! Skal gå ein etappe mellom Lungsdalshytta og Finse. Lurer på om nokon her kan dele sine erfaringar med rutene her. Lurer på kva som er raskast(og kor lang tid de har brukt) av rutene Lungsdalshytta-Kongshelleren-Geiteryggshytta-Finse og Lungsdalshytta-Raggsteindalen-finse. Ser ut av DNT sitt Vintermerkingskart at ruta via Geiteryggshytta er 1km kortare-men kva rute er raskast? Me er 3karar som skal gå ruta frå neste laurdag av og basere oss på å overnatte i telt. På førehand takk for svar.
  5. Hei! Skal kjøpe nye fjell/turski og har blinka ut Åsnes sine Ingstad ski som det "perfekte" par for meg. Har lyst å kikke litt meir rundt før eg tar den endelege avgjersla, og lurte på om det er nokon som har forslag på ski som liknar desse? Finnes forresten Åsnes sin Ingstadmodell utan fellelås? På førehand takk:)
  6. Kunne du fått lagt desse ut her Hemsedal, eller sendt dei til meg også på PM?
  7. Hei! Skal til Berlin i nærmeste framtid og har nokre kjøp eg må få unna før vinteren. Nokon som veit av butikker som selger sports/friluftslivsutstyr?
  8. Ok, takk for råd. Me har alle ein del bre-røynsle, så trur det skal gå fint:) Forresten, kva meinar de med vindauget??
  9. Hei! Nokon som har gått Bondhusbreen opp i det siste? Tenkjer å gå den om ei helg eller to, og lurte på om nokon kjenner forholda kring insteget. Skjønnar at breen har trekt seg ein del tilbake, og lurar på om ein eventuelt må over bratte svaparti for å komme seg på breen? Og om det er fare for steinsprang? På førehand takk:)
  10. Takker for svar:) Gler meg stor til turen. Trur me avslutter over Storen. Får sjå an veret-tid osv. Kjem attende meg "rapport" frå turen:)
  11. Hei! Planlegg å gå styggedalstraversen torsdag/fredag denne veka. Er det nokon som har nokre tips/eigne erfaringar kring traversen. Anbefalt exit? Via Storen-via slingsbybreen?? Det skal også vere nokre klatrepunkt på traversen. Nokon som veit graden på desse-og lengde? På førehand-Takk:)
  12. Hei! Eg planlegg å gå denne turen i påska om veret tillet det. Er det nokon her som har gått distansen og har erfaringar dei vil dele? Kor lang tid bør ein rekne? Tips om ruteval? Eg vil basere meg på å liggje i telt, og på denne måten gå litt utanfor allfarveg. Mvh-Andreas
  13. ok, takker for svar:)
  14. Hei! Nokon som har klatra Skagastølsrisset, og har nokre ord/bilete frå ruta??
  15. Eit anna godt tips er å ha ein tights shorts under. Den minskar friksjonen.
  16. Sjå: http://www.turtagro.no/cat_page.asp?cat=28&PageType=M&documentID=297
  17. Måndag denne veka var planen at eg og ein venn skulle gå Svellnosbreen rundt. Det var ein svært våt og glatt fornøyelse bortover eggen. Me kom oss til toppen av Ymelstind, og hadde brukt såpass med tid, og var nesten tomme for tau til rapellfeste at me valgte å returnere ned Svellnosbreen, til Spiterstulen. Ifølge Klatreføraren for Jotunheimen skal denne traversen ikkje by på nokre særlege problem, men me opplevde at nokre punkt ikkje stemte heilt. Kan hende det var pga eit sleipt og vått underlag? Første punktet var ved første rapell(forbi Østre Tverråtind), her skulle rapellen kunne unngås på sørsida, me fann ingen gangbar veg ned der. Isåfall må denne vere veldig eksponert. Det andre punktet var opp mot Ymelstind. Her står det i føraren at det er lettest å halde til høgre for eggen(2) opp mot toppen. Her opplevde me å komme i svært laust, bratt og eksponert terreng. Greide etterkvart å traversere oss mot toppen, men dette er meir enn 2-klyving. Det tredje punktet er vegen vidare frå Ymelstind til Storjuvtind. Her står det i klatreføraren at ein følgjer eggen greit bort til Storjuvtind. Me fann inga gangbar rute ned derifra, og måtte ta ein rapell ned nordøst-sida. Er det nokon som har liknande erfaringar med denne traversen? Eller er det me som har bomma/psyka ut pga glatt-vått underlag???
  18. Korleis såg toppskavelen ut? Var den stor, henger den langt utover nordsida?
  19. fantomet

    Glittertind

    Tusen takk for svar. Flott om du hadde teke bryet med å scanne biletet:) Send meg gjerne på mail: [email protected]
  20. Dobbel fiskeknute vil nok gjere nytta:) Eg vil derimot ikkje stole på å kun leggje att kun eit tau/slynge. Dette pga at det truleg vil bli ein del bevegelse på rapellfestet, om det ligg mot skarpe kantar kan det i verste fall slitne. Eg er iallefall tru til "to uavhengige, utlikna sikringar". Gjort det til eit prinsipp når det gjeld rapell/standplass osv.
  21. fantomet

    Glittertind

    Prøver igjen.... Er det nokon som har kjenner til klatreruta som går opp nordsida av Glittertind? Eventuelt har bileter av denne sida? Lurer på å klatre den i midten av neste veke, men er usikker på forholda. Også litt bekymra over toppskavelen, lurer på om den kan komme??..
  22. Det er nok sikkerheita som står i høgsete hjå meg også. Men vil ikkje kjøpe tjukkare-dyrare-tyngre slyngetau enn naudsynt. Har rapellert på dette tidlegare, trur det var 6-eller 7-mm X 2. Det skal vel ikkje vere naudsynt å leggje att ein karabin også. Ein vil få minimal bevegelse mellom rapelltauet og rapelllfestet under rappellen. Friksjonen som oppstår der skal vel vere utan betydning for tauet, festet set ein jo att uansett. Og ein skal jo ALDRI kun stole på rapellfeste ein finn i fjellet..
  23. Ein kan vel nytta tynnare? I Eit rapellfeste t.d. rundt ein stein legg ein jo to uavhengige rundar rundt. Vert vel litt voldsomt å leggje att to slynger a 9mm.??....
  24. Om ein nyttar tau til å knytte rapellfeste av, kva diameter bør ein nytte ifølgje NF sin metode standard?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.