Hei
Ta med seg videokamera er gull på tur. Eg har filma ein del med både tungt og lett utstyr. Alt frå Videokamera med lydopptak til speilrefleks der bilete er meir i fokus og eg lettere kan jobbe med djupne i bilete. Sjelda eg tek med meg så mykje tungt utstyr no, men eg heller veldig mot speilrefleks kamera då eg kan kombinera både stillbilete og video.
Så tek eg med meg det stativet eg skulle trenge, som til dømes ein monopod (gå stav) istadenfor ein tyngre tripod. Men speilrefleksen kan verka litt tung å drasse på, så då kan ein finna alternativer i speillause kameraer eller eit reint lett videokamera med eit lett stativ attåt. Men du har kanskje funne utstyr allereie?
Enkelte ting eg tenkjer på av erfaringer då er: regntrekk til kamera, pussefille til linsa, ekstra batterier og ekstra minnekort. Det neste er å finna ein god plassering på kvar kamera og utstyret er pakka. Pakk det slik at du kan ta det fram forhaldsvis raskt for å starte filminga og pakke det ned igjen utan at turen blir for mykje oppstykka.
Så er det å finna gode motiv og filma dei:)
Lukke til!