Gå til innhold
  • Bli medlem

NIH

Aktiv medlem
  • Innlegg

    43
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av NIH

  1. NIH

    Hestbrepiggane

    Har lenge tenkt at Lomsegga og Hestbrepiggane må vere ein flott fottur. Er det nokon som har erfaring med å gå Hestbrepiggane på denne årstida? Tenker på snø-/isforhold, er det sprekkeområder? Eller fast fonn?
  2. Mange gode innspel her. Det er nok mange faktorar som spelar inn. Både Åsnes og Fischer har jo klassiske fjellskimodellar kjent for god kvalitet gjennom mange år. Mine første Åsnes MT54 brukte eg i 25 år, utan at dei var utslitne. Sålen bar naturlig nok preg av mange års bruk. Kanskje det har med materialkvaltet, vektreduksjon og spenn å gjere. Reklamasjonspraksis er ei interessant side av problemet. Ting tydar på ulik praksis her. Uansett går eg tilbake til Åsnes. Smørefri ( som har imponert meg ) Ingstad trur eg. Så får vi sjå kor mykje dei toler.
  3. Har brukt Fischer traverse 78 smørefri fjellski i tre sesongar. Normalt bruk. Gode ski, men i vår oppstod det brudd i begge stålkantane på eine skia like bak hælen. Kjenner til eit liknande tilfelle på eit anna par fischer smørefrie fjellski etter to sesongar. Lurer på om det er ein svakhet med skia, kanskje knytta til smørefri og mindre spenn. Er det andre som har tilsvarande erfaring med fischer sine smørefrie fjellski? Ei anna sak er at butikken antydar at Fischer neppe tar dette på garantien. I så fall er skia ikkje lagde med utruleg kort levetid.
  4. Er det nokon som har vore i Jotunheimen siste veka eller så? Vurderer Olavsbu frå Leirdalen neste helg, men ser det er varierande føreforhold i fjellet for tida
  5. Er det nokon som kjenner ruta frå Kandal via Botnafjellet, Blåegga og nord for Trollekupa til Longevasshytta? Vurderer denne turen neste helg.
  6. Turen til Hurrungane er sikkert over. Men, om du ikkje var der, så er Vestre Austanbottind luftig og lettgått tur til neste gang.
  7. Godværsvinduet til fruen i huset! Det var fin formulering 😀 Håpe du hadde ein fin tur! Ein skal på ingen måte vere redd for å gå aleine, det er ei eiga oppleving om er verdifull. Men som fleire har kommentert, bør ein ha med utstyr til ei ufrivillig overnatting. Etter eit upassande ankelbrudd i fjellheimen for nokre år sidan, har eg for min del lova husfruen å ha med stavar på aleineturar. Snusar også på nødsendar som kan ligge i sekken.
  8. Takkar. Nå fekk eg melding om flaumstor Sponga ved Torsbu. Hadde tenkt oss den vegen. Med den varmen som er meldt reknar eg med fleire elvar kan bli ei utfordring. Utfordrande, men fin tid denne brytingstida i fjellheimen.
  9. Nokon som har kjennskap til snøforholda i Reinheimen nå? Ser det er er snøfritt rundt Grotli. Usikker på muligheter for skiføre høgare oppe.
  10. Hm.., hundespann har eg null erfaring med, så kva dei klarer eller ikkje, skal eg ikkje meine noko om. Med tanke på stigning og tilkomst i starten, trur eg at sørsida av Store Frøysa er best. Dei første 2-300 høgdemeterane er brattast, men så slakkar det gradvis meir og meir på. Men som sagt, kva som er eigna for eit hundespann veit ikkje eg. Om eg skulle dra pulk sjølv ville eg nok gått sørsida, men det hadde blitt heitt opp lia, ja.
  11. Så lenge du følgjer kvistaløyper og ser ver og føre ann, samt kjenner deg trygg på kart og kompass, bør du klare deg godt utan gps. Vindpose har eg heilt ærleg nesten aldri hatt bruk for, men det er ein ekstra trygghet. Og så kan du bruke den til vindsegl. I god vind og godt føre erdet ei flott oppleving. Det er ikkje eit turlag du kan låne av? Friluftsliv er etterkvart blitt reine utstyrshysteriet, og vi lar oss alle påvirke. Første gang eg gjekk vidda vinterstid var det i sjølvsydd anorakk i dunlerret og natoplank. Ikkje mykje hightec. Gjekk fint det og! God tur!
  12. Søk på Hardangervidda gav 524 000 treff ! Ta utgangspunt i det området som er nærast utgangspunktet ditt, eller bestem deg for austvidda, og sjekk f.eks ut.no. Fiskekort finn du på inatur.no Parkering finn du alltids når du kjem til eit naturleg startpunkt. Ta med kontanter i tilfelle bomveg eller parkeringsavgift i klingande mynt. Skitt fiske! Vidda er vakker same kvar du går!
  13. Planlegg å gå Utladalen i nær framtid. Er det nokon som har gått der nyleg og kjenner snøforholda mellom Sognefjellshytta/Krossbu og Skogadalsbøen?
  14. Er det nokon som har erfaring med lading av rx-100 frå powerbank? Er kunnskapslaus på den slags, men ser det er mykje ulikt å få.
  15. Midnatt og fullmåne på veg til Danskehytta.
  16. Enig med Imp at musikk på øyra kan vere ok på trening. På vanlig tur, derimot, er naturen sine lydar for min del ein svært viktig del av naturopplevelsen. Men, forøvrig er det vel slik at så lenge folk kjem seg ut, så er det mindre viktig kva og korleis dei gjer det. Vi er alle ulike. Interessant det med gamle folk og forståelse. Min besteforeldregenerasjon var nok mykje ute i utmark og fjell, men aldri utan æred. Turen måtte ha eit nytteformål. Anna var uforståelig. Ikkje for det, eg trur mange var glad for unnskyldninga at dei måtte sjå etter sauene, f.eks. Bestemor mi som vaks opp med stølsliv, såg heile livet på stølen som ein herleg friplass, sjølv om det var arbeid og strev der og.
  17. Vanlegvis brukar det å vere to parkeringsmuligheter på Billingen. Ved setra brukar det å vere plass til eit par bilar, men vegvesenet (reknar eg med) brukar også å brøyte nokre meter inn på gamlevegen, til høgre for riksvegen like etter brua (når du køyrer vestover).
  18. Flott tiltak. Brukte sjølv heimesydd anorakk og vindbukse i dunlerret i 15-20 år. Såg nokså herpa ut etterkvart, og kuløren blei noko ubestemmeleg men den var kvit som ny! Syns det er veldig bra at nokon viser at ein framleis kan lage seg utstyr som duger sjølv. Det er i grunnen eit hysteri at alle tekstiler er "teknsike" nå for tida. Ok, vi har tilgang på mykje bra utstyr, men funksjon kan vere absolutt god nok med heimelaga. Og så får du gleda over å lage noko nyttig på kjøpet.
  19. Fjellfolk med lyd på øyra er også ein ny type vi ser stadig fleire. Neppe genetisk. Frykt for stillhet?
  20. Ai, ai, her er du på veg inn i det flottaste skiterreng som tenkast kan. Denne brytninga mellom pigg og tind i vest og fly og hø i aust gir eit storslagent landskap med mange mulegheiter. Storslått! Har gått Tordalen mange ganger. Aldri opplevd den som truande. Einaste sjølve glupen like etter Billingen der du går inn i Tordalen kan vere litt utsett. Eg har imidlertid aldri sett ras der, og det er også her kvistaløypa går. Ei vel så fin rute er å gå opp langs Store Frøysa mot Skarvedalen. Du kan gå opp på begge sider av elva. Går du nordsida er det bru like bak setra, går du sørsida går du av riksvegen like ved brua og følgjer terrenget i nordaustleg retning. Her er ei scooterløype delvis merka (gamle raude merke) gjennom skogen. Om du ikkje treff denne er det berre å leite seg veg gjennom romsleg furuskog, forbi eit par spisse morenehaugar og opp gjennom bjørkeskogen. Nordsida stig kanskje litt fortare. Det er eit parti langs elva eit stykke opp som er greit å halde god avstand til. Dette ser du godt når du kjem oppover. Herfrå er det fint å gå beint norover over Langvatnet og beint på Torsbu. Vil du ha ein lengre tur er det flott å gå gjennom Dør før du svingar vestover til Torsbu. Alternativt kan du leige Skarvedalshytta med Skjåk almenning. Skjåk har også hytte i vestre enden av Storvatnet. Sjå her . I Austenden av Storvatnet har Lesja fjellstyre ei fin hytte, Dei har også ei bu ved Skurveosen. Ser på heimesida deira at denne er stengt pga vinterskader. Kanskje den er ordna no? Uansett er det mange hytter å velge mellom. Og flott terreng enten du vil gå bortover eller oppover. Benkehø, Trollkyrkja, Storhøa,Digerkampen, Dørkampen, flotte turmål alt saman. Går du vestover frå Torsbu er det flott tur å gå Veltdalsegga til Veltdalen. Kan vere du må leite litt etter nedkomst ved Kariløyftet, noko bratt, men ikkje spesielt vanskeleg. Veldig fin og lettgått rygg. I allefall var det det i fjor vinter i strålande sol og shorts. Karitind er også attraktivt turmål frå Torsbu. Veltdalshytta med Fildfarehytta (interessant krigshistorie) er ein kjekk plass. Kjem du tidleg på året er gjerne eldste og minste delen av hytta god nedføyka med snø. Nydelen er snøfri, men stor og upraktisk å varme opp i sterk kulde, men då kan du opphalde deg på hemsen. Herfrå er det fint å gå vinterruta mot Danskehytta eller svinge av til Hamsevika og riksvegen. Reiser du kollektivt kan det vere ei fin rute. Har du bil på Billingen kan du jo ta bussen tlbake dit. Nemnde eg Storbreen, Gråhø (2000-metring) og Skarvedalen. Eg har ikkje møtt rein vest for Skarvedalen vinterstid, men ser støtt jervspor. Det er kjekt det og. Kjem du aust i Lordalen er det større sjanse for rein. Frå Torsbu og austover har eg i grunnen kun vore vinterstid, og aldri prøvd fiske, så det kjenner eg ikkje til, anna enn at eg høyrer det skal vere gode fiskevatn der inne. Sikkert tjukk is også i den høgda. Kjem ikkje på noko spesielt ein må styre unna, anna enn vanleg hensyn til brattheng osb. Veltdalsvatna er regulert, men kvistaløyp brukar å gå over vatna. Har opplevd sprekker ved land men elles ikkje problem. Kan også anbefale Reinhemen på langs, frå Billingen, Skarvedalen over Kjølen og Slådalen til Dombås. Flott skiterreng. God tur!
  21. Austre Lakadalen og gjennom Jakobsbudalen til nedre Bjørnabotnen er flott rute. På kjøpet får du Hansbu, ei oppleving i seg sjølv. Her dreiv gardbrukarar frå Ullensvang stølsdrift i gamle dagar. Rimeleg lang stølsveg! Les meir om dette her: http://www.asbjorn.info/ally/Turer/Padleturer/Hardangervidda/Sider/Hansbuinfo.htm Går du forbi Knutsbu, sør for Hellevassbu, må du helse! Jakt/gjetarbu som vi hadde stor glede av i unge år. Låg mellom anna der og las til eksamen ein solrik mai på 80-talet.
  22. Har i perioder av livet hatt Hans Børli's samlede som lesestoff på do! Som kjent ein god plass for fredfull ettertanke over stort og smått i livet.
  23. Flott. Og takk. Hadde fire dagar på Trulsbu i fjor sist i mars, utan ei sky på himmelen. Optimisten håpe på det same i år, og legg ruta lenger vest.
  24. Det er mange gode vinterposar ute på marknaden. Sjølv har eg ein dunpose som er suveren, så lenge den er tørr vel og merke. Det er ein rein vinterpose, og lite brukande i milde sommarnetter. Alternativ til eigen vinterpose kan vere ein tre-sesongars pose suplert med fleece innerpose. Det kan auke komfortgrensa med mange grader, i følgje produsentane. Yttertrtekk er greit i ei snøhole og det vil også gi eit lite bidrag. Pluss sjølvsagt eit godt underlag.
  25. Norway - Rambles among the fjelds and fjords, Thomas Forester, London 1850. Det var andre tider for reisande og fjellfarande i Norge på den tida
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.