Gå til innhold
  • Bli medlem

Gaupe

Aktiv medlem
  • Innlegg

    26
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gaupe

  1. Takk for tipset! Eg sjekkar dette nærare. Skulle tru at det vil halde då, ja, viss det er godt nok for å lage knivar med beinskaft.
  2. Ja, kanskje ikkje så dumt, eg kan prøve meg der òg.
  3. Heisann! Eg har ein reinsdyrskalle på plate som eg har tenkt å hengje opp på veggen. På den eine sida så har geviret begynt å losne frå sjølve skallen. Er det nokon her som har peiling på kva eg kan bruke for å få festa det att? Eg går ut frå at eitt eller anna slags lim må vere tingen, men "bein" og "gevir" er skjeldan på lista over materiale som er lista opp på baksida av limtuba... Eg tenkte difor eg skulle prøve meg på om nokon her har vore borti problemstillinga, eller eventuelt har erfaring frå utstopping?
  4. Heisann! Eg er på utkikk etter eit nytt våpenskåp då det gamle eg har begynner å verte for lite for mitt bruk. Eg har ein del krav til eit slikt skåp: Der lyt vere romsleg med plass til minst 7-8 rifler/hagler og 3-4 revolverar/pistolar. Der lyt vere romsleg med plass til ymse ammunisjon til alle våpena ovanfor. Det er ynskjeleg med ein del plass til å lagre anna jakt- og skyteutstyr, slik som pussesaker, jaktradio, kikkert, kart/kompass, våpenkort og så vidare. God balanse mellom kvalitet og pris - eg ynskjer verken "Lada" eller "Mercedes". 😋 Er det nokon her som har nokon gode forslag til meg? 😊
  5. Eg ser absolutt poenget ditt, men eg har personleg ei stor innvending mot eit slikt skilt (eller andre tiltak meint for å markere når me er på hytta og ikkje): Viss me set opp eit slikt skilt så seier me samstundes (indirekte) at det er heilt greitt å ta seg til rette rundt hytta når me ikkje er der. Det signalet me ynskjer å sende ut er at i området generelt er det sjølvsagt fri ferdsle i høve til allemannsretten, men at me ynskjer å ha ei privat sone i ein radius på nokre få meter frå hytteveggen vår der gjennomgangstrafikk av turgåarar ikkje er greitt - uavhengig av om me er på hytta på det aktuelle tidspunktet eller ikkje. Dei to nye stiane utanom hyttetunet vil som sagt ovanfor verte skikkeleg merkte i alle høve, både med "proffe" skilt laga av kommunen og med blå merking på tre og steinar (som er standarden i området for merking av turstiar).
  6. Nei, null og niks respons derifrå. Til deira forsvar så skal det seiast at eg berre har sendt den eine E-posten til han eg trur er formann og ikkje purra noko meir, så der er ei mogelegheit for at det eg sendte har kome bort på vegen. Viss vedkommande har fått det eg sendte og berre ikkje vil svare så lyt eg berre ta det til etterretning med tanke på samarbeidsvilje og generelle haldningar der i garden. Det eg vurderer å gjere i staden for å gå rett på velforeininga enno ein gong er å i staden gå til dei som står for hytteutbygginga i området. Det er dei som legg til rette for det meste av aktiviteten i området, blant anna dei "offisielle" turstiane der er. Dette er folk som eg kjenner veldig godt og veit at eg får svar frå, så tanken er å spørje dei om dei kan hjelpe til med å kunngjere desse nye turstiane til dei hyttefolka som brukar området. Då lyt eg uansett vente til eg får laga i stand tursti nummer to, og om eg får gjort det i haust eller ikkje før til våren er eg ikkje heilt viss på enno.
  7. Hei igjen! Synfaringa med kommunen gjekk i grunnen veldig bra! Kommunen sin representant såg veldig fort problemstillinga, og var heilt einig med meg/oss i at dagens situasjon ikkje var haldbar. Me vart einige med kommunen om at me, i tillegg til den turstien på baksida av hytta som me allereie har rydda, skal rydde og merkje opp ein sti til. Denne stien skal gå i lia litt nedanfor hytta for å ta unna dei som ikkje skal vidare innover i terrenget, men berre vil ut til fossen for å sjå på utsikta (sjå tidlegare innlegg). Då skal der ikkje vere noko som helst "behov" att for å gå gjennom hyttetunet vårt. Når det gjeld gjerdet me ynskjer å setje opp så var han heilt einig i dette òg. Han såg poenget mitt når eg sa at eg ikkje trudde det var nok berre med nye stiar og merking, for folk har teke seg til rette såpass lenge no at her må det nok ei fysisk hindring til for å oppnå ei varig åtferdsendring. Det einaste eg kunne tenkt meg for å kunne seie at eg hadde fått 100 % gjennomslag i denne saka var eit litt meir tydeleg svar angåande eit slikt framtidig gjerde. Sjølv om eg fekk grønt ljos til å setje det opp akkurat slik eg hadde tenkt så ville kommunen ikkje formelt "godkjenne" det (det vil seie at han gav uttrykk for at der kanskje måtte gjerast ei ny vurdering viss dei fekk inn mange klager på gjerdet, men at kommunen likevel ville "forsvare" både gjerdet og meg så langt det let seg gjere). Eg skulle sjølvsagt gjerne hatt eit skriftleg vedtak i handa som eg kunne dele ut kopiar av til dei som eventuelt klaga direkte til meg, men no vonar og trur eg ikkje at det treng å verte stort klager på dette her. Med to nye stiar rundt hytta (som ikkje utgjer nemneverdig omveg) så er det ingen område som vert avstengde for ålmenta (ut over området akkurat rundt hytteveggen vår), så eg ser føre meg at dei einaste som kjem til å klage er dei som alltid skal ha det akkurat nøyaktig slik som dei vil, og gjer ei slags prinsippsak ut av det heile. Eg vonar det ikkje kjem til å vere så mange slike som ferdast i området, men nokon av den typen er det som regel alle plassar, diverre... Eg kjem til å fylgje sporadisk med i denne tråden frametter, og skulle det skje nokon interessante utviklingar i den eine eller den andre retninga så høyrer de nok frå meg! Då eg ser føre meg at dette kan vere ei sak som er interessant for fleire så skal eg svare på eventuelle spørsmål (her i tråden eller på PM) så godt eg kan - viss det tek litt tid før eg svarar så kjem det ikkje av vond vilje, berre av at det skjer mykje på mange frontar slik at det kan hende eg gløymer å kikke innom her i kortare eller lengre periodar. Eg har sagt dette mange gonger før, men enno ein gong tusen takk for all hjelp og støtte som eg har fått i denne tråden - ikkje minst har det vore veldig oppløftande og motiverande for oss at det store fleirtalet som har posta her har hatt stor forståing for vår frustrasjon i høve til den noverande situasjonen. Ein kan av og til begynne å lure på om det er ein sjølv som er urimeleg og/eller ikkje fylgjer med i tida, men eg sit til slutt og rest att med ei kjensle av at me nok ikkje er så vanskelege og urimelege likevel. (Som ein tilleggsobservasjon så ser eg det har vore ein del skriveri i media den siste tida om auka belastning mange stadar som fylgje av den sterke auken i turismen (både her i landet og elles rundt om i verda), og at gnissingar mellom innbyggjarar og turistar vert meir og meir vanleg. Eg vonar at dei som styrer og steller både her og der kan begynne å vakne litt meir opp etter kvart slik at lover/reglar vert tilpassa for å ivareta alle partar på ein god måte, og at informasjonsflyten kan verte betre slik at alle veit kva som er greitt og ikkje. Me får sjå korleis ting utviklar seg!) Då ynskjer eg alle ein fin (sein)haust vidare, og mange gode naturopplevingar i tida frametter!
  8. Hei, folkens! No var det kanskje nokon som trudde at eg hadde gløymt vekk heile tråden her, men det er absolutt ikkje tilfelle! Eg har hatt det veldig travelt i sumar og i haust, og det drygde veldig med svar frå kommunen. Eg fekk endeleg somla meg til å purre på dei på E-post i går, og fekk akkurat no i stad svar frå ein av rådgjevarane i kommunen. Det var han som hadde fått saka på bordet, og no vil han gjerne kome for å vere med på ei synfaring i området rundt hytta for å vurdere dei problemstillingane eg har lagt fram i brevet! Eg vonar å få gjennomført synfaringa denne veka, og så får me sjå kva som vert resultatet. Eg oppdaterer tråden når eg veit noko meir. Ha ein strålande haust så lenge!
  9. Vel, då er brev sendt til kommunen, så får me sjå kva slags svar me får frå dei! 🙂 Eg ventar litt med eventuelt å leggje ut brevet her i tråden til eg har fått svar, for viss det vert noko att og fram i denne saka så er det kanskje ikkje så gunstig at korrespondansen ligg open ute på nett (sjølv ikkje i anonymisera form). Eg har i alle høve fått mykje gode innspel og idear frå denne tråden med tanke på utforminga av brevet, mange slags takk for det! 👍 Elles har eg ikkje fått noko svar frå velforeininga enno etter E-posten eg sendte (sjå førre innlegg). Førebels så vel eg å tru at dette enten kjem av at vedkommande ikkje har fått sjekka E-posten sin enno, eller at han har hamna i eitt eller anna søppelpost-filter på vegen (eg har mange slags dårlege erfaringar med E-post på den fronten). Eg får vente litt til, og så eventuelt sjå om eg finn nokon andre måtar å kontakte dei på. Eg gjev lyd frå meg att når eg har noko nytt å kome med! 😉
  10. Hei, folkens! Her er siste oppdatering om situasjonen: Kona og eg var oppom hytta i dag. Det fyrste meg såg var då at folk hadde rive ned alle dei skilta me hadde sett opp med "privat veg". Vel, det er greitt nok, dei hadde eg tenkt å fjerne uansett (både av di det truleg har vore på kanten av lovverket å ha dei der, samt at dei kunne vere eigna til å provosere unødig). Det eg var litt meir overraska og skuffa over var at nokon òg hadde rive ned dei skilta eg hadde brukt for å indikere kor den alternative stien går. Dette er berre snakk om to blå piler, noko som absolutt ikkje burde provosere nokon etter mitt syn. No vel, det kan vel ha vore ein slags reaksjon på "privat"-skilta, men så vidt eg kan sjå så er det ikkje meir lovleg å ta seg til rette og rive ned skilt enn det er å setje dei opp. Vel, nok om det. Eg sette opp att skilta med dei blå pilene og let "privat veg"-skilta vere nede. Dei kjem nok ikkje opp att heller. På den positive sida så ser eg at ein del har begynt å bruke den nye vegen, men det er langt frå alle. Det eg har gjort no er å sende ein E-post til velforeininga i hyttefeltet som ligg nedanfor der me har hytte, for å prøve å få i stand ein dialog. For dei som er interesserte så er teksten frå denne E-posten ordrett sitert her (med unntak av at namn, stadnamn og anna som kan gjere det mogeleg å identifisere personar og stadar er fjerna): Neste steg er å skrive eit brev til kommunen om kva tiltak me vil kunne gjere for å avgrense ferdsla rett utanfor hytta. Eg legg nok ut ein kopi av dette òg når det er klart, for viss den prosessen eg går gjennom no kan vere til hjelp for andre i ein tilsvarande situasjon så er det ingenting som er betre enn det! Nok ein gong vil eg seie takk for mange gode innspel her i denne tråden, og ikkje minst for at så mange av dykk har ei forståing for at me ser på dagens situasjon som ugrei. Det er gildt å vite at ein ikkje har blitt heilt sprø og sær berre fordi ein ynskjer eit minimum av privatliv på hytta si!
  11. Heisann! Har diverre ikkje fått gjort så mykje med dette enno, det er rimeleg travle tider på fleire frontar... Men eg skal halde dykk oppdaterte så snart der skjer noko i denne saka!
  12. Hei, sturela! No veit eg ikkje om noko av det eg har skrive er blant det du oppfattar som provoserande, men eg legg no inn eit lite svar likevel. For enno ein gong å klårgjere det eg skreiv i fyrste innlegg så ynskjer eg absolutt ikkje at allemannsretten verken skal forsvinne eller verte kraftig innskrenka. Det trur eg heller ikkje at han blir uansett kven som styrer landet, dette er ein rett som er såpass sterkt forankra i norsk kultur og tradisjon. Når det er sagt så meiner eg det bør vere slik at alle rettar òg har plikter knytte til seg, og her trur eg kanskje at me som samfunn har bomma litt i høve til allemannsretten. Der har tradisjonelt vore veldig fokus på kva ein har lov til i høve til denne retten, men lite fokus (som eg har sett, i alle fall) på dei pliktene som fylgjer med i høve til å vise omsyn til andre sine interesser. Eg trur at eit meir balansert fokus kunne vore med på å hindre ein del unødvendige konfliktar. Viss nokon meiner det er provoserande at eg ynskjer at turfolk skal gå ein omveg som tek dei kanskje eitt minutt eller to ekstra (men som faktisk i mange tilfelle vil vere ein snarveg) for at me skal kunne sleppe å ha folk gåande rett forbi veranda og stovevindauge så får det så vere, då lyt me berre vere einige om å vere ueinige. 😉 Det er sjølvsagt leitt viss det er slik, eg har absolutt ingen intensjon om å opplevast som verken vanskeleg eller egosentrisk. Eg vil ikkje stengje folk ute frå naturen, og eg vil helst vere kome godt ut av det med alle eg møter som ferdast i skog og mark. Det einaste eg ynskjer er å kunne ha litt privatliv når me er på hytta. Allemannsretten fungerer så fint som berre det når alle partar kan både gje og ta, men det er ikkje denne balansen me opplever per i dag i den aktuelle situasjonen. Når det gjeld dei skilta som eg har nemnt tidlegare, så kjem i alle fall det som står eit stykke frå hytta til å forsvinne, og så lyt me sjå korleis det vert med dei som står heilt tett opptil hytta. Eg skjønar godt at mange vil oppleve slike skilt som provoserande, og eg likar dei ikkje sjølv heller, for å vere ærleg. Dei vart sette opp av di eg rett og slett ville prøve å bevisstgjere folk på at ferdsla rett forbi hytta vår opplevast ugreitt av oss som eig og brukar hytta, og eg hadde ingen andre idear til korleis eg kunne løyse dette der og då. Eg kunne sikkert (som noko føreslo tidlegare i denne tråden) laga nokon andre skilt som ville oppfattast som meir hyggjelege, men det var dette eg rakk å få på plass i denne omgangen. Å markere at me er på hytta før folk kjem opp dit langs den stien dei brukar no er i praksis ikkje så enkelt, dei kjem rett opp av skogen og rett på hytta. Dessutan tvilar eg sterkt på at ei slik markering hadde blitt respektert. Det er ikkje uvanleg at folk, sjølv etter at dei har blitt fullt klår over at det er folk på hytta, står rett utanfor verandarekkverket og pratar, kikkar og tek bilete i fem-ti minutt før dei går vidare. Slik eg ser det så er einaste sjansen eg har å få kommunen si godkjenning til å setje opp eit fysisk stengsle som gjer at folk må gå nokon meter ekstra rundt på baksida av hytta. Eg lyt berre høyre med dei og sjå kva eg lovleg kan gjere og ikkje. (Eg hadde vel eigentleg sagt at eg ikkje skulle poste så mykje meir i denne tråden før eg hadde fått ei tilbakemelding frå kommunen, men eg tykte det var greitt å klårgjere eit par ting. 🙂) Ha ein flott dag!
  13. Hei, Miamaria! Terrenget gjer det slik at det du føreslår ikkje er enkelt å få til på ein grei måte. Nedanfor hytta er det bratt og lite tilgjengeleg (mykje steinur). Det hender at folk går den vegen i ny og ne, men eg ser ikkje føre meg at det vert særleg greitt å få til ein sti der som folk flest ynskjer å bruke. Ergo kjem ein tilbake til enten gå ein omveg på baksida av hytta, eller rett gjennom hyttetunet. Ein ser ikkje dette på den kartskissa eg la ut tidlegare, og eg har heller ikkje nokon gode bilete som syner det, men eg vil tru at ei synfaring på plassen fort vil klårgjere problemstillinga. Det spørs om ikkje det er ei slik synfaring eg bør prøve å få kommunen med på.
  14. Det har du nok rett i, og for min del lyt folk vere her og bade så mykje dei vil. Det einaste det er snakk om i denne saka for min del er dei få meterane med veg rett framføre hytta mi. Om dei så gjekk rett forbi hytta på baksida så kunne eg absolutt leve med dette. Eg kjem nok med ei oppdatering i denne tråden når eg har sjekka saka med kommunen. Før den tid så kjem eg nok ikkje til å vere så aktiv her, men eg kjem til å fylgje med viss det skulle vere nokon som har spørsmål om ting som kan vere relevante for saka. 🙂 Ha ein fin sumar så lenge, folkens! ☀️
  15. Hei igjen, Tiur3! Kva for ein del av forklåringa mi er det du meiner er feil?
  16. OK, her har eg gjort eit slags forsøk på å lage ei skisse over området - som de sikkert skjønar så var ikkje kunst og forming mine sterke sider på skulen... 😝 Det de ser her er hytta (omtrent midt i biletet), med elva/fossen til venstre. Den grøne merkinga i nedste kant av biletet er stien opp frå hyttefeltet mot hytta vår. Den grøne merkinga i øvste kant av biletet er dei to vanlegaste vegane folk tek når dei skal på tur vidare inn i terrenget, eller opp til det fiskevatnet eg har nemnt tidlegare. (Her kan nemnast som ein parentes at der dei kryssar elva går dei over ei bru som me sette opp på 90-talet (meiner eg å hugse) for eige bruk. Denne brukar me lite no for tida, og eg må innrømme at det freistar å berre fjerne heile greia så dette ikkje fungerer som enno ein "magnet" som trekkjer folk gjennom hyttetunet vårt. Men det er ei anna sak.) Den raude merkinga er den delen av stien som går gjennom hyttetunet vårt, og som me ikkje ynskjer gjennomgangstrafikk på. Den blå merkinga er den nye stien me har rydda og merkt for å prøve å kanalisere folk utanom hyttetunet. Den største utfordringa er kanskje området innanfor den gule ringen, som er den "badeplassen" som folk likar å bruke. Det er etter mitt syn nok av andre fine badeplassar oppover elva òg, men det er no ein gong hit folk søkjer. Eg vil tru dette er grunna fossen og utsikta. Skal ein til dette gule området så er det klårt enklast å gå gjennom hyttetunet, men eg synest no absolutt ikkje det er for mykje å forlange at folk kunne teke den blå ruta for så å svinge ned att. Som de ser så er det ikkje mange meterane med omveg det er snakk om. Eg vonar denne grovskissa kan vere med på å setje ting litt meir i perspektiv. 🙂 (PS: Plasseringa av stiane og merkingane er ikkje 100 % nøyaktig, eg laga denne skissa i full fart og på "frihånd", men det er uansett ikkje mange meterane frå det som er reelt.)
  17. Heisann! Her lyt eg visst kome med nokon presiseringar. 🙂 Eg brukar den nummereringa som ost og Tiur3 har nytta i dei siste par innlegga: 1) ost sin observasjon var korrekt heilt til hyttefeltet kom. Det kan òg nemnast at hytta vår er bygd tidleg på 80-talet, og der var ingen etablert sti i akkurat det området før den tid. Me hadde tidlegare støylsbu nokre hundre meter ifrå denne nye tomta (støylsbua er det no min onkel som eig), og den nye hytta er sett opp på ein del av den tilhøyrande eigedomen (som det er andre slektningar som eig i dag). Der hytta står er det skilt ut ei eiga tomt på cirka 5200 m2 (sjølveigartomt). Der gjekk frå gamalt av sti frå bilveg og opp til den gamle støylen vår (og delar av denne er per i dag merkt som turveg). "Avstikkaren" frå den stien og opp til vår hytte er det vår familie som har opparbeidd etter at hytta kom til. Nokre bygdefolk bruka denne "avstikkaren", samt kanskje ein framand turgåar i året og knapt nok det, men stort sett var det berre vår familie som gjekk her. 2) ost sin observasjon er korrekt, ikkje så mykje meir å leggje til her. 3) Det er ingen ny sti som har blitt opparbeidd, berre folk som har begynt å bruke den stien me etablerte opp til hytta vår på 80-talet. 4) ost har rett. Folk kan bade og gå tur i området generelt så mykje dei berre vil, eg ynskjer berre ikkje trafikken rett forbi veranda og stovevindauge når folk utan større ulempe enn ørlite grann lenger veg kan gå på baksida av hytta. Om hyttetunet vårt skal definerast som innmark eller utmark kan ikkje eg svare for, men frå det eg har sett i denne tråden og lese meg til andre plassar så verkar det klinkande klårt at ein har rett til ei viss privat sone rundt ei hytte. Hadde det her vore snakk om å nekte gjennomfart eller åtgang til eit større område så hadde eg nok lege dårleg an, som Tiur3 seier. Det som det er snakk om er ingenting anna enn å få turfolket til å ta ein ørliten sving så me slepp å sitje på "utstilling" når me sit og et frukost inne i stova. 😉 Eg har ikkje fått teke dette opp med kommunen enno, vert nok tidlegast i neste veke eg får sjans. Eg tenkjer uansett å gjere dette rimeleg snart, samt kontakte velet for hyttefeltet. Så får me sjå kva det vert til. Eg vonar dette kan verke klårgjerande på eit par punkt. Hadde de sett hyttetunet og området rundt hadde nok saka blitt mykje klårare. Eg har ikkje nokon greie bilete som syner dette, men eg skal prøve om eg kan få laga til eit lite oversiktskart som syner ting litt betre, i alle fall. 🙂 Berre sei ifrå viss der er andre punkt som lyt klårgjerast. Ha ein fin dag vidare så lenge!
  18. I forhold til å høyre med kommunen om kva som er lov og ikkje og kva eventuelle tiltak ein kan setje i verk, er det nokon her som ser nokon ulemper med å kontakte dei før ein pratar med ein eventuell advokat, og så heller involvere advokat viss kommunen slår seg heilt vrange? Er det fare for at ein har øydelagt noko for seg sjølv i samband med framtidige diskusjonar/forhandlingar att og fram viss ein ikkje har sjekka ting med ein advokat fyrst?
  19. Godt poeng, det kan tenkjast at eg ikkje treng å gå vegen om advokat/kommune, men at dette er tilstrekkeleg. Me lyt tenkje litt på det. 🙂 Hei, ost! Du har rett i dine resonnement med tanke på geografisk plassering av hytta og i opphavet til/organiseringa av hyttefeltet nedanfor. Så vidt eg veit er det snakk om sjølveigartomter der i feltet, og at hyttefolket driv velet sjølv. Uansett så bør eg nok absolutt prøve å kome i ein dialog med dei, det vil nok vere til stor hjelp for båe partar. Elles er ikkje båtfolk noko problem, så stor er ikkje den elva som renn forbi hytta. 😉 Til hytta vår er det berre til fots ein kjem fram. 🙂 Når det gjeld vegen opp i hyttefeltet så har me fått parkeringsplass der, det var ein del av avtalen då hyttefeltet vart sett opp (andre delar av slekta mi hadde noko eigedom som vart med i hyttefeltet sjølv om me i utgangspunktet ikkje ynskte at der skulle byggjast noko hyttefelt i det heile teke, så då var denne parkeringsplassen ein del av "kompensasjonen" i så måte). Slike ting som det der er eg alltid veldig nøye på, eg vil ikkje skulde andre for å "fuske i faget" viss eg ikkje veit at eg sjølv har mitt på det reine. 🙂 Når det gjeld vedlikehaldet av hytta så ser eg absolutt poenget ditt. Der er ting som heilt klart lyt fiksast på, og me er i full gong med dette. Eg er heilt einig i at viss hytta ser fin ut og vert godt stelt med så vil nok det vere enno ein faktor som aukar terskelen for å vandre gjennom tunet. Uansett så spørs det om ikkje det å opprette kontakt med velet kanskje bør vere fyrste steg for å få i stand ein god dialog. Tusen takk for alle gode innspel! 😃
  20. Takk enno ein gong for alle gode svar og innspel så langt! 👍 Det med bruk av den badeplassen nede med elva som det er snakk om er ikkje den største krisa i denne samanhengen, det er trass alt 20-30 meter unna hytta. Det einaste eg i grunnen vonar å kunne få slutt på er trafikken rett gjennom tunet tett på framsida av hytta. Rekkjefylgja i dette lyt nok bli ein sjekk med advokat fyrst, men som REJOHN seier så lyt vedkommande i så fall ha eit veldig konkret oppdrag for at me skal kunne halde kontroll på kostnadane. Eg har vore i kontakt med advokat eit par gongar før, og har sjølv sett kor fort kostnadane kan "eksplodere" her... Eg får gjere så mykje eg kan av jobben sjølv på førehand, med å finne fram aktuelle paragrafar, kladde litt på kart, og så vidare. Når eg får eit svar frå vedkommande så lyt eg avklåre med kommunen via eit godt formulert brev kva eg kan gjere og ikkje. Eg trur einaste løysing er eit fysisk stengsle i vegen inn til hyttetunet. Slik som eg opplever den typen folk som går rett forbi hytta så kjem ikkje noko slags "hint" til å hjelpe... Ut frå det som tidlegare har blitt referert til i denne tråden angåande privat sone rundt hus/hytter så kan eg ikkje forstå at det ville vere urimeleg med eit stengsle som gjer at folk må gå 10-20 meter utanom hytta. Dette vil ikkje stengje av tilgangen til andre område på nokon som helst slags måte, og vil (etter mitt hovud) berre vere til minimal ulempe for turgåarar. Elles forstår eg på ein del av tilbakemeldingane her at dei skilta eg har sett opp med "privat" akkurat i nærleiken av hytta nok er innanfor lovverket, men at det eg har sett opp cirka 50 meter frå hytta (sjølv om det er innanfor tomtegrensa) kanskje er på/over kanten?
  21. Takk for tipset, herrlarsson, det skal eg hugse på! 👍 Eg har stor sans for slike verneverdige gamle gardsbruk! 😃
  22. Forresten veldig hyggjeleg med så mykje engasjement og gode svar og tips, og ikkje minst vil eg takke for støtte og forståing så langt! Det er gildt å høyre at andre ser problemet vårt, for slik som så mange folk oppfører seg oppe rundt hytta vår så begynte eg nesten å lure på om det var eg som var på jordet... 😒 Greitt å få ein indikasjon om at så ikkje er tilfelle (på dette området, i alle fall)! 😉 Takk for gode historier òg, ein god latter forlengjer kjeften, seier dei! 😄
  23. He he, då kjem eg i hug ei historie frå heimbygda om at nokon tyske turistar hadde slått opp telt under låvebrua til ein i bygda. Då han såg dette så henta han hagla og gjekk ut til teltet. Så lyfte han på teltduken, vifta litt med hagla og sa eit roleg og lågmælt "go away" på skikkeleg "Norwenglish"! 😄
  24. Gildt å høyre at de er einige i tiltaket vårt så langt, Mareng og herrlarsson! 🙂 Jau, me tykte at i staden for å berre framstå som sure og tverre så ville me gjere eit positivt tiltak som kan vere både oss og eventuelle turgåarar til gagn. Me har absolutt vurdert ein port og ein stubb med gjerde, ja. Ein av tankane mine var ein skikkeleg skigard (for høg til å klatre over på ein vitug måte) som går 10-15 meter i det området der stien går inn på hyttetunet, og så ein port med hengjelås inn til sjølve tunet. Då måtte dei i det minste gå på baksida av hytta for å kome forbi. Eg lyt nok sjekke litt med kommunen kva som er kurant og ikkje, ja, så eg har noko å svare viss nokon kjem og hevdar at eg lagar til hindringar for fri ferdsle i naturen. Ja, ein prat med ein advokat med erfaring på området kunne nok vore ein ide. Takk for tipset, Per Fredrik! 🙂 Eg lyt leite litt og sjå om eg kjem over eit høveleg "eksemplar", men viss nokon skulle kjenne til ein god ein så tek eg imot tips med takk! 😉 Ja, §§ 3 og 3 a er absolutt òg relevante! 🙂 Men eg fryktar at det er som du seier, at det juridiske for så vidt er greitt nok, men at det ikkje hjelper så lenge folk ikkje vil respektere verken dette eller alminneleg folkeskikk. Eg har vore innom tanken på å kontakte velforeininga for å få ein god dialog, og igjen så har nok gjerde/port noko for seg. Takk for gode tips! 🙂 Elles trudde eg dette med fri ferdsle i "strandsone" berre galdt ute med kysten, og ikkje langs elvar og vassdrag i innlandet (hytta ligg cirka 14 mil frå næraste kyst)? (Bør kanskje prøve å setje ut rykte om ein mannvond, meterlang bever som vandrar rundt på eigedomen... 😋) Før i tida var det berre kjentfolk som stakk innom, og det var alltid berre hyggjeleg - både bygdefolk og andre kjende er hjarteleg velkomne innom på kaffi kva tid som helst! ☕ Diverre så utgjer ikkje denne gruppa meir enn ein brøkdel lenger... 😞 Der har alltid vore mykje sau rundt hytta, men eg skulle gladeleg levd med tre gonger så mykje sau rundt meg viss eg slapp denne evinnelege folkevandringa rett gjennom tunet! 😝
  25. Hei, folkens! Eg har nokre ting som eg prøvar å finne ut av i samband med allemannsretten og hytte i utmark som eg vonar nokon her kan hjelpe meg å nøste opp i. Lat meg fyrst begynne med å seie at eg på ingen måte er nokon motstandar av allemannsretten – tvert imot, eg har hatt mykje glede av denne sjølv, og eg er sjeleglad for at folk heller tek ein tur ut i Guds frie natur enn å sitje inne framføre ein skjerm. Dette er ein rett me lyt hegne om og ta vare på. Når det er sagt så tykkjer eg nok stundom at det vert litt for mykje fokus på kva rettar ein har i høve til lovverket, og at det vert sagt for lite om pliktene. Eg vonar folk har tolmod til å lese alt eg skriv, då dette nok vert eit rimeleg langt innlegg. 🙂 Eg tykkjer likevel at eg lyt skrive såpass for at eg skal få fram alle aktuelle og relevante moment. Problemstillinga mi er som fylgjer: Me har ei hytte i utmark, som fram til for få år sidan låg 30-40 minutts gangtid frå næraste bilveg. Denne hytta har alltid vore «friplassen» til familien vår, der me reiser for å kople av i ro og fred. Slik har det vore heilt til for nokre år sidan, då det vart etablert eit stort hyttefelt i nærleiken. Hyttefeltet gjer at ein no kjem nærare hytta med bil, så no er det berre 10-12 minutt å gå opp dit. Vidare så er det slik at frå dette hyttefeltet så er der ein oppmerkt tursti til ein fjelltopp i nærleiken. Denne turstien er i periodar sterkt trafikkert av turgåarar. Frå turstien går der ein sidesti som går opp til hytta vår. Denne sidestien er ikkje merkt som tursti (og har ikkje tradisjonelt vore brukt som dette), men det tok ikkje så lange tida før folk begynte å ta denne i bruk. Så langt er for så vidt alt greitt. Problemet vårt er at stien som går opp til hytta vår vert brukt for å kome opp til eit fiskevatn i nærleiken (eller berre for generelt å gå tur i området). Denne stien går rett gjennom hyttetunet vårt, og på grunn av terrenget så vert folk gåande rett forbi hytta vår (og når eg seier «rett forbi» så meiner eg så nær at dei bokstaveleg tala kan leggje handa på verandarekkverket når dei går forbi). Då det i høgsesongane er veldig mykje folk som går denne vegen så har dette blitt særs sjenerande for oss. Det vert ikkje betre av at mange tykkjest meine at det er heilt greitt å stå og kikke inn vindaugo våre, fyre opp bål rett i nærleiken av hytta, forsyne seg med ved frå vedlageret vårt, bade splitter nakne i direkte utsikt frå stovevindauga vårt eller stele ei grillrist for å lage seg mat (alt dette er reelle ting me har opplevd, og noko av det skjer relativt ofte). Eg har mange gonger prøvd å prate med folk som går forbi og bede dei (på ein roleg og høfleg måte) om å i det minste gå på baksida av hytta når dei går forbi. Det svaret eg har fått frå dei fleste er at dei ikkje trudde det var folk på hytta, men dette er som oftast umogeleg å konstatere før ein er på framsida av hytta og kikkar inn stovevindauga, og då er «skaden» allereie skjedd. Etter å ha levd med dette i nokre år så ynskte me no å gjere tiltak for å prøve å avgrense denne ferdsla. Det me gjorde var å lage ein «tursti» på baksida av hytta, der me brukte eit par dagar på å rydde skog og merkje opp med blåfarge (slik som andre turstiar i området er merkte). For dei som skal til det tidlegare nemnde fiskevatnet eller berre generelt gå tur vidare innover heia så er denne nye stien eit både kortare og tørrare alternativ enn å ta vegen rundt hytta vår og vasse gjennom myra på baksida av denne. I tillegg til dette så sette me opp skilt med «privat veg» dei siste 50 meterane eller så frå hytta som ei ytterlegare bevisstgjering i høve til den nye turstien me hadde laga på baksida. (Her bør òg nemnast at hyttetomta ligg på ein plass rett attmed ein foss der det er fin badeplass og god utsikt, noko som gjer at folk trekkjer dit av dei grunnane. Me vona likevel at den nye turstien på baksida, samt dei skilta me sette opp, ville vere med på å bevisstgjere folk på vårt ynskje om privatliv på hytta vår.) Me var på hytta no i helga, og det fyrste som møtte oss var at nokon hadde rive ned det eine skiltet med «privat veg» og hiva det langt til skogs. Ikkje lenge etterpå begynte folkestraumen forbi hytta på same måte som tidlegare (inkludert dei nakenbadarane eg nemnde tidlegare). På veg ned att trefte me nokon som var på veg til å gå forbi hytta, og me spurde dei (igjen heilt roleg og høfleg) om dei kunne vere så greie å gå den nye turstien me hadde laga. Fyrst fekk me eit halvsurt svar om at det ikkje var godt å sjå denne stien (trass i at han er svært godt merkt der han begynner), og deretter ein like halvsur kommentar om at då fekk dei ikkje sett på utsikten utanfor hytta vår på vegen til fiskevatnet. Det vart likevel til at dei snudde og bruka den nye stien. (Det skal seiast at me ser at ein del har brukt den nye stien, men tydelegvis vel mange å berre ignorere han.) Eg tykkjer ikkje noko av dette er noko moro, for både eg og kona mi er i utgangspunktet blide og folkekjære menneske, og eg har liten lyst til å verte oppfatta som «han sure hytteeigaren» (eller som «Gamle Bry’n» for dei av dykk som høyrer på Hellbillies 😉). Problemet er berre at alternativet (i alle fall for oss) er verre, og det er å misse store delar av privatlivets fred på hytta vår, samt å leve med kraftig auka slitasje og anna ugreie som den store trafikken fører med seg. Det eg lurar på er i botn og grunn kva mogelegheiter eg har til i høve til lovverket, både med tanke på kva eg kan seie til folk som argumenterer med allemannsretten i dette høvet og med tanke på kva tiltak eg kan gjere for å hindre denne ferdsla gjennom hyttetunet vårt. Eg har lese grundig gjennom «Lov om friluftslivet (friluftsloven)» utan å verte heilt klok på kva som gjeld i dette høvet og ikkje. Under her har eg lista opp utdrag av enkelte paragrafar, samt dei spørsmåla eg har i høve til desse. Vonleg er det nokon her som har noko å fare med i denne samanhengen: Frå § 1 a: «Som innmark eller like med innmark reknes i denne lov gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker.» Kan hyttetunet vårt, når hytta ligg i utmark, definerast som «gårdsplass»/«hustomt», eller i det minste som «liknende område», og såleis gjelde som innmark? Vil det, ut frå det eg har beskrive ovanfor, vere rimeleg å seie at «almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker» i dette høvet? Frå § 2: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.» Vil det vere rimeleg av meg å hevde at den trafikken og åtferda eg har beskrive ovanfor ikkje skjer «hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet» (mest relevant viss hyttetunet vårt ikkje kan definerast som innmark i høve til § 1 a)? Frå § 8: «Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.» Vil det ut frå denne paragrafen vere rimeleg å vise bort folk som badar i elva rett attmed hytta vår? Er i underkant av 50 meter frå hytteveggen å rekne som kortare enn det ein kan rekne som «rimeleg avstand»? Er ei hytte «bebodd» berre når der er folk, eller gjeld det så lenge hytta er i jamleg bruk (eg ville no til dømes meint at eit bustadhus framleis er «bebodd» sjølv om husfolket er bortreiste på ferie)? Frå § 11: «Enhver som ferdes eller oppholder seg på annen manns grunn eller på sjøen utenfor, skal opptre hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe for eier, bruker eller andre, eller påføre miljøet skade. Han plikter å se etter at han ikke etterlater seg stedet i en tilstand som kan virke skjemmende eller føre til skade eller ulempe for noen. Grunnens eier eller bruker har rett til å vise bort folk som opptrer hensynsløst eller ved utilbørlig atferd utsetter eiendommen eller berettigete interesser for skade eller ulempe.» Vil det vere rimeleg å seie at den framferda eg har synt til over her er som «hensynsløs» eller «utilbørlig atferd» å rekne, og at eg såleis ville kunne vise bort folk frå hyttetunet vårt på bakgrunn av dette? Frå § 13: «Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens utøvelse av allemannsrett. Uten særskilt hjemmel er det ikke tillatt å sette opp skilt eller på annen måte kunngjøre forbud mot ferdsel, opphold, bading eller høsting som er tillatt i denne lov.» Kan nokon ut frå dette hevde at dei skilta eg sette opp på siste delen av vegen inn til hyttetunet med «privat veg» er ulovlege, trass i at eg har laga alternativ sti for turgåarar, og trass i at stien som er merkt som privat berre går til hyttetunet vårt og direkte nærliggande område? Frå § 16: «Blir en eiendom i særlig grad utsatt for almenhetens ferdsel kan kommunen med samtykke av eieren eller brukeren bestemme hel eller delvis sperring av eiendommen, når ferdselen gjør nevneverdig skade på den eller er til vesentlig hinder for den bruk som eieren eller brukeren gjør eller ønsker å gjøre av den.» Er der noko opning i denne paragrafen for at eg kan søkje kommunen om eventuelt å setje opp gjerde eller tilsvarande stengsle for å hindre ferdsle over hyttetunet vårt? Det var det i denne omgang – då lyt eg seie takk til dei som orka å lese så langt! 😃 Eg vonar verkeleg at dette ikkje berre vert oppfatta som klaging og syting frå vår side, det som går føre seg opplevast verkeleg som eit stort problem for oss, og som at hytta og hyttetunet vårt (i alle fall i store periodar av året) er mykje mindre attraktive enn før. Eg understrekar enno ein gong at eg ikkje er ute etter å hindre nokon i å nytte allemannsretten for å ferdast i området generelt, noko som skulle vere bevist av den tilrettelegging me har prøvd å få i stand. Det einaste me ynskjer er å kunne ha normalt privatliv, ro og fred på hytta vår. Ha ein flott dag vidare, og takk for alle svar! 🙂
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.