Gå til innhold
  • Bli medlem

snusask

Aktiv medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

5 Neutral

Om snusask

Profile Information

  • Gender
    Male

Nylige profilbesøk

1 015 profilvisninger
  1. Eg har ein Primus Omnilite Ti som eg byrja pusse. Eg demonterte dei delene som demonterast kan, men fekk problemer med brennertoppen. Den verkar sitja bom fast, og i frykt for å bryta sunt noko valde eg å setja han samen att. Er det nokon her som kan koma med forslag på korleis eg kan få dei delane frå kvarandre (sjå bilete). Eg har prøvd med litt olie, og 5-56 for å løsne i gjengane. Eg tenkjer den delen kan væra fin å få laus slik at det er lettare å rense under dysa? Brennaren har vore i bruk tre-fire gonger med berre overflate puss. Primusen har heller ikkje fått fukt i seg og den har vore oppbevart i posen sin. Eg fyra med han i dag for å sjå om det hjalp, men det gjorde det ikkje. Takk for svar.
  2. Eg vakuumpakka litt gryterett ein gong, og det gjekk fint an å varma oppatt maten medan han låg i posen. https://www.flust.no/hus-og-hage/hagemoebler-og-grill/grill/obh-nordica-prestige-vakuumeringsmaskin-7951/?cid=_adwordspla_cpc&gclid=CNni4rHYhsUCFaHpcgodN4UA5A Posane kan til og med vaskast og nyttast fleire gonger. https://www.flust.no/kjoekken/kjoekkenapparater/sous-vide-og-vakuumering/obh-nordica-food-sealer-poser/
  3. Slik eg har sett det så er Kongsvold breiare. Forskjellen vil vel liggja mest i korleis dei oppfører seg i djupsnø. Eg har sjølv Breidablikk og er godt nøgd med dei. Sjekk spesifikasjonane på breidde: http://www.asnes.com/produkt/breidablikk-jaktski/ http://www.asnes.com/produkt/kongsvold-jakt/
  4. Den toppen bli kalla 2014, Gråhøe og lyfthøe ligg på kvar side av den. Men folk si lyfthøe og da veit oss kvar det er.
  5. Jau, takk for tilbodet. Eg må nok tenkja litt på det. Eg er redd for «bruken» av den her og. Eg sender på deg ei melding om eg finn ut at eg kan kjøpa han.
  6. Høyrest bra ut. Då skal eg vurdera skaffa meg eit slikt til hunden. Var nyttig å sjå videoen din:)
  7. Eg har ein Akita. Ho er 4 år. Ein litt sta rase som kan gjera det meste, om dei gidd:) Ho ber kløv, sporar og er ein hengiven glad hund. Det blir mykje bilete av hund på tur:)
  8. Eg tykte det funka ganske greitt sjølv om bikkja har lange øyrer. Men ein ryggmontert GoPro vil kanskje funke enda betre ja. Korleis er halsbandet i skog, med tanke på hekting i kvist og slikt?
  9. Fine bilete:) Eg likar bilete som er litt kalde i temperatur (Blått). Eit lite tips når du gjer småjusteringer i bileta, er å nytta «straighten» på bileta slik at ein unngår at biletet «bikker» for mykje. Ser på dei to fyrste bileta at det bikkar litt ned på høgre sida i biletet.
  10. Såg litt på kameraet du nemner og det ser veldig bra ut! Gode moglegheter for å styra kameraet manuelt. Da blir opptaka slik du vil. Pluss at størrelsen på slik type kamera er fin til tur. Lukke til!
  11. Hei Ta med seg videokamera er gull på tur. Eg har filma ein del med både tungt og lett utstyr. Alt frå Videokamera med lydopptak til speilrefleks der bilete er meir i fokus og eg lettere kan jobbe med djupne i bilete. Sjelda eg tek med meg så mykje tungt utstyr no, men eg heller veldig mot speilrefleks kamera då eg kan kombinera både stillbilete og video. Så tek eg med meg det stativet eg skulle trenge, som til dømes ein monopod (gå stav) istadenfor ein tyngre tripod. Men speilrefleksen kan verka litt tung å drasse på, så då kan ein finna alternativer i speillause kameraer eller eit reint lett videokamera med eit lett stativ attåt. Men du har kanskje funne utstyr allereie? Enkelte ting eg tenkjer på av erfaringer då er: regntrekk til kamera, pussefille til linsa, ekstra batterier og ekstra minnekort. Det neste er å finna ein god plassering på kvar kamera og utstyret er pakka. Pakk det slik at du kan ta det fram forhaldsvis raskt for å starte filminga og pakke det ned igjen utan at turen blir for mykje oppstykka. Så er det å finna gode motiv og filma dei:) Lukke til!
  12. Hei For meg så ser dette ut som at det har noko med optikken å gjera. GoPro har vidvinkel objektiv, og den redigerte versjonen din ser ut som har ein «fish-eye correction» som gjer at filminga di verkar «bølga» seg. Om dette er noko moviemaker gjer sjølv eller om du har lagt til den effekten veit eg ikkje. Du kan testa ved å sjå på råfilene dine om dei er i vidvinkel eller ikkje. GoPro har så langt eg veit to innstillingar på objektivet der den andre innstillinga er meir som eit normalobjektiv. Du kan testa om den innstillinga «bølger» like mykje. Her er ei lenke til nokon som tester «fish-eye correction». Andre halvdel av videoen «bølger» seg litt som i filmen din. Du er i så mykje meir bevegelse at effekten blir forsterka. http://www.rcgroups.com/forums/showthread.php?t=1365951 Fortel kva du finn ut. Definitivt sjekk ut om du har noko «stabiliserings» verkty i redigeringa di som gjer dette. Det kan gjelde både for det optiske og Rolling Shutter.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.