Gå til innhold
  • Bli medlem

vårdøl

Aktiv medlem
  • Innlegg

    47
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om vårdøl

  1. Eg tek opp att denne tråden, Svein Vole frå Vågå (opprinneleg Bøverdøl) gjekk alle toppane i Rondane (frå Rondvassbu) på 11 timar og 24 minutt i 1996. Dette i flg eit intervju med Svein i avisa Fjuken (25. mars 2010).
  2. Hei. Eg har ein eldre type Led Lenser lykt - og er veldig tilfreds med den. Det er nok ikkje noko nattorienteringslykt, men ei lett og god lykt der du har lenge av 3aaa batterier. Eg brukar denne hodelykta mykje på langrennski om kveldane - og da fungerar den meir enn godt nok for meg. Den er på tilbod på www.hodelykt.no (kr 499) Svein
  3. Hei - ja det stemmer at dette er vassvegar som vart grave for å få vatnet frå fjellet ned til bygda. Det finst mange slike vassvegar rundt omkring i Lom - og dei fleste er svært gamle. Det vart rekna som skikkeleg ingeniørkunst å planlegge desse vassvegane - og det ser faktisk ut som om nokre av desse renn mot bakken.... Det var visst ein kar dei kalla "Vass-Per" som var den mest kjende vassvegkonstruktøren. Ei tepping er en oppdemd dam der vassvegene ofte starta. Dei "trespadane" i kommunevåpenet til Lom heiter "skjeltreko" på dialekta vår, og vart brukt til å skvette vatn utover jorde og åkrar med. At desse blir brukt i kommunevåpenet vårt viser kor viktig dette med kunstig vatning har vore for oss opp igjennom tidene, og vassvegane er rekna for å ha vore sjølve livsnerva for bygdene våre. Vassvaglen på Fossbergom (Lom sentrum) er eit symbol på desse gamle vassvegane. Eg er sjølv medeigar i ein slik gamal vassveg som heiter Byrvassvegen. Den er spesiell på den måten at vatnet er ført over eit elvefar i eit høgtrolag. Dette er uthola stokkar lagt opp på høge bru-kar over elva. Denne vassvegen fører vatn frå Kleppdalsbekken over elva Gjerdinga og ned til gardane i Byrgrenda i Garmo (rett vest for Byrbergtunellen mellom Vågå og Lom). Dette høgtrolaget ligg ikkje så langt frå vegen som fører opp frå Garmo til Brimi Fjellstugu, dersom nokon er interessert i å sjå. Eit gamalt ordtak frå Lom seier "skaffar Vårherre oss sol, skal vi sjølve skaffe væte". Svein
  4. Var der i dag, nydeleg vær og skiføre! Gjekk på føtene ein god halvtime før vi hadde på skiene. Snøbrua over bregleppa like under toppen byrjar å bli noko vanskeleg nå. Svein.
  5. vårdøl

    Påsken 07

    Etter det eg hugsar frå lokalmedia (GD eller Fjuken) var det visst observert bjørn i det området den aktuelle helga, den hadde visstnok gått over fjellet til Lom (Ved Jotunheimen Fjellstugu eller deromkring) Svein
  6. Har akkurat vore der ein liten tur nå i kveld, ein grei og fin trimtur med flott utsikt mot Lomseggen. (Høgkollen er det lokale navnet vi frå Garmo brukar på denne "haugen" midt i dalføret) Gratulerer til Nils med ferdig samling - godt gjort! Svein
  7. Ta kontakt med Luster Fjellstyre, kanskje dykk får leigd Gjertvassbue for ein rimeleg penge. Det gjorde vi - heilt ypperleg utgangspunkt. Svein
  8. Hei. Eg var også i området laurdag , var på Gravdalstind og dei sørlege Smørstabbtindane. Kan bekrefte at skiføret på brean var upåklageleg. Hadde på feller i bakkane opp frå Krossbu, når vi kom inn på brean hadde vi på universalklister - og hadde knallski resten av dagen. Trur eg såg dykk, ein vaksen og ein mindre kryssa Smørstabbrean nokre hundre meter framfor oss. Svein
  9. Da var det vel kanskje dykk ein av oss prata med om ettermiddagen palmesundag? Vi var 4 som var ein tur på Tverråbreen - måtte snu på veg til Store Tverråtind. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=5109 Svein
  10. Hadde planar om å gå på Store Tverråtind i dag - 14 år etter at eg var der sist. Nede i bygda var det gråver og snøbyger, så vi var litt spente på veret når vi kjørte oppover Visdalen. Ved Spiterstulen var også veret grått, men ikkje verre enn at vi la i vegen. Innover Tverrådalen var det 15 - 20 cm med nysnø, så det var veldig tungt å gå - og verre skulle det bli.Når vi kom inn på Tverråbrean var det nok 20 - 30 cm - og opp Tverråbandet var det fryktelig tungt med minst 40 cm - og det snødde fortsatt relativt tett. Dei sprekaste av oss måtte ta dei lengste og tyngste brøyteetappene. Vi kom oss opp i Tverråbandet og forsette vidare mot Store Tverråtinden. Etter at vi hadde gått ca 100 høgdemeter frå Tverråbandet var sikta lik 0, så vi tok ein enkel avgjerd om å snu. Det var eit frykteleg blindføre som gjorde nedkjøringa i nysnøen vanskeleg. Nede på brean hadde spora våre snøa heilt vekk, vi tok opp kompasset for å ta ut riktig kurs for å vere på den sikre sida. Nedturen gjekk forsåvidt greitt, men den tunge nysnøen gjorde at vi fekk frykeleg dårleg glid på skiene. Uansett så var det ein fin tur i godt selskap og med mykje tullprat - så det var fire tilfredse karar som reiste ned i bygda att. Svein
  11. Kan anbefale "Den tredje mann" av Ragnar Kvam jr. Handlar om Hjalmar Johansen. Svein
  12. Mammutsalget startar den 6.mars hjå dei fleste bokhandlarane. Eg vil varmt anbefale Terje Kleiven si bok "Draumen og Gongga Shan" som er nedsett til kr. 99. Boka handlar om ein ekspedisjon til fjellet Gongga Shan i Kina. Dykk finn boka her: http://www.haugenbok.no/katverk.cfm?kpr=6_1_8-1_18&cid=153233 Svein
  13. Vi seier "sætre" Vi brukar ikkje "i - ending" på noko såvidt eg kjem på nå. (T.d seier vi -høe og -eggje, ikkje høi eller eggen/eggi) Svein
  14. Eg hadde ikkje tenkt å svare på dette - det er for dumt å la seg provosere av slikt - men eg veit ihvertfall at eg er glad i fjella rundt meg - Eg kan dessverre ikkje påberope meg å vere meire glad i fjellet enn Tom og Panda - like lite som dei kan påberope seg at dei er mykje meire glad i fjellet enn meg. Til Panda og hans påstandar om dårleg mat; Årets kjøkensjef (Kristoffer Hovland) i fjor bur og arbeider i Lom, Arne Brimi er ein annan kjend kokk frå Vågå/Lom, og vi har også ein tidlegare medlem til av kokkelandslaget (Morten Schakenda) som har starta bakeri i Lom. Det er vel ikkje så aller verst i ei lita kommune? (Ja - eg veit dykk har mange fleire gode kokkar i Storbyen, men leill....) Huff - eg hadde ikkje trudd eg skulle blande meg i ein diskusjon av dette slaget..... Er i tvil om eg skal trykke på "send" knappen... Svein
  15. Ods; Eg er ikkje ueinig i det, men du spurte om det var nokon som sa Valdresflye og Besshøe - og det gjer altså eg. (Elles så blir eg litt kry når folk skryter av dialekta mi..... Takk skal du ha!) Svein
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.