Gå til innhold
  • Bli medlem

Sigbjørn

Aktiv medlem
  • Innlegg

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Sigbjørn

  1. Var rett og slett morsomt ja. Tau er ein kjekk oppfinnelse det :)

    Dessuten hadde vi som heldt oss i Hurrungane betydeleg mindre snø (og fastare) enn det du og andre tydelegvis sleit med lenger aust i heimen same helga.

    Gjorde livet på tur lettare enn om vi måtte vassa rundt i djup nysnø....

    Dessuten er klyvinga her på fast fjell og, som det kom frå ein deltaker: "Det er så greit her, fordi akkurat når du føler du treng eit bøttetak så dukker det opp"

    S :)

  2. Denne helga må vel ha hatt årets beste vervindauge. Heldigvis samsvarte det med fjellsportgruppa på jobb sin årlege hausttur, som i år hadde primærmål Store Austabotntind.
    Bortsett frå minusgradane natt til lørdag som gjorde at det var litt vel kaldt i soveposen natt til lørdag er det klin umuleg å få ei betre helg i fjellet.

    Starta direkte frå campen på Berdalsbandet oppover mot vesttoppane i strålande klarver og akkurat nok trekk til å slippe å svette for mykje. Kosetur oppover på det faste fjellet, med stadig meir å sjå av fjellheimen. Det låg litt snø innimellom steinane opp mot vestre, men ingenting som plaga oss. Over første 10-metringen på V2 bar det vidare til vestre for matstopp og start på utfordringane :)

    Bratt klyving ned i skaret mot Store, som Morten skriv i boka er du godt skjerma det meste av tida så det ikkje føles så ille. Tilsvarande klyving ute på ei egg hadde nok vore litt annleis ja...
    Vidare bort egga mot Store, før vi traverserte på høgresida av den første hammaren under svaet. Meir eksponert her og ein del snø, men alle kom seg opp til foten av svaet uten bruk av tau. Igrunnen imponerande tatt i betraktning turgjengen sine noko ulike komfortgrenser mhp høgder...

    Ved starten på svaet var det ingen diskusjon lenger, ubetinga sikring på slikt føre. To taulengder opp til den vestre pukkelen (V0), litt uggent første 10 meterane pga labert med sikringspunkt, deretter var det for det meste veldig greit. Klatra direkte på V0 istaden for å traversere bort i skaret siden alle ikkje hadde stegjern, virka greiare rett opp.

    Vel oppe på ryggen var alle såpass akklimatiserte at sikring vart droppa opp til hovudtoppen, og alle kløyv i tur og orden ut til toppvarden. Luftig moro der, vår eigen karate kid vant nokprisen for kulaste opptreden... :D

    Returen tok vi med rappell frå V0 og ned til standplassen midtveis. Fekk med oss to som hadde klatra traversen over søre, begynte etterkvart å bli tett befolka på standplass då..
    Resten rappellerte ned før sistemann demonterte standplass og "leda baklengs" nedatt. Utfordringar skal ein jo ha litt av, glad for at eg hadde med øks og stegjern iallefall.

    Klyving oppatt til Vestre og litt påfyll av mat og drikke igjen, før det bar nedover til basecamp'en under kraftlinjene. Hadde nytt dagen så lenge at det gjekk på stumpane med dagslyset, men vi kom oss ned like heile. Så var det tid for eit raskt skift før den tradisjonelle biffmiddagen med tilbehør under stjernehimmelen..

    Då er livet heilt ålreit...


    Og søndagens tur på Store Dyrhaugstind var igrunnen heilt ålreit den og.. Ikkje eit vindpust, traske i bar overkropp i september og avslutte med bad i tjerna på Øvre Dyrhaug på retur

    :cool: :cool: :cool:

    post-1557-133474723316_thumb.jpg

    post-1557-133474723322_thumb.jpg

    post-1557-133474723329_thumb.jpg

    post-1557-133474723337_thumb.jpg

    post-1557-133474723348_thumb.jpg

    post-1557-133474723358_thumb.jpg

    post-1557-133474723369_thumb.jpg

    post-1557-133474723382_thumb.jpg

    post-1557-133474723392_thumb.jpg

  3. Var som vist i artikkelen Busken nevner på Knutseggen frå Gjendebu i helga.

    Stien gjennom Svartdalen var f.eks. fullt gåande, du må over nokre korte snøfelt men fast og greit der. Vestvendte snøfelt opp mot Knutsholsryggen var derimot ikkje festlige å passere, råtten snø så det holdt utpå dagen. Flanken mot Store Knut hadde mykje snø, ikkje å anbefale

    Finn du turar som går på sør/vestvendte rygger kan du nok gå rimeleg greit i dette området, evt hard snø på nordvendte flanker. Nordryggen mot Svartdalspiggen såg nokså snødekt ut.

    Uansett god tur, fint er det og absolutt ikkje trangt om plassen enno. :wink:

    Sigbjørn

  4. Vi rappellerte på 60m tau ja, men 50m hadde vore rikeleg det og. Var godt med snø mellom nålene no, men snøfonna går nok så langt opp i austsida at du berger deg ned med 50 meters tau seinare i sesongen og. Fonna gjekk eit godt stykke opp i austsida når eg var der hausten 2007.

    Trur ellers at Knutsholstraversen hadde blitt uggen på lørdag sidan det framleis låg bra med snø på nordegga mot Store, så var nok lurt val å utsette den litt. Du hadde nok ikkje møtt andre enn oss tre i området iallefall.. :)

    S

  5. Denne helga opna Gjendebu for sesongen, og dermed kom muligheitene for båttransport dit og gitt. Øyvind og Kristian var klar for tur som involverte klatring, og hadde tenkt ut Nålene som eit utmerka turalternativ. Litt skeptisk sjølv, siden eg hadde vore ved nålene før på isglasert føre, men lot meg overbevise om at vi kunne dra inn og sjå korleis det såg ut, og evt gå på andre turar om det var for mykje snø.

    Skepsisen kom tilbake når vi kom over Valdresflya i 2-tida natt til lørdag med kuling og snødrev.... Når vi såg ut av teltet tidleg lørdag låg snøen på 1100 m... Jippi! Men, vi såg og flekker av blå himmel og tenkte at yr.no sikkert har rett i at det blir stadig betre ver utover lørdagen så vi kom oss på båten til Gjendebu og håpte det beste. Etter at båten omsider fekk lagt inntil kaia på tredje forsøket pga vinden fekk vi slått opp teltet på teltplassen med best ly for vinden, kokt oss kaffe og sat og såg opp mot nysnøen på sørsida av Gjende. Ein kopp var tilstrekkeleg for å konkludere med at "vi prøver" :D

    Første teikn på at dette ville bli ein god dag fekk vi når vi såg at "gamlebrua" var på plass att over Vesleåe, så vi slapp unna dei to ekstra kilometrane den nye stien medførte sist eg gjekk her.. YESSS! Vidare oppover stien mot Svartdalen gjekk det greit, alle tre spente på kor mykje snø som ville ligge opp mot nålene. Vi kom opp i Svartdalen og konkluderte einstemmig med at rett nok låg det nysnø, men Søre Nål såg faktisk OK ut. Kryssa elva og skrådde nordaustover oppover mot nordenden av Knutseggen. Snøfelta var litt halvråtne, men steinane låg betydeleg meir i ro enn sist eg var her. Vel oppe på eggen runda vi under dei første småpinnaklane før vi starta klyvinga over Nørdre og Nestnørdre. Fint med litt oppvarming sidan det her blåste i overkant friskt... Vel framme ved foten av Søre Nål var det tid for litt kaffe og å finne fram klatreutstyret. Den såg rimeleg tørr og fin ut, så ingen grunn til å la vere idag. Når vinden no i tillegg forlot oss for godt vart det veldig fint :D

    Vi kløyv opp 6-7 meter på nordvestsida til ein utmerka standplass, før det var tid for å avklare det viktigaste spørsmålet: Kven leder? Med to taulengder og 3 klatrarar fins det kun ei rettferdig løysing.. stein, saks, papir. Kristian var ikkje veeeldig lei seg over å vinne den første taulengda.... Greit opp til standplass over første kanten, om enn prega av nokre kommentarer om fjellskoa sine manglande friksjonseigenskaper... Øyvind fekk æra av å "labbe" vidare til toppen. Luftig men greit bort egga til eit lite sva som fører til det siste opptaket til toppen. Trygt og greit leda til stand ved "rapellblokka", så var det berre for Kristian og eg å følge på. Rett og slett ein nydeleg topp med kongeutsikt i kjempever :P

    Rigga til rapellen med slynger rundt blokka rett under toppunktet, umulig å ta feil av kva som er mest brukt her.. Morsom rapell ned dette, greit ned til snøen på austsida. Etter ein liten tur oppom Midtre Nål, var det på tide å vende tilbake mot Gjendebu og hjortebiffen som venta på å bli tilberedd ved teltet. Grei retur, sjølv om snørennene ikkje alltid var bærekraftige nok til at vi unngjekk å trakke oss langt nedi steinura frå tid til anna. Eit og anna hedensk uttrykk om stein kamuflert av snø kom det nok ja... Men, alle tre kom seg ned med alle bein i god behold. :)

    Søndag vart det retur med første båt til Gjendesheim, og ein liten kort føremiddagstur på Knutshøe i nydeleg ver. Møtte kun to andre, pluss ei rype midt i stien oppover og mengder av reinsdyr nede ved Øvre Leirungen. Store kontraster mellom snøfrie Knutshøe og Kalvehøgde der snøen ser ut til å ligge ei stund enno.

    Kort oppsummert: Sommarsesongen er igang i fjellet, men velg tur med omhu ei stund til.. :)

    Sigbjørn

    post-1557-133474700403_thumb.jpg

    post-1557-133474700427_thumb.jpg

    post-1557-133474700448_thumb.jpg

    post-1557-133474700471_thumb.jpg

    post-1557-133474700523_thumb.jpg

    post-1557-133474700559_thumb.jpg

    post-1557-133474700583_thumb.jpg

    post-1557-13347470061_thumb.jpg

    post-1557-133474700627_thumb.jpg

    post-1557-133474700643_thumb.jpg

    post-1557-133474700659_thumb.jpg

    post-1557-133474700675_thumb.jpg

    post-1557-133474700691_thumb.jpg

    post-1557-133474700707_thumb.jpg

    post-1557-133474700725_thumb.jpg

  6. Bremanger ligger på mine kart i Nordfjord og ikkje Sunnfjord.

    Hmmm, dette har potensiale for ein lang og fin Off-Topic diskusjon....

    Skal ikkje kverulere, men normalt reknar vel folk på Bremangerlandet seg som Sunnfjordingar. Fastlandsdelen av kommunen i nord (Ålfoten, Davik) heller vel til Nordfjordingar. Og slike som meg med røtene heilt i grensa til Flora er iallefall Sunnfjordingar, og dermed lettare subjektive... :)

    Sigbjørn

  7. Hornelen er defintivt ein av dei flottaste toppane i Sunnfjord ja, kan anbefalast på det sterkaste.

    Med tanke på spørsmålet ditt Ole-Petter om austveggen har vore klatra, så kan du lese meir på Florø klatreklubb sine sider:

    http://home.online.no/~koneny/klatreturar.cfm

    Beskriver rute for førstebestiger Bing som seinare er repetert av Florøklatrarar i 2003

    (Vel, det var dette med Olav Tryggvason som førstebestiger, men held meg til nyare tid)

    Sigbjørn

  8. Med vermelding på 30+ i lavlandet, var det gode grunner for å evakuere til fjells denne dagen. Når vi først var heime på Vestlandet, var Lodalskåpa eit lett tilgjengeleg turmål. Køyrde inn til Bødalsseter fredag kveld og slo opp teltet, klar for neste dags 15-1600 høgdemeter.

    Lokalbefolkninga (med bjeller..) vekte oss i passeleg tid lørdags morgon(0630), så då var det opp og hopp og ut av teltet for å konstatere at veret framleis var strålande. På med kaffekjelen og innta frukosten, før vi sette igang beina på stien innover Bødalen. Litt lite konsentrerte i starten så gjekk vi rett forbi stikrysset mot Kåpa, men tok ikkje lang tid før vi skjønte det og kom oss over på rett sti slik at vi kunne krysse elva på bru istaden for vading til haka...

    Etter første stigninga opp mellom fossane, var det tid for litt drikke. Kunne heldigvis konstatere at det meste av stigninga som venta oss opp Brattebakken låg i skuggen, i tillegg var det ein lett vindtrekk som ga passe avkjøling. Slapp unna snø før dei siste 100 høgdemetrane opp til varden ved breinnsteget, sjølv om snøen var fin og passe fast å gå på er det trass alt betre med sti oppover.

    Ved varden var det på med sele og tau. Såg no to andre på veg over breen før oss, desse var utruleg nok dei einaste vi såg i området denne dagen. Ellers hadde vi området heilt for oss sjølve. Med underteikna som breåte tok vi sikte på snørenna lengst nord, bratt opp denne men veldig fin og mjuk snø. I tillegg hadde dei to før oss laga fine spor, så kvifor slite unødigt.... Runda i snøflanken på sørsida av Veslekåpa, med flott utsikt ned mot Småttane. Rart å tenke på at ein har gått der på ski når ein ser sprekkene som dukker opp på sommaren. Etter Veslekåpa var det over eit kort lite sprekkparti før siste snøbakken opp til Kåpa. Runda langs fjellet og opp forbi Hanken til starten av den bratte renna, så var det av med tau og sekker før klyvinga til topps. Tørt og fint oppover med gode tak, så gjekk veldig greit å komme seg opp. Vidare opp slakare steinur før vi var på toppen med panorama i alle retningar. Spesielt artigt for Rannveig etter tre tidlegare forsøk som har alle forsvunne med veret....

    Tok oss god tid på toppen i finveret, men ned att måtte vi jo dessverre... Etter litt konsentrert gange og klyving var vi nede ved sekkane att, så var det inn i tauet igjen for returen. Mjuk snø med langt igjen til isen gjorde returen til brekanten grei, men fleire parti her kor utglidning ikkje er eit sunt alternativ på hardt føre... Ved brekanten var det av med tau, før vi cruisa ned til 1300m på laaaang snøbakke. :) 350 høgdemeter på no time, før vi måtte over på meir kjedeleg unnabakkegåing på stien som slynger seg ned mot dalbotnen. Vel nede att til bilen ved Bødalsseter var det godt(?) med eit raskt bad i elva for å vaske av den verste svetten. Badetempen kan best beskrivast som "Karakterbyggande"....

    Deretter var det berre å sette seg i bilen for turen heim til Førde, alle glade og fornøgde etter besøket på ein av dei flottaste 2000m-toppane landet kan by på :D

    post-1557-133474562373_thumb.jpg

    post-1557-133474562388_thumb.jpg

    post-1557-133474562403_thumb.jpg

    post-1557-133474562417_thumb.jpg

    post-1557-133474562429_thumb.jpg

    post-1557-133474562445_thumb.jpg

    post-1557-133474562461_thumb.jpg

    post-1557-1334745625_thumb.jpg

    post-1557-133474562518_thumb.jpg

    post-1557-133474562533_thumb.jpg

  9. Interessant bilde Busken!

    Gjekk over brepassasjen der same året, men 30.juni. Då var det definitivt ingenting som tyda på at fjellet skulle dukke opp der. Vi brukte tau siden a) vi hadde det med uansett og :D ikkje hadde kjennskap til evt sprekker under nysnøen som låg der då. Runda litt til høgre vi og den gangen.

    Mhp ryggen vidare skal du vere nokså frisk (= Mayhassen...? ) for å gå heile ryggen usikra uten å vere nedpå snøen/breen, mellom Ø1 og Ø2 er det eit hakk som normalt stopper dette. Var framme og såg på det, men vi valde uten stor diskusjon å runde nedom breen. Morten sin beskrivelse i fjellbibelen er ganske så dekkande her.

    Uansett berre å glede seg til ein flott travers

    Sigbjørn

  10. Hei, er mange flotte dagsturar i området rundt Førde.

    Alle "byfjella" rundt sentrum (Førdsnipa, Halbrendsnipa mfl) er fine turar, i tillegg er og toppane rett ved skyttarstadion fine men nok litt støyutsett under stemnet.

    Den finaste toppen i området er nok Storehesten, der NM i motbakkeløp gjekk for eit par veker sidan. Ca 25-30min å køyre sørover frå Førde. Ellers mange flotte alternativ både i retning Jølster og Florø, avhengig av kor lang og bratt tur de ønsker.

    God tur!

    Sigbjørn

  11. I forhold til passe lange dagsmarsjer er jo Leirdalen/Leirvassbu eit veldig bra utgangspunkt. Masse fine teltplasser langs vegen og elva inn mot Leirvassbu, og topper som Kyrkja, Stetind, Tverrbotntindane og Geiti har behageleg lengde og tidsbruk.

    Tar de båten til Gjendebu og rusler litt innover enten Storådalen eller Veslådalen er det og fine teltplasser der. Med seks timer gange pr dag er det fleire toppar innanfor rekkevidde med dei utgangspunkta.

    Sigbjørn

  12. Ser at bilder tydelegvis har blitt for enkelt her siden Mayhassen har begynt med gåter...

    Når det gjeld den vriene til Mayhassen på s.106, sikter du kanskje til Muruelva?

    Ser ut som eit tre, og har m.a. Reinstindvatnet som ei av kildene. Og grunn til å frykte den er det jo...

    Sigbjørn

  13. Du satser på å drøye fjellsesongen maksimalt skjønner eg...

    Var over Skagsnebba på tørt føre i siste halvdel av august, sjå turrapport her:

    https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=9665

    Uten å skulle vere skråsikker trur eg at det sjølv med litt snø er enklaste og sikraste rute slik vi gjekk. Følgte då ruta ca slik den er tegna i Morten sin fjellbibel. Det er mykje laus stein oppover, så forsiktigheit oppover rennene er naudsynt uansett føre....

    Oppe på egga bortover mot bakarste er det tidvis smalt, men fastare enn steinura opp mot Skagsnebb. Svapassasjen forbi dei karakteristiske bratthamrane du ser i reportasjen er nok det verste punktet på vått og glatt føre, men er ikkje så eksponert. Litt smak og behag, var sjølv glad for at det var tørt når eg gjekk der...

    Mhp tidsbruk så gjekk vi rundtur over nebba til Loftet og tok oss god tid i finveret. Ser av bilda at vi brukte ca 3,5t inn til bakarste Skagsnebb.

    God tur om du prøver, Skagsnebba er definitivt ein klassiker 8)

    Sigbjørn

  14. Ut frå dei vi hadde snakka med på førehand, var vi litt usikre på om det var best å klatre opp frå nordvest eller frå sørsida, men skulle vi prøvd så ville eg ha foretrukke nordvestsida som du ser på bildet mitt. Fekk jo ikkje noko godt inntrykk av kor vrien den siste delen evt er når vi stod nede i steinura, men første delen såg iallefall overkommeleg ut.

    Sigbjørn

  15. Etter å ha avspasert fredagen med ein lang spasertur til Besshø, var det duka for å prøve oss på Knutseggen lørdagen. Pakka saman teltet ved Vargbakken og rakk akkurat båten innover. Nokså vått så lenge vi sat inne i båten, men det slutta heldigvis stort sett før vi kom til Gjendebu.

    Knutseggen låg godt inne i skyene når vi var ved Gjendebu. Regn og/eller snø og/eller islagte steiner og sva er ikkje draumeføre for ein tur over nålene og spesielt ikkje for Søre Nål, men etter rask rådslaging stempla vi lykke til på ferden og prøvde oss likefullt. Om ikkje anna ville vi alle opp og sjå korleis det såg ut der.

    På T-stien opp til Svartdalen var det fleire folk og sjå, men etter at vi kryssa elva og svingte av mot Knutseggen var det slutt på folkelivet. Kun oss sjølve, eit og anna lemen, og masse stein å prate med... Hadde ein teori om at det var best å runde nesten heilt bort til breen og følge egga opp på Knutseggen derfrå, noko som viste seg å vere veldig, veldig feil! Glatte sva og laus stein her fekk konsentrasjonen på topp ganske så fort. Omsider oppe på ryggen var vi skjønt einige om at dette ikkje kunne vere lettaste veg opp, noko vi fekk bekrefta 50 m lenger framme når eg kikka ned første renna i retning vatnet på 1590moh. Klart og tydeleg her vi skulle ha kome opp, så visste vi det iallefall til returen.

    Det smalna fort av vidare når pinaklene nærma seg, mykje klyveklatring opp og ned og rundt steiner og hamrer. Kom oss etterkvart over Nordre og Nestnørdre Nål og ned i den grove steinura under Søre Nål. Er som vestlending vant til mykje og stor stein, men denne var det dimensjoner over. Ingen rett fram-rute her nei.... Klyvde opp på Midtre Nål og, før vi sette oss på ein lun plass nede i ura og beundra Søre Nål. Både klokka og føreforholda sa klart i frå om at klatring på Søre måtte utgå denne dagen om vi skulle rekke nedatt til telta før det vart mørkt, men flott topp å sjå på uansett.

    Turen nedatt gjekk enklare enn opp, med unntak av nokre ufrivillige forsøk på å surfe på laus stein ned frå Knutseggen mot Svartdalen. Men, alle bein like heile på alle sjølv om pulsen går litt jojo av slikt. Omsider nede til Gjendebu og telta var det på tide med biff og rødvin ved teltet. Kunne sitte ute og nyte både mat og stjerneklar himmel. Livet blir ikkje mykje betre enn det :smile:

    PS! Kven du enn var som vi såg på veg ned frå Svartdalspiggen med lykt rundt midnatt, håper du kom deg vel ned.

    Sigbjørn

    post-1557-133474492729_thumb.jpg

    post-1557-133474492767_thumb.jpg

    post-1557-133474492807_thumb.jpg

    post-1557-133474492847_thumb.jpg

    post-1557-133474492882_thumb.jpg

    post-1557-133474492918_thumb.jpg

    post-1557-133474492959_thumb.jpg

  16. Jfr Mayhassen:

    Jeg tror at helgas tur blir noe av det roligste jeg har gjort på lenge, ingen klatreetapper såvidt jeg kan se, men nå har jeg jo driti meg ut der før da

    Satser på at vi får haik med deg denne helga og då, om du nok ein gang ser slitne folk i vegkanten.. :lol: Skal du gå ein rolig tur kan det jo hende vi er på same stad. Imponerande rundtur du tok, heldigvis er vår ambisjon å rekke toppane før vi er femti så vi kan satse på litt mindre progresjon og kortare turar enn deg..

    God tur!

    Sigbjørn

  17. Litt forseinka turrapport frå 23-24.august dette, og ut frå turrapportane på forumet frå sist veke ser det ut som vi fekk dei siste sommardagane i fjellet denne sesongen.

    Sidan sommaren ikkje hadde bydd på fleire godversdagar enn strengt tatt naudsynt, var fjellabstinensen ganske sterk. Når vermeldinga tilsa knallver i fjellet var det berre å sørge for å avspasere torsdag og fredag og kome seg avgårde til fjells. Lempa inn alt vi kunne kome til å trenge i bilen onsdag kveld og sette kursen mot Jotunheimen. Først på Sollihøgda begynte Øyvind og eg å diskutere mulige turmål, så vi hadde ikkje akkurat detaljplanlagt alt... Både Skagsnebba og Urdadalstindane hadde vi sett på fleire ganger før, så når ideen kom opp vart vi raskt einige. Rulla ut soveposane i friluft ved Lemonsjøen for å sove nokre timar, så bar det vidare til Leirdalen neste morgon.

    Dag I - Skagsnebba-Veslfjelltind-Loftet
    Parkerte ved Geitsetri og fekk spist frukost og smurt nistepakke før vi la avgårde. Planen var å gå opp søraustryggen til Skagsnebb. Over brua og kryssa Hurra uten problemer før vi la i veg inn dalen. Ca 1 km innover begynte vi å runde oppover, følgde nok sånn ca ruta som er skissert i Fjellbibelen til Morten. Fann iallefall ei grei rute oppover steinrøysa og vidare i ei renne som førte oss rett til toppunktet. Grei rute, men mykje laus stein å passe på uansett kor du går her...Slengte like godt på meg hjelm siden eg gjekk bakerst.

    Flott utsikt på toppen, men når vi skulle ta ein matbit fann Øyvind ut at nistepakka låg igjen ved bilen ;-) Sikkert ein sau som ville kose seg med den... Snill som eg er ofra eg halve matpakka mi, men eg har normalt halvparten så stor niste som Øyvind trenger så magen hans murra nok litt på slutten.

    Vidare mot Bakarste var det småsmalt i perioder, men greit på tørt føre. Omgjekk den raude hammaren før vi kom fram til dei to karakteristiske hamrane som sperrer vegen. Klyving på svahammer opp til foten av desse før vi runda på venstresida, herifrå var det greit til toppen på Bakarste. Glad for at det var tørt føre denne dagen!

    Vi fortsette innover platået i retning mot Hurrbreatinden, flatt og fint eit stykke men så var det tilbake til konsentrert gange på smal egg. På eit punkt var det prinsippet om å fordele vekta likt på begge sider av egga, kjekt med lavt tyngdepunkt... Ikkje vanskeleg, men greit å halde konsentrasjonen oppe. Frå Hurrbreatinden gjekk vi vidare mot Veslfjelltinden, fint med breie flater å vandre på no :) Greit til Loftet og, men svapartiet kan sikkert vere småekkelt på vått føre. Ellers er det farlig å vere skråsikker, men Loftet må vel med god margin vere Norges flataste 2000m-topp....

    Sikta oss inn på fjellstua, og med god hjelp av snøfonner nedover gjekk det ganske radigt. Tok lenger tid å få haik inn til bilen ved Geitsetri, men tilslutt fekk då Øyvind haik med ein kar som hadde tatt 100 topper til no i år og skulle vere i Leirdalen ei veke.. Nokon her på forumet kanskje?

    Dag II - Urdadalstindane
    Starta med at Øyvind trippelsjekka at han hadde med seg nistepakka for å unngå fadesen frå dagen før, i tillegg er Urdadalsryggen ein lang dagsmarsj så maten ville kome til nytte. Surra fjellskoa på sekken og gjekk med lette sko frå Leirvassbu i retning Visdalen. Følgte T-stien forbi Kyrkjetjønne og ned første bakken før vi tok av i retning Semelholstjønne. Kryssa greit elva før vi tok ei pause rett før vatnet.

    Planla å gå skrått oppover i retning det lavaste punktet på egga, men etter å ha følgt grasbakken oppover ei stund såg eg at det gjekk eit trakk omtrent rett oppover. Frista ikkje å gå lenger enn naudsynt, så eg foretrakk dette medan Øyvind heldt seg meir til planen. Følgte trakket opp til nokre hamrar, der svingte eg til høgre og over nokre sva før ei renne åpanbarte seg som såg ut til å ha rett retning. Litt småklyving her så var eg oppe i vanleg grov steinur, som varte heilt til toppunktet. Topp nr 100 kunne kryssast av, god kjensle :o. Sat to karer ved varden som hadde kome opp ryggen frå Visdalen, hadde ein triveleg prat med dei mens vi spiste nista. Takk for konjakken, karer!

    Skifta til skikkelege fjellsko på toppen, såg for meg at god ankelstøtte var viktig vidare - og fekk rett. Vidare til vesle er det mykje ned og opp, så både anklar og kne fekk prøvd seg. Sjølve siste stigninga opp til Midtre er overraskande grei, på avstand ser den uoverkommeleg ut (som så mykje anna). Vel oppe på midtre ser vi litt meir av problema som venter, spesielt partiet bort til S-1.

    Vi omgjekk nede i venstresida bort til skaret mellom Midtre og S-1, men dette partiet var og laust og krevde at konsentrasjonen var med. Vel borte i skaret stod vi litt og såg på snørenna som gjekk ned i Urdadalen, frista ikkje med aketur no nei.. Var usikre på vegvalet opp her, men etter å ha sett litt starta Øyvind opp nokre hyller ut mot Semelholet. Tok litt tid men han kom då opp.. No hadde vi med både tau og seler , så når Øyvind anbefalte det tok eg han på ordet. For variasjonen sin del(?) eller av manglande innsikt klatra eg opp renna på venstresida ut mot Urdadalen. Laust opptak og mosegrodde tak lenger oppe tilsa at dette nok ikkje var beste og vanligaste ruteval. Løyste ut ein stein som fekk seg ein aketur ned snørenna, høyrde ikkje at den stoppa.. Men, kom då opp etterkvart eg og uten at eg hadde testa tauet sin evne til å tåle eit fall.

    Vidare bort til S-2 var det framleis opp og ned og litt småklyving, men likevel relativt behageleg etter turen mellom Midtre og S-1. Vel borte på S-2 kunne Øyving og feire sin 100. topp, gratulerer!
    Ned ryggen frå toppen var det greit og fint, før vi svingte ned mot Semelholstjønne og retur same veg som vi kom. Kunne endeleg slappe av etter mange timars konsentrasjon oppe på ryggen, sikkert derfor eg snubla rett etter at vi kryssa elva og slo kneet ganske kraftig... Veit jo at ulykker skjer på retur, men likevel... Slapp unna med litt hovent kne, og kom meg då tilbake til Leirvassbu for eigen maskin. Håper at kneet er turklart att om ei veke

    Var iallefall usigeleg godt å krype ned i soveposen i teltet nede i Leirdalen etter denne turen. Litt rask Real Storfegryte og vips så var det god natt...

    Opprinneleg var planen å ta ein roleg tur på lørdagen og, men kneet tilsa at det var lite aktuelt. Øyvind verka vel ikkje veldig lei seg for det med sine gnagsår heller, så då vart det biltur tilbake til Oslo og diskusjonar om ruteval på neste tur.

    Den beste turen er alltid ein du ikkje har gått enno...

    Sigbjørn

    post-1557-133474488956_thumb.jpg

    post-1557-133474488993_thumb.jpg

    post-1557-13347448903_thumb.jpg

    post-1557-133474489067_thumb.jpg

    post-1557-133474489101_thumb.jpg

    post-1557-133474489135_thumb.jpg

    post-1557-13347448917_thumb.jpg

    post-1557-133474489205_thumb.jpg

    post-1557-133474489242_thumb.jpg

    post-1557-133474489277_thumb.jpg

    post-1557-133474489312_thumb.jpg

    post-1557-133474489346_thumb.jpg

    post-1557-13347448938_thumb.jpg

    post-1557-133474489414_thumb.jpg

    post-1557-133474489448_thumb.jpg

    post-1557-133474489485_thumb.jpg

    post-1557-133474489523_thumb.jpg

    post-1557-133474489558_thumb.jpg

    post-1557-133474489593_thumb.jpg

    post-1557-133474489629_thumb.jpg

    post-1557-133474489664_thumb.jpg

    post-1557-133474489701_thumb.jpg

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.