Her på Vestlandet ( Jostedalsbreen/breplatået) slit vi ikkje berre med snøscooterplaner, men og med noko langt meir bekymringsfullt, nemmeleg planer om masseturisme/cruiseturisme på Jostedalsbreen/breplatået. Er bekymringsfullt at rike bedriftseigarar er så egoistiske at dei vil nytte breplatået til masseturisme og pøse på med cruiseturistar i bussar opp på Jostedalsbreen Nasjonalpark/breplatået via ein tunnel til over 275 mill !! For oss som brukar og er glad i Jostedalsbreen er det ein surrealistisk tanke at området vert "mishandla" på denne måten !! Håpar virkeleg det går opp for folk i heile landet kva som er i ferd med å skje på Jostedalsbreen Nasjonalpark/breplatået for her trengs det virkeleg en debatt om konsekvensane/øydeleggelsane av området!! Nasjonalparken er ein av dei lattast tilgjengelege i landet, om ikkje den lettast tilgjengelege( iflg. SNO ).
https://www.jolster.kommune.no/artikkel.aspx?mid1=23&aid=1615#.UkK7btP7IgI.facebook
Mange flotte ord og formuleringar her for å smiske seg inn på det offentlege og folk flest for å få støtte til prosjektet. Mykje sjølvmotseiing her. Planen er å finansiere prosjektet med offentlege midlar betalt av skattebetalarane.!!
Helsing
Ein av mange bekymra brukarar av området!