Gå til innhold
  • Bli medlem

Arangaras

Aktiv medlem
  • Innlegg

    27
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Arangaras

  1. Hei! Fulgte rådet ditt og tok meg ein tur i Brungmarka denne helga! Turen kan verkeleg anbefalast! Fulgte den ruta du anbefalte i byrjinga til Storavatnet (vart ikkje lange turen nei, men var veldig fin for meg og mine ynskjer akkurat no), og fann meg ein teltplass der eg berre slappa av nesten heile laurdagen. Fantastisk avkobling for ein som er litt for lei av Trondheim by. Elles vil eg nemne at eg fann eit kart over området her.
  2. Vil berre teste kva folk meiner om forslaget mitt, då eg nok sjølv er MEGET upartisk i saka, då mor mi er frå Hjørundfjorden. Likevel klarar eg ikkje å slutte å bli lamslått av kor fint dette fjellet er: Slogen er ikkje av dei største, men likevel ein fantastisk tur. Den er tilgjengeleg, forholdsvis enkel å gå, og eg meiner at utsikta kan måle seg med det meste. I tillegg ser jo fjellet (som sagt, dette er mi meining) råtøft ut, og når ein ser det so tenkjer ein fort at dette fjellet må no vel vere vanskelegare å bestige enn dei sei? Dette er mi meining om eit fjell som kunne passa som nasjonalfjellet i Noreg. Problemet er vel kanskje at det ser litt vel unorsk ut?
  3. Expert har nokre på tilbod for tida, heiter Creative Zen Muvo (eller Nano). Desse er små, kompakte, har utbyttbare batteri, god batteriutnytting, greit med lagringskapasitet (1 gb) og ikkje minst ein SÆRS god pris: 299kr! Har gode erfaringar med desse. Dei tåler det meste, og funkar fint som ekstern harddisk. I tillegg slepp du teite program som iTunes for å overføre musikken (berre legg inn songane på disken som om det er ein annan harddisk). God tur!
  4. Er berre halvt sunnmøring, men ser meg likevel kvalifisert nok til å svare: Slogen! Saksa! Jakta! "Alle" fjella i området rundt Øye/Urke/Sæbø. Er so mange "skattar" der at det er til å bli svimmel av. Slogen kan kanskje vere litt vel folksom på fine dagar då, og turen nedatt er ikkje akkurat god for knea (eit tips er då å gå ned Longsetra, og ikkje ned på Øye). Er du glad i å klatre, vil du finne eit lite paradis i Standal. God tur!
  5. Ligg ikkje det ei ganske fin steinbru rett før krysset ved Tryggestad? Viss du kjem køyrande frå Hornindal, før du kjem til krysset der du tek til venstre om du vil gjennom Norangsdalen, og rett fram for å kome til Hellesylt/Stranda, so kjem du til ein haldeplass med ein kiosk og toalett. Skal vere ei ganske fin bru der. Hugsar diverre ikkje namnet på den.
  6. Skikkeleg kult at du skal ut på langtur! Eg har nok lite tips å kome med, men vil berre ønske deg ein fin tur. Ser fram til å lese om korleis turen går. Lykke til!
  7. Yay! Då har eg snakka med Kristiansund og Nordmøre Turistforening, dei skulle sende meg eit kart over Fjordruta med turforslag og greier og greier. Vedkomande sa at det ikkje var noko særleg med snø i området heller, so det skulle gå fint å gå tur der. Då ser det ut som om eg kjem meg ut ein tur!
  8. Njaa... Er student i Trondheim ja, men går på TØH (Trondheim Økonomiske Høgskole), som ligg under Høgskolen i Sør-Trøndelag, so har nok ikkje noko adgang til NTNUI-hytter
  9. Det såg eigentleg veldig interessant ut. Er du kjend med denne ruta? Ei spesiell etappe du vil foreslå? 15 mil blir ein litt lang tur for meg no mellom eksamenane. Står på kntur.no at alle hyttene er lett tilgjengelege frå vegen, so då kan eg vel berre velge å vrake då.
  10. Etter den 8. mai er eg ferdig med 3 av mine 5 eksamenar, og då er det heldigvis langt fram til neste, so då tenkte eg at eg kunne nytte sjansen til å kome meg ut litt. Er litt lei av å sitje her i Trondheim og råtne, vil ut på tur! Tenkte difor ein liten tur, men har ikkje peiling på kor. Planen er å finne ei DNT-hytte av noko slag, sjølvbetjent, der eg kan vere ein dag eller to og traske litt turar og berre slappe av. Det idéelle hadde vore ei hytte slik som Reinheim på Dovrefjell, men kanskje litt mindre. Har bil, men vil helst ikkje køyre meir enn to timar kvar veg. Folk har jo nemnd Trollheimen og Sylane for meg, men ingen som veit om hytter til mitt formål. Eg har heller ikkje skia mine her i Trondheim, so det må nesten vere mogeleg å gå til fots til hytta og i området rundt. Har nokon tips til hytte for meg? På forhand takk!
  11. Eg synst det er spennande med fjell som har praktiske namn frå gamle dagar. Slik som Nonshø og Middagsfjellet, som fortalte folka som var ute og jobba når det var på tide å kome seg heim til nons eller middag. Nokon som har døme på andre fjell med praktiske namn?
  12. Vel, dersom du skal ha vakker natur, so vil eg nok foreslå ein tur til Sunnmørsalpane. Norangsdalen, Slogen, Saksa.. Kanskje ikkje beste plassen å gå i midten av juni då, men det vil eg tru er sant for dei fleste fjella på Vestlandet..
  13. OK, no føler eg meg skikkeleg blond her, men kor er denne veien? Eg trudde det var den veien som gjekk inn til Snøheim, som låg nedanfor Snøhetta eg. Eller tar eg heilt feil her no?
  14. Joda, Berger gjekk kjempebra, og det var skikkeleg konge at han klarte å vise resten av verda òg at gullet på 15km ikkje berre var rein og skjær flaks! Men det er akkurat det rykket som eea snakka om eg vart so imponert over. Etter 9,7km på ski so berre set han igang med det rykket. Hjelmeset var ikkje akkurat noko dårleg han heller, fekk ikkje med meg Rønning sin del av løpet, men den skulle visst ha vore ganske bra den og. Rett og slett ein perfekt dag for det norske laget!
  15. Rykket til Northug kjem garantert til å bli skrive om i historie-bøkene. For dei som vil sjå det igjen, so finne de det her: http://www1.nrk.no/nyhetsspiller/type/loop/verdi/7088/tab/nyheter Eg visste ikkje at det var mogeleg å gå so fort på ski eg.
  16. Arangaras

    Gnagsår

    Hehe.. Eg vil ikkje vere noko forkjempar for M77'en, eg er fullstendig klar over dei mange manglane på støvelen. Men om eg forstår deg rett so meiner du at det er for dårleg at sålen smuldrar vekk etter ti år? Dersom Varg Isogaisa'ane mine fortsatt heng ihop etter sju år kjem eg til å vere frå meg av lykke. Ti år er vel i lengste laget når det gjeld levetid for fjellsko? Det her blir vel veldig mykje "off topic"-prat, so om admin meiner det blir for gale får han berre seie ifrå, so kan vi ta diskusjonen vidare på PM eller noko.
  17. Fancy! Kor lenge varar den garantien?
  18. Arangaras

    Gnagsår

    Hmm... Har aldri høyrt nokon snakke negativt om M-77'ane før, og eg har no alltid erfart, og fått høyre, at M-77'ane er gode sko. Men det er berre om du smøre dei. Viss du ikkje gjer det, so er dei ikkje mykje verdt. Skoa skal tåle myr.
  19. Wow! Og eg som trudde at ein tur på Storronden ikkje kunne vere stort finare enn den eg hadde i sommar.. Gjett om eg tok feil! Heilt sinnsjuke bilete du har tatt. Du har vel tilfeldigvis ikkje dei "panorama"-bileta (eller kva dei heiter, dei som er so breide) i større kvalitet vel? Har veeeeldig lyst på eit om du har lyst til å sende
  20. Arangaras

    Gnagsår

    Er du mann eller er du mus? Du er vel av typen som justerar ryggsekken din for å gjere den betre å gå med, og kanskje tilogmed drikke vatn når du er på tur!? Meh.. Makan til "kvinnfolk" Men frå spøk til alvor: Er nok eg som er litt tulling. Er berre so glad i dei gode tjukkelestane mine su|s|der, du snakkar om "army boots", dette antar eg då er M77'ane til Forsvaret, som er kjempegode sko! Om du blir våt etter ein time eller to vil eg tru at du kanskje ikkje har passa godt nok på skoa dine. Med mindre du har for vane å følgje elver istadenfor stiar. "Skoa passar på deg, so lenge du passar på dei" som troppsjefen min sa for nokre år sida. Smør dei skikkeleg inn med skokrem du, so ser du om det blir noko tess. Eller kanskje noko voks. Elles er eg ein stor fan av å gå inn skoa mine. Litt vandring i bakkar med våte sko har eg funne ut gjer at skoen formar seg meir etter foten.
  21. Eg var ute etter noko av det samme du spør etter, og eg synst eg klarte å finne ei jakke som oppfylte mine krav. Den heiter Bergans Superlett 2, og sjølv om den definitivt ikkje er noko "vinterjakke", so løyser eg dette problemet med å kle på meg under. Jakka kosta meg 1.500kr, noko som ikkje er so altfor gale for ei jakke som pustar som berre det, og som held regnet ute sjølv når det pøsar ned som verst. Er særs godt nøgd med dette kjøpet! Elles kan du sjå på Norheim-jakker, desse er ofte ganske billege, men eg er ikkje overbevist over puste-eigenskapane til Norheim-jakka mi. Lykke til og god tur!
  22. Eg ser på meg sjølv som god til å forstå ironi og humor på nettet, men det er sinnsjukt vanskeleg å forstå det utifrå vanleg tekst, dette gjer ironi og sarkasme til dei dårlegaste verkemiddela på nettet. Men dersom Tom berre ville trolle, so gjorde han iallefall ein sinnsjukt god jobb.. Ein plar ikkje sjå troll gjenta seg so mange gongar i ein tråd, med so mykje innsats. Blodet kokte under enkelte delar av tråden. Berre ein idiot kan bruke so mykje tid på ironi
  23. I dag bryt eg fleire av reglane eg har satt meg sjølv for internett-bruk. På grunn av spesielle tilfeller, berre slik at det er sagt. Den første regelen eg bryt er å ikkje lese igjennom heile tråden før eg svarar på noko. Det klarte eg rett og slett berre ikkje. Haldninga di, Tom, er den VERSTE eg nokon gong har sett, og følgjeleg so klarte eg ikkje å lese igjennom alt. Den andre regelen er å ikkje svare troll. Du, Tom, er kanskje det største trollet eg har sett i mitt liv. Og kanskje det "beste" trollet eg har sett, for ALDRI har eg blitt so provosert av ein person på nettet som du, (med mogeleg unntak av Jack Thompson, berre søk på wikipedia om du ikkje veit kven han er). Eg KUNNE vore einig i grunnen til at du starta heile posten, heile greia med at byfolk set pris på fjella meir enn andre, men blei so ufatteleg tilbakesatt av korleis du oppførte deg. Og eg har vore på mange rare forum i mi tid på nettet. I den aller første posten din so klarar du å påstå at du har skrive fasiten? At du ikkje forventar å få argument mot deg? Er det berre eg som synst det her er den raraste oppførselen på nettet nokon gong? Dei generaliserande uttalelsane dine om bønder som ikkje tør flytte heimafrå er kanskje det verste eg har sett i mitt liv, du startar svar til andre med å kalle dei med namn, etterfulgt av noko so ufatteleg barnsleg som "dust" eller liknande. Og den aller største feilen du gjer, er når du "observerar ein trend" og tek det difor då som god fisk at slik er det. I tillegg so er du so sikker på deg sjølv at du klarar å kome med: "Morten, Du er uenig med meg. Og ikke overraskende - når du er uenig med meg tar du feil. " Det er hoven oppførsel, og stinkar overlegen lang vei. Det blir so feil utgangspunkt å starte ein tråd med at eg får frysningar.Ta deg ein tur på "nerde"-forum som hardware.no eller ctrlaltdel-online.com, so kan du lære deg ein ting eller to om nettetikette. Der blir folk som deg forvist frå forumet for dårleg oppførsel. Eg er ikkje moderator her, men hadde eg vore det, hadde di levetid igjen her på forumet vore ganske so kort.
  24. Takk for tipset Kaio, men eg har ikkje bil..
  25. Tusen takk for eit godt svar! Har leita litt rundt på nettet etter informasjon, men synst det er mykje betre å få litt informasjon frå folk som har vore der sjølv, slik at eg kan spørre dei spørsmåla eg vil. Storstygge Svånåtind er faktisk det kulaste namnet på eit fjell eg har sett nokon gong! Hehe.. Storstygge er ikkje akkurat eit namn som skapar assosiasjonar til ein fin vandretur ein søndags ettermiddag, men no blei eg kjempegira på å sjekke det ut. Om det var trygt med tanke på jakt var det eg tenkte på ja. Har ikkje lyst til å omkomme oppå der p.g.a ein jeger som synst eg likna forbausande mykje på ei rype. Men eg antar det går greit om vi har på oss klede med litt farge ja.. Takk atter ein gong for godt svar. Og om andre har lyst til å kome med tips, takast dei imot med glede.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.