Gå til innhold
  • Bli medlem

utetid

Passivt medlem
  • Innlegg

    38
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

23 Neutral

Profile Information

  • Gender
    Female
  • Interests
    Tur og friluftsliv med og utan barn
  • Sted
    Odda

Nylige profilbesøk

1 750 profilvisninger
  1. Var på tur til Fossen (ca. 600 moh) med ettåringen. Det er ein bratt tur, så det var tungt med babyen på ryggen, men det var verdt sliten. Åt blåbær, kikka på maur og naut nydeleg haustvær.
  2. Meir utetid med barna har inspirert meg til å vere meir ute utan barn også. Dette året har eg truleg gått fleire turar enn eg har gjort til saman heile livet, og det er eg utruleg takknemleg for. Det har vore første gong for svært mykje. Læringskurva har vore bratt, men det har vore verdt kvart einaste gnagsår. I helga var eg på tur til Holmaskjer på Folgefonna. Her er bilete og rapport frå turen: http://utetid.net/2014/09/tur-til-holmaskjer/
  3. Har nett kjøpt Olympus OM-D E-M10. Har ikkje fått prøvd deg så mykje enno, men likar det veldig godt. Nokon som har erfaring med dette kameraet? http://m.fotovideo.no/foto/Speilløst/Olympus/Olympus-OM-D-E-M10-m-14-42mm-EZ-16Mp--Stabilisator--Wi-Fi--ISO-200-25600-135598-p0000176257
  4. Eg også eit barn på halvanna år, og i sommar har vi både prøvd sekk på ryggen/barn på magen-løsninga, og sykkelvogn. Det lettaste var sjølvsagt sistnemnde, men teltar du i nærleiken av bilen er ikkje førstnemnde noko problem. Her finn du pakkeliste: http://utetid.net/telttur/ (nederst i innlegget)
  5. Tusen takk for mange gode svar!!! Dette har eg null peiling på, så eg må lese meg litt opp, trur eg. Eg treng nok absolutt ikkje det beste og flottaste utstyret, men det er kjekt å ha noko eg vil få glede av. Kva må eg rekne med å gi for brukt randonnee-utstyr??
  6. Etter dagens mislykka tur i sommarskisenteret i Jondal, innser eg at skiskoa mine har blitt for små etter siste svangerskap. Eg funderer litt på å selge telemarksutstyret (som knapt er brukt dei siste åra), og kanskje kjøpe meg brukt randonneeutstyr i staden. Eg drøymer om å gå mykje toppturar etterkvart, men vil også ha behov for å vere med barna eit gong eller tre i slalombakke i løpet av året. Korleis er det å bruke randonneski til noko slikt? Her kan de lese om dagens tur, om nokon er interesserte: http://utetid.net/2014/08/sommarsnoidyllen-som-sprakk/
  7. Tusen takk for tips! Det hørtes fristande ut! Veit du omlag kor langt det er å få frå Stigstuv? Åh, vi gler oss!! :) (Ser forresten ut som at dette området tilhøyrer aust-vidda, så eg har nok skrive feil i overskrifta)
  8. Tusen takk for svar. Vi har bestemt oss for å gå mellom Tinnhølen og Stigstuv, og heller ta korte dagsturar i området. Sandhaug får vi ha til gode til i haust, eller ev. til neste år, for som du seier, treng vi sjølvagt lengre tid med barna. (Vi brukar å rekne med dobbel så lang tid som den som er oppgitt på kartet).
  9. Har bytta navn til @utetid_net. Eg deler bilete frå friluftsprosjektet "Meir utetid, mindre skjermtid. 100 turar i 2014." Får ikkje til å endre i det andre innlegget.
  10. De blir nok fornøyd med Ergobaby. Voksiposi i teltet fungerer nok bra. Vi samsøv heime, så på telttur har minste lagt halvveis inni soveposen min, og så har vi hatt ein fjellduk over oss. Einig med Noli om at skoposar er genialt til barn som ikkje går enno. Eit regntrekk til bæreselen er også veldig praktisk. Kos dykk på tur! Friluftsliv med små barn er heilt topp.
  11. Eg har skrive blogginnlegg med pakkeliste og gode tips til telttur med barn. Eg tar meg den frihet og deler her, både fordi eg vil dele tipsa, og fordi eg gjerne vil høyre om andre har fleire tips. Her er innlegget: http://utetid.net/2014/07/telttur/
  12. Er nokon av dykk kjent på vestsida av Hardangervidda? Vi skal gå med ungane på vestvidda i løpet av sommaren, og satsar på overnatting i telt, + (ca) ei overnatting på turisthytte. Vi tenkte å køyre til Tinnhølen, og gå til Stigstuv (1,5t) eller Sandhaug (3,5t). Er det nokon av dykk som har gått i området her før, og som kan dele erfaringar og tips? Vi tenkte å telte samme plass i 2-3 netter, og heller gå småturar og leike i området rundt.
  13. Herleg turrapport! Supert at du skreiv det med samsoving/amming og lakenpose. Det er kanskje betre å ta med sengetøy + laken til å legge på sengene? Eg ammar og samsøv og, så eg tenker at det kanskje hadde vore komfortabelt, sjølv om det blir meir å bære på. Ser at turistforeningen sel sengetøy i silke, er det nokon som har erfaring med det?
  14. Tusen takk for innspel. Då trur eg vi greier oss med dei skoa vi allereie har. Eg er einig i argumentet om bevegelighet, og at dei ikkje bærer sekk. Det eg meiner med halvhøge goretex-sko, er kanskje det du meiner med fritidssko, qwer993? Vi bur på Vestlandet, så slike sko er veldig kjekke på dei fleste turane vi går.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.